ID 2187 Avdelingsleiar – Langeland skule – Stord kommune

Sales, retail and retail trade Personlig tjenesteyting

(3 uker siden)

  •  Lagt til dato: 30. april 2024
  •  Expire date: 26. mai 2024
Stillingsbeskrivelse

Published 30-04-2024
Deadline: 26-05-2024

 

ID 2187 Avdelingsleiar – Langeland skule

Stordskulen – <> Skulane på Stord skal arbeida for at'alle barn, unge og vaksne får oppfylt retten til ei god, likeverdig og inkluderande utdanning, basert på eit breidt og heilskapleg læringssyn som inkluderer leik, omsorg, læring, utvikling og danning.

Langeland skule med sine omlag 380 elevar og 60 tilsette, er den største av sju barneskular i Stord kommune, og ligg sentralt plassert mellom Leirvik og Heiane. Skulen legg vekt på inkludering, tilpassa opplæring og barnets beste. I tillegg er lesing/språk eit satsingsområde.

Langeland skule har frå august 2024 ledig fast 100% stilling som avdelingsleiar, for tida 1.-2.trinn.

I stillinga må ein, i tillegg til å vera ein del av leiargruppa på den aktuelle skulen, også leia si avdeling og undervisa i delar av stillinga.

Me søkjer ein skuleleiar som

  • vil utvikla og leia ein god skule i samarbeid med elevar, foreldre/føresette, lærarar, andre tilsette og rektor
  • praktiserer relasjonsleiing
  • er resultat- og utviklingsorientert, legg vekt på kvalitetssikring og har evne til å nå dei måla skulen set seg
  • har arbeidsglede, godt humør og gode samarbeidsevner
  • har god kjennskap til lov- og avtaleverk
  • likar leiing og administrasjon
  • har gode IKT-kunnskapar
  • er positiv, initiativrik og strukturert
  • vil skapa eit godt lærings- og arbeidsmiljø
  • involverer seg i skulekvardagen på skulane

Kvalifikasjonskrav

  • Søkjarane må ha pedagogisk utdanning og undervisningserfaring.
  • Kompetanse innan administrasjon/leiing er ein fordel.
  • Me oppfordrar menn til å søka. Kommunen legg til grunn sentralt vedtekne krav om kompetanse.
  • Den som vert tilsett, må leggja fram politiattest, jamfør opplæringslova § 10-9.

Me kan tilby:

  • Varierte arbeidsoppgåver i eit tverrfagleg fagmiljø
  • Godt arbeidsmiljø
  • Stord ve og vel med moglegheit for leige av leilegheiter i Røldal, Husøy med båt og utleige av tilhengarar
  • Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med kommunalt avtaleverk. Stillinga vert løna med utgangspunkt i søkar si utdanning pluss tillegg som avdelingsleiar.

Dersom søkjar ønsker å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom ønske om reservasjon ikkje vert teke til følgje.

Kontaktperson: Elisabeth Aarekol, rektor tlf 53456464/ 9349988

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Stord kommune orgnr: 976672755
Kort om arbeidsgiver

Stord kommune er kommunikasjons- og regionsenter i Sunnhordland, og ligg sentralt mellom Bergen og Stavanger. Stord er ein utviklingsorientert industrikommune med ein maritim sektor som er verdsleiande m.a. når det gjeld å utvikle grøne løysingar. Kommunen har ambisjonar som ein attraktiv vekstkommune under visjonen <>, og har mål om å bli nullutsleppskommune innan 2030. Stord har mange og varierte tilbod innanfor privat og offentleg tenesteyting, handel og undervisning, idrett, kultur og friluftsliv. Kommunen har nær 19.000 innbyggjarar.

Webside
Bransje Salg og service
Yrke Personlig tjenesteyting
Sted (Adresse: Postnr: )
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse 01-08-2024
Søknadsfrist 26-05-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/bdcb4eda-fe05-40e4-8dce-7e9d2be56cd7
Stillingsregistrering