Stillingsbeskrivelse

Published 08-05-2024
Deadline: 31-05-2024

 

ID 931 Ingeniør kart, geodata og oppmåling 100 % fast stilling

Fitjar kommune lyser ut 100% fast stilling som ingeniør innan kart, geodata og oppmåling. Stillinga vil høyra til avdelinga for plan og utvikling, som har ansvar for plan-, byggje-, kart-, matrikkel- og oppmålingssaker. Avdelinga har tre tilsette. Fitjar kommune har lenge kjøpt oppmålingstenester frå eksterne, men ynskjer no å kunna tilby denne tenesta sjølv.

Fast kontorstad for stillinga er Fitjar rådhus. Administrasjonsmålet er nynorsk.

++Arbeidsoppgåver++ vil vera sakshandsaming hovudsakeleg innan kart og oppmåling, m.a.

  • Ajourføring, forbetring og utvikling av kartdatabasane våre
  • Gjennomføring av oppmålingsforretningar
  • Matrikkelføring og handsaming av saker etter matrikkellova
  • Handsaming av delesøknadar etter plan- og bygningslova
  • Digitalisering av eldre arealplankart

Plan og utvikling er ei lita avdeling, og som tilsett her må du rekna med å ta del i oppgåver knytt til byggjesaker og plansaker. Du vil også samarbeida med VA-avdelinga.

Fitjar kommune nyttar Gisline og Gemini VA. Kjennskap til desse programvarene vil vera ein føremon.

++Kvalifikasjonar++

  • Utdanning frå universitet eller høgskule, minimum bachelornivå, der studieprogrammet må vera godkjend som grunnlag for tildeling av landmålarbrev.
  • Det er ynskjeleg at du oppfyller krav til å få landmålarbrev innan 1.1.2026. Dersom du ikkje er autorisert landmålar eller ikkje oppfyller krava til autorisasjon innan utgangen av 2025, ber me om at du opplyser om dette i søknaden. Du må også opplysa om kor mange års praksis du eventuelt har som tilfredsstiller krava etter matrikkelforskrifta § 64b.
  • Kunnskap og erfaring innan GIS, bruk av geodata og landmåling
  • Kjennskap til plan- og bygningslova og matrikkellova er ein føremon
  • Gode norskkunnskapar både skriftleg og munnleg
  • God IKT-kompetanse
  • Førarkort i klasse B og disponera bil
  • Evne til å arbeida sjølvstendig

++Personelege eigenskapar++

  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Serviceinnstilt
  • Evne til å arbeida nøye, sjølvstendig og systematisk
  • Vilje til og interesse for å læra deg dei delane av faget du ikkje kjenner frå før

Personlege eigenskapar vil verta vektlagd.

++Me kan tilby++

  • Spanande og meiningsfylte arbeidsoppgåver innanfor eit viktig samfunnsområde
  • Godt arbeidsmiljø med engasjerte medarbeidarar
  • God offentleg pensjonsordning
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA -verksemd)

Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, lyt det spesifiserast i søknaden og grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Fitjar kommune orgnr: 927321599
Kort om arbeidsgiver

Fitjar er ein øykommune som ligg vakkert til på nordsida av øya Stord i Sunnhordland. Her finn du framleis urørt kystlandskap, ein unik skjærgard med idylliske vikar og omlag 380 øyar, holmar og skjær. På øya er det mange flotte, merka turstiar i som er mykje nytta.

Fitjar er ein framtidsretta kommune med spanande moglegheiter. Kommunen har ca. 3200 innbyggjarar. Gode buforhold, eit levande lokalsamfunn og eit næringsliv i utvikling er viktige grunnsteinar i kommunen vår.

Webside https://www.fitjar.kommune.no
Bransje Bygg og anlegg
Yrke Arealplanlegging og arkitektur
Sted (Adresse: Postnr: )
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Høyere utdanning
Tiltredelse Etter avtale
Søknadsfrist 31-05-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/4a4571dd-56d0-4f24-8588-c9a339df6a86
Stillingsregistrering