Helsefagarbeidar – Vaksdal kommune

Health and social care Helse

(2 uker siden)

  • DALEKVAM
  •  Lagt til dato: 18. april 2024
  •  Expire date: 12. mai 2024
Stillingsbeskrivelse

Published 18-04-2024
Deadline: 12-05-2024

 

Helsefagarbeidar

Om stillinga

Ein god kollega skal ut i permisjon, og vi søkjer etter deg som vil bli ein ny god og trygg kollega.
Vi har ledig eit 80% vikariat for helsefagarbeidar. Oppstart er snarast og varighet er fram til 09.01.2025, med mogeleg forlenging

Er du sjølvstendig, fagleg trygg og likar i tillegg travle dagar? Då ynskjer vi å høyre frå deg.

Arbeidsoppgåver vil mellom anna vere

  • Stell og pleie med fokus på kvardagsmeistring 
  • Medisinsk oppfølging ut frå kompetanse 
  • Kontakt og samarbeid med pårørande 
  • Andre relevante oppgåver 

Krav til kompetanse

  • Helsefagarbeidar, eller anna relevant helsefagleg fagbrev 
  • Krav om godkjend politiattest 
  • Må ha førarkort klasse B 

Personlege eigenskapar

  • Du likar å arbeide sjølvstendig og å ta ansvar på vakter 
  • Du har gode kommunikasjonsferdigheiter og evnar å samarbeide i eit tverrfagleg perspektiv. Evnar å sjå heilskapen mellom dei ulike avdelingane og arbeidet som vert gjort 
  • Du er fagleg trygg, modig og raus – og evnar å gjere tenesta, tilsette og brukarar gode 
  • Du er påliteleg, stabil og løysingsorientert, med stor evne til gjennomføring    

Vaksdal kommune kan tilby

  • Vi har godt arbeidsmiljø, dyktige folk i tenesta og gode ordningar for vidareutdanning og kompetanseheving 
  • Vi gjev uteljing på lønn for relevant vidareutdanning 
  • Hos oss får du faglege og personlege utfordringar, og du får moglegheit til å utvikle deg saman med oss 
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar 
  • Individuell oppfølging 
  • Løn i tråd med tariffavtaleverk 

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Vaksdal kommune orgnr: 989882201
Kort om arbeidsgiver

Vi tilbyr spanande moglegheiter for utvikling og karriere. Gjennom sitt engasjement bidreg våre tilsette kvar dag til at Vaksdal er ein god kommune å leve, bu og arbeide i. Vi er opptatt av innovasjon og er langt framme på digitalisering. Du finn oss sentralt, mellom Voss og Bergen. Det er enkelt å reisa hit med tog og bil.

Heimesjukepleien har base på Dale, og dekkjer heile kommunen. vi skal leggje til rette for at flest mogleg kan bu lengst mogleg heime.

Det gjer vi gjennom å leggje til rette for eigenmeistring og sjølvstende, ved å byggje på brukaren sine eigne ressursar. Vi har brukarar i alle alderstrinn, og arbeidskvardagen vår er allsidig og spanande. Arbeidsoppgåver er blant anna: Stell og pleie, oppfølging av ernæring og medisinar, gje støtte og vegleiing til brukar og pårørande, kvardagsrehabilitering, omsorg og pleie, palliasjon i heimen, oppfølging med velferdsteknologi.

 

Webside https://www.vaksdal.kommune.no/
Bransje Helse og sosial
Yrke Helse
Sted DALEKVAM (Adresse: Konsul Jebsensgate 16 Postnr: 5722)
Stillingstype Vikariat Deltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 12-05-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/4f49c30a-29c4-4208-b9f5-99c90bd7a710
IMPORTAPI
https://www.jobbnorge.no/ledige-stillinger/stilling/261748