Stillingsbeskrivelse

Published 24-04-2024
Deadline: 13-05-2024

 

Kommunikasjonsrådgjevar

Vil du bli vår nye kommunikasjonsrådgjevar?

Trivst du med å arbeide med digital kommunikasjon? Vil du vere med på å utvikle dei interne og eksterne kanalane våre til beste for pasientar, pårørande og tilsette?

Vår noverande nettredaktør er tilsett som opplæringsansvarleg for alle som arbeider med nettsider på norske sjukehus. Kommunikasjonsavdelinga har dermed ledig fast stilling frå 1. september 2024. 

Avdelinga arbeider med ekstern og intern kommunikasjon. Du vert del av eit fagmiljø med fire medarbeidarar som trivst og arbeider godt saman. Helse Førde er ein del av Helse Vest, og du må ta del i samarbeidet med nettredaktørane for dei andre sjukehusa på Vestlandet.

Arbeidsoppgåvene våre dekkjer eit vidt spekter. Vi produserer og publiserer på ei rekkje flater og kanalar, driv opplæring, rådgjeving og tek del i strategisk arbeid.
Helsevesenet arbeider heile tida med å utvikle tenestene og gjere spesialisthelsetenestene meir brukarvennlege. Du blir ein viktig medspelar i dette arbeidet.

Helse Førde er med sine meir enn 3000 tilsette den største arbeidsplassen i Sogn og Fjordane. Kommunikasjonsavdelinga har kontor på Førde sentralsjukehus.

Arbeidsoppgåver

  • Du vil få varierte oppgåver knytt til kommunikasjon og rådgjeving
  • Du vert nettredaktør for Helse Førde sine intranett- og internettsider, med ansvar for innhald, utvikling og opplæring
  • Du må produsere og publisere tekst, bilde og video på eigne nettsider og i sosiale media.
  • Du må vere ein aktiv deltakar i prosjekt- og arbeidsgrupper, samt evne å gje gode råd til medarbeidarar i slike grupper.
  • Du må evne å tenkje strategisk.

Kvalifikasjonar

  • Du må ha relevant utdanning og erfaring frå formidling og kommunikasjonsarbeid.
  • Du må ha gode kunnskapar om digitale formidlingsmåtar og IKT-verktøy.
  • Du må ha solide språkkunnskapar (nynorsk), kunne fotografere og redigere bilde og video.
  • Du må ha førarkort klasse B.

Personlege eigenskapar

  • Vi ser etter ein open og omgjengeleg person som har lett for å komme i kontakt med folk.
  • Du må vere flink til å arbeide strukturert, ta eigne initiativ, samarbeide og tenkje heilskap.

Vi tilbyr

  • Løn etter avtale
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Meiningsfulle og varierte arbeidsoppgåver
  • Fagleg og personleg utvikling i eit triveleg arbeidsmiljø
  • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidslivsbedrift (IA-bedrift)

Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Kontaktinformasjon

Terje Ulvedal, Kommunikasjonssjef, 951 29 355

Arbeidsstad

Svanehaugvegen 2
6812 Førde

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Førde

Referansenr.: 4805613424
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.09.2024
Søknadsfrist: 13.05.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Kommunikasjonsavdeling, Helse Førde orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på over 3,6 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. 

Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønskjer å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.

Webside https://www.helse-forde.no/
Bransje Kultur og kreative yrker
Yrke Journalistikk og litteratur
Sted FØRDE (Adresse: Svanehaugvegen 2 Postnr: 6812)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse 01-09-2024
Søknadsfrist 13-05-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/78c1e3a1-f225-4d82-b7d8-d54c7ad39cab
IMPORTAPI