Kulturskulelærar –  50% fast stilling – Kultur og fritid, Stranda kommune

Education Grunnskole

(2 uker siden)

  • STRANDA
  •  Lagt til dato: 18. april 2024
  •  Expire date: 5. mai 2024
Stillingsbeskrivelse

Published 18-04-2024
Deadline: 05-05-2024

 

Kulturskulelærar –  50% fast stilling

Vi har ledig 50 % fast stilling som kulturskulelærar frå 01.08.24. 

Stillinga er fordelt slik:

15% pianoundervisning
15% gitarundervisning
20% songundervisning

Ein kan søkje på heile eller deler av stillinga. 

Arbeidsstad og oppmøtestad er kulturskulen sine lokale i Stranda sentrum.

Aktuelle søkjarar kan/ vil bli innkalla til intervju. Tilsetting skjer etter gjeldande lover, reglement og tariffavtalar, herunder 6 mnd. prøvetid og 2% pensjonsinnskot.
Vitnemål og attestar skal scannast inn som vedlegg til søknaden. Den som vert tilsett må framvise politiattest av nyare dato.

Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om å ikkje bli ført opp på søkjarliste. Søkjar vert varsla om dette vert gjort. Jf. offentleglova § 25.

Arbeidsoppgåver

  • Undervisning til elevar i alle aldrar og nivå, både individuelt og i grupper
  • Tilrettelegging for eit inspirerande og inkluderande læringsmiljø
  • Utvikling og planlegging av undervisninga
  • Samarbeid med andre lærarar i kulturskulen
  • Bidra til arrangement og konsertar
  • Akkompagnere elevar ved behov

    Kvalifikasjonar

    • Relevant utdanning frå universitet eller høgskule
    • Praktisk-pedagogisk utdanning (PPU). Lang og relevant erfaring frå fagområdet kan kompensere for utdanningskravet
    • Erfaring frå undervisning i kulturskule eller liknande arbeid
    • Gode kommunikasjonsevner
    • Gode ferdigheiter i norsk språk, skriftleg og muntleg
    • Evne til å motivere og inspirere elevar
    • Praktisk kompetanse i grunnleggande besifringsspel
    • Gyldig førarkort for personbil og disponere eigen bil
    • Personlege eigenskapar vil bli vektlagt

    Vi tilbyr

    • Kulturskulen disponerer tenlege og moderne lokale ved Storfjord Kulturhus i Stranda sentrum
    • Rammeplan for Kulturskulen «Mangfald og fordjuping» er vedteken i Stranda. Den som vert tilsett vil verte aktiv medspelar for implementering av rammeplanen i Kulturskulen.
    • Felles møtestid på Kulturskulen kvar veke
      Stor fridom og stort ansvar. Gode moglegheiter for faglege utfordringar og utvikling, åleine og i samarbeid med kollegaer.
    • Stranda kulturskule ønskjer å tilby «familievenlege» arbeidstider der så mykje som mogleg av arbeidstida vert lagt til dagtid (før kl. 17:00). Noko arbeid på kveldstid/helg må likevel påreknast.
    • Lønn og rettar etter gjeldande avtaleverk
    • I stillinga har du rett på ein av Norges sikraste pensjonsordningar. Der dei fleste tenestepensjonar kun vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varer fra den dagen du sluttar å arbeide og livet ut. Pensjonen inkluderar også uføre- og etterlattepensjon om noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i KLP får du medlemspris og gunstige betingelsar på ei rekke bank, forsikring og spareprodukt

    Offentleg tenestpensjon

     

    Kontaktinformasjon

    Evgenii Zhukov, Fagleiar, 46411055, evgenii.zhukov@stranda.kommune.no

    Arbeidsstad

    Øyna 13
    6200 Stranda

    Nøkkelinformasjon:

    Arbeidsgivar: Stranda kommune

    Referansenr.: 4800053865
    Stillingsprosent: 45%
    Fast
    Startdato: 01.08.2024
    Søknadsfrist: 05.05.2024

     

     

    DIVERSE INFO

    Arbeidsgiver Kultur og fritid, Stranda kommune orgnr:
    Kort om arbeidsgiver Stranda kommune med bygdene Stranda (kommunesenter), Hellesylt, Geiranger og Liabygda ligg på indre Sunnmøre, ca. 1 times reisetid frå Ålesund. Kommunen har ca.4.600 innbyggjarar, eit variert næringsliv med høg sysselsetting, godt utbygd barnehage- og skuletilbod inkl. 2 vidaregåande skular, eit aktivt idretts- og foreiningsliv og gode vilkår for friluftsliv sommar og vinter. Vi har det største skisenteret på Nordvestlandet, regionalt kulturhus og  treningssenter. Les meir
    Webside https://www.stranda.kommune.no
    Bransje Utdanning
    Yrke Grunnskole
    Sted STRANDA (Adresse: Øyna 13 Postnr: 6200)
    Stillingstype Fast Deltid Antall stillinger: 1
    Sektor
    Krav Høyere utdanning
    Tiltredelse 01-08-2024
    Søknadsfrist 05-05-2024


    Kilde: NAV stillingsannonser
    https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/cd100282-c92e-4b05-a8bd-f2cee9b863c0
    IMPORTAPI