Stillingsbeskrivelse

Published 10-04-2024
Deadline: 03-05-2024

 

Inspektør byggetilsynet

  • Har du interesse for bygg og anlegg?
  • Tenkjer du det er betre å førebygge feil enn å reparere etterpå?
  • Er du ein problemløysar?
  • Er du nysgjerrig på korleis regleverk og praksis heng saman?
  • Trivst du med å snakke med andre menneske?
  • Er du ute etter unik og allsidig kompetanse?

 

 

Vi har ledig ei 100 % stilling som inspektør knytt til byggetilsynet, og søker derfor etter ein medarbeidar med byggteknisk, tilsyns- eller anna relevant kompetanse for å fylle denne stillinga. Du blir ein av to inspektørar som dekker byggetilsyn for seks ulike kommunar. Stillinga passar like godt for deg med fersk byggteknisk bakgrunn som treng å bygge opp eit breitt erfaringsgrunnlag, som for deg med lang erfaring og som ønskjer andre utfordringar enn dei du har i dag.

Sogn brann og redning IKS er eit interkommunalt selskap eigd av kommunane Vik, Sogndal og Luster. Vi har vårt hovudkontor i Sogndal. Hos oss jobbar det 14 heiltidstilsette og om lag 90 deltidstilsette fordelt på 6 brannstasjonar.

Førebyggande avdeling har ansvar for tilsyn etter plan- og bygningslova for eigarkommunane, og for kommunane Høyanger, Lærdal og Årdal etter eigen avtale. I tillegg har avdelinga ansvar for tilsyn med om lag 200 særskilte brannobjekt, og feiing/tilsyn med i overkant av 10 000 fyringsanlegg.

 

Du får hovudsakleg desse oppgåvene:

  • Gjennomføre byggetilsyn etter plan- og bygningslova med forskrifter, i nært samarbeid med byggesaksavdelingane i kommunane.
  • Årleg rapportering av tilsynsverksemda i samråd med kommunane.
  • Delta i møter med eigarkommunane og kommunane vi har avtale med etter behov.

 

Kva treng du av kvalifikasjonar:

  • Utdanning som ingeniør frå ingeniørhøgskole, anna relevant universitets eller høgskuleutdanning som arealplanlegging, arkitekt, jordskiftekandidat eller tilsvarande.
  • Fagbrev/fagskule med lang relevant praksis og erfaring frå byggebransjen eller offentleg sakshandsaming vil kunne bli vurdert.
  • Minimum førarkort kl. B.

 

Blir du tilsett utan å tilfredsstille kvalifikasjonskrava må du forplikte deg til å gjennomføre nødvendig opplæring etter tilsetting.

 

Vi legg særleg vekt på:

  • Personleg eigna, engasjert og interessert.

 

Vi legg også vekt på:

  • Relevant praksis.
  • Gode kunnskapar og erfaring med bruk av IT- verktøy.
  • Gode munnlege og skriftlege framstillingsevner. Vi nyttar nynorsk i sakshandsaminga.
  • Evne til å arbeide både i team og sjølvstendig, strukturert og nøyaktig. 
  • Fleksibilitet og evne til å skape gode relasjonar til både publikum og medarbeidarar.

 

Vi tilbyr:

Du kan vente deg meiningsfull, utfordrande og allsidig kvardag i et ope og engasjert miljø. Hos oss kan du opparbeide deg brei kunnskap og erfaring innan både det byggtekniske og branntekniske området. Vi kan tilby fleksibel arbeidstid, løn etter avtale/tariff samt det ypparste av norsk natur som arbeidsområde.

 

Informasjon om stillinga:

Nærare informasjon om stillinga får du hos leiar førebyggande avdeling Torill Anita Segtnan tlf. 47 67 29 72,  eller brann- og redningssjef Vidar Trettenes tlf. 90 03 72 56.

Link til søknadsskjema: Søk her
 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Sogndal kommune Avdeling for førebygging orgnr:
Kort om arbeidsgiver Sogn brann og redning IKS er felles brann- og redningsteneste for kommunane Sogndal, Luster og Vik. Vi dekkjer eit areal på i underkant av 5000km2 og knapt 20 000 innbyggarar. Vi har 5 brannstasjonar, 1 bistasjon og 2 depot og tilsaman 100 tilsette på deltid og heiltid.
Webside
Bransje Uoppgitt/ ikke identifiserbare
Yrke Ikke identifiserbare
Sted SOGNDAL (Adresse: Hovevegen 2 Postnr: 6856)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Høyere utdanning
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 03-05-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/0c934755-ea36-4fc7-a2ce-5c8fc634d99c
IMPORTAPI