Helgestilling – Gulen kommune

Health and social care Sykepleier

(3 uker siden)

  • EIVINDVIK
  •  Lagt til dato: 14. april 2024
  •  Expire date: 2. mai 2024
Stillingsbeskrivelse

Published 14-04-2024
Deadline: Unknown

 

Helgestilling

Om stillinga 

Gulen kommune, for tida ved Sone Brekke, Byrknes og Dalsøyra (Sone BBD), har ledig helgestilling, i inntil 20% vikariat, frå snarast til 31.12.24. Stillinga er knytt til avdeling Brekke. 

Vi søkjer deg som er helsefagarbeidar, sjukepleiar og/eller vernepleiar. Andre kan også søkje og verte vurdert for tilsetjing dersom ein ikkje får kvalifiserte søkjarar.

Kommunen har ekstra tillegg på helg – ei ordning som skal evaluerast hausten 2024.

Arbeidsoppgåver 

  • Hjelp og bistand til brukarar med ulike funksjonsnivå
  • Følgje opp dei daglege rutinene i avdelingane
  • Andre oppgåver som måtte kome til

Kvalifikasjonskrav 

  • Autorisasjon som helsefagarbeidar, sjukepleiar eller vernepleiar. Andre utan utdanning kan også søkje og verte vurdert dersom ein ikkje får kvalifiserte søkjarar. 
  • Førarkort klasse B
  • God skrifleg og munnleg framstillingsevne (norsk)

Personlege eigenskapar 

  • Er fleksibel og kommuniserer/samhandlar godt med brukarar, pårørande og kollegaer
  • Vert motivert av å yte gode tenester til brukarane våre, og kan vere med å gje dei ein stabil og god kvardag
  • Bidrar til eit godt arbeidsmiljø
  • Å vere personleg eigna kan verte vektlagt ved tilsetjing

Anna 

  • Kommunen har innført ekstra tillegg på helg – ei ordning som skal evaluerast hausten 2024
  • Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk
  • Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar. For tilsetjing innan pleie og omsorg, PU, i skule og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest.
  • Søkjarar som etter utfylling av eigenerklæring vert pålagt å teste seg for MRSA/TBC, må framlegge negativ test før oppstart.
  • Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjaren høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering.

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Gulen kommune orgnr: 914309506
Kort om arbeidsgiver

Gulen kommune ligg vakkert til ved innløpet til Sognefjorden. Kommunen består av både fjell- og kystlandskap, med 1500 øyer, holmar og skjær, som innbyr til eit aktivt friluftsliv både på land og ved sjøen.

Kommunen har 2230 innbyggjarar, ledige barnehageplassar, og er eit godt oppvekstmiljø for barn og unge. Sjå Gulen kommune for meir informasjon.  

 

Webside https://www.gulen.kommune.no/
Bransje Helse og sosial
Yrke Sykepleier
Sted EIVINDVIK (Adresse: Eivindvikvegen 1119 Postnr: 5966)
Stillingstype Vikariat Deltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist Unknown


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/76c8034a-bdcb-4bcb-96d9-68c9e2c44d55
IMPORTAPI
https://www.jobbnorge.no/ledige-stillinger/stilling/261196