Kjøkken og kantine – Voss sjukehus, Helse Bergen

Reiseliv og mat Reiseliv hotell og overnatting

(2 uker siden)

  • VOSS
  •  Lagt til dato: 23. april 2024
  •  Expire date: 12. mai 2024
Stillingsbeskrivelse

Published 23-04-2024
Deadline: 12-05-2024

 

Kjøkken og kantine

Me søkjer etter kjøkken og kantinearbeidar i 50% stilling i vikariat for foreldrepermisjon frå mai 2024 – mai 2025. Det kan vera aktuelt å forlenge vikariatet. 

Arbeidet inneber jobb på dagtid og kveldstid (til kl. 19.00), og har arbeid 3. kvar helg. 

Kjøkkenet produserer og leverer mat til pasientar, pårørande og tilsette ved sjukehuset.

Voss sjukehus er ein del av Helse Bergen HF og har tett fagleg samarbeid med Haukeland universitetssjukehus. Sjukehuset har full akuttberedskap innan medisin, kirurgi, føde, gynekologi og anestesi. Sjukehuset har hatt aktivitetsvekst og ynskjer å fortsetje den positive utviklinga. Opptaksområdet er på om lag 30.000 innbyggjarar, fordelt på seks kommunar. I tillegg kjem det pasientar frå Bergen og kommunar frå Sogn og Hardanger. Voss sjukehus har rundt 400 tilsette.
Voss herad har flott natur som gjev særs gode høve til naturopplevingar og – aktivitetar for born og vaksne innan ei heil mengd ulike idrettar. Ekstremsportsmiljøet er viden kjent gjennom til dømes Ekstremsportsveko. Kulturlivet er rikt og variert, og det er eit godt utbygd skuletilbod med to nye vidaregåande skular. Det er god kommunikasjon vestover til Bergen/ Flesland og austover til Oslo.

Arbeidsoppgåver

  • Tilbereding og produksjon av varm og kald mat
  • Hygiene og mattryggleik
  • Oppvask, rydding og reinhaldsoppgåver
  • Service i kantine ved kjøp og salg av mat og drikke
  • Varemottak
  • Jobb i turnus, med dag, kveld og helgearbeid

Kvalifikasjonar

  • Interesse og erfaring med tillaging/servering av mat
  • Det vert lagt vekt på god kunnskap og erfaring med godt reinhald og god hygiene i alle ledd
  • Kunnskap om ernæring og spesialkostar er ei føremon
  • God på service
  • Evne til å ta initiativ
  • Den som vert tilsett må meistre norsk språk, både skriftleg og munnleg
  • Fagbrev er ynskjeleg, men personlege eigenskapar, erfaring og interesse for faget kan erstatte fagbrev

Personlege eigenskapar

  • Like eit hektisk kjøkkenmiljø
  • Allsidig og ansvarsbevisst med evne til å sjå arbeidsoppgåvene
  • Vera god på samarbeid
  • Evne til å arbeide sjølvstendig
  • Positiv og serviceinnstilt

Vi tilbyr

  • Eit triveleg arbeidsmiljø
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst

Mangfaldserklæring
Vi ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.

Kontaktinformasjon

Kristin Tesdal, Seksjonsleiar kjøkken, 56533605

Arbeidsstad

Sjukehusvegen 16
5700 Voss

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen

Referansenr.: 4804502868
Stillingsprosent: 50%
Vikariat
Søknadsfrist: 12.05.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Voss sjukehus, Helse Bergen orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.

Webside www.helse-bergen.no
Bransje Reiseliv og mat
Yrke Reiseliv, hotell og overnatting
Sted VOSS (Adresse: Sjukehusvegen 16 Postnr: 5700)
Stillingstype Vikariat Deltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Høyere utdanning
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 12-05-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/8eade903-4cab-4170-8b77-ceded6eeb257
IMPORTAPI