Stillingsbeskrivelse

Published 22-04-2024
Deadline: 19-05-2024

 

Ledig årsvikariat som rektor/driftssjef i 100% stilling frå hausten 2024

Svelgen oppvekst har ledig eit årsvikariat som rektor/driftssjef i 100 % stilling frå 01.08.24-31.07.25. Som driftssjef ved Svelgen oppvekst vil du ha det overordna ansvaret for Langeneset barnehage, Svelgen barnehage og Svelgen skule. Leiinga ved Svelgen oppvekst består av driftssjef, fagleiar skule og fagleiar barnehage. Den som vert tilsett må vere handlekraftig og god til å sette seg inn i dei allsidige arbeidsoppgåvene ei oppvekstleiarstilling inneber.

Vi søker etter ein driftssjef som har evne til å skape tillit, motivere og inspirere og som har stor arbeidskapasitet. Du må ha godt humør og vere ein pådrivar i skulen sitt utviklingsarbeid både fagleg og sosialt i tråd med sentrale og lokale mål. Du må ha evne til å vere sjølvstendig, ansvarleg og fleksibel, samtidig som du er god på samarbeid og kommunikasjon.

Arbeidsoppgåver

  • Fagleg og administrativ leiing av oppvekstsenteret
  • Økonomistyring og rapportering
  • Leie og vidareutvikle barnehagane og skulen som ei pedagogisk og lærande verksemd i tråd med lovverk og kommunen sine planar og satsingar
  • Skape god relasjon med barn, foreldre og tilsette
  • Bidra til kompetanseutvikling på eiga eining og i samarbeid med andre instansar i kommunen
  • Strategisk leiing og planlegging
  • Tverrfagleg samarbeid om barn sin oppvekst og utvikling

Kvalifikasjonar

  • Pedagogisk utdanning frå høgskule eller universitet, minimum bacelorgrad
  • Erfaring som skoleleiar/barnehageleiar eller minimum 3 års undervisning/pedagogisk erfaring
  • Erfaring frå og kunnskap om offentleg forvaltning
  • Erfaring frå sakshandsaming og politiske prosessar
  • Gode kommunikasjonsferdigheiter på norsk, både munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

  • Resultat- og utviklingsorientert, innovativ, engasjert, synleg og tillitsvekkande
  • Ha gode samarbeidsevner og evne til «å gjere andre gode»
  • Ha arbeidsglede og godt humør
  • Ha god rolleforståing
  • Vere sjølvstendig, trygg og løysingsorientert
  • Vere strukturert og ryddig
  • Evne til å prioritere mellom mange oppgåver
  • Vere utadretta og god til å bygge relasjonar
  • Ha gode gjennomføringsevner

Det vert lagt stor vekt på personlege eigenskapar.

Vi tilbyr

  • Eit godt arbeidsmiljø der du vil møte gode kollegaer med godt humør og stå på vilje
  • God pensjon og gode lånevilkår gjennom medlemskap i Statens Pensjonskasse. SPK.no – Statens pensjonskasse for undervisningspersonale og KLP.no – Kommunal Landspensjon for andre.  Ordningane ein får tilgang på kan bety mykje gjennom livsløpet.
  • Gode personforsikringar i arbeid og fritid
  • Gode moglegheiter for vidareutdanning, fagleg og personleg utvikling. Etter nærare avtale kan etter- og vidareutdanning gjennomførast med kompensasjon frå arbeidsgivar
  • Arbeidsgjevar dekker kostnadar til arbeidsklede, jf. lokal avtale
  • Senioravtale for tilsette over 62 år.  Undervisningspersonale får 100 % løn med 80 % arbeidstid.  Andre tilsette får 2 ekstra veker fritid, dvs totalt 8 veker ferie og fritid!
  • Mentorordning for nyutdanna undervisningspersonalet, god opplæring og oppfølging til nytilsette
  • Tilsette i turnusordning får vere med på planlegging av si eiga arbeidstid og fritid. Kan vere muleg med langvakter
  • Rekrutteringstilskot til nyutdanna sjukepleiarar og vernepleiarar med kr. 30.000,-  pr år inntil 10 års ansiennitet
  • Hjelp til å finne bustad og barnehageplass
  • Frå hausten 2024 er barnehageprisen 1500 kr per månad, for barn nummer to vert det gjeve 30% søskenmoderasjon av betalingssatsen, for det tredje barnet og eventuelt fleire barn vert det gjeve 100% søskenmoderasjon av betalingssatsen. Løpande barnehageopptak gjennom året!
  • Gratis 12 timar SFO i veka for 1-2 klasse
  • Sjå ledige bustadtomtar i kommunen
  • Tilskot til bustadbygging Tilskotet er sett til kr 200 000 for bustadhus og kr 50 000 for kjøp av nybygt bustad i fleirbustadbygg

Kontaktinformasjon

Sindre Myklebust Fjeld, Driftssjef Svelgen oppvekst, +47 46806321

Arbeidsstad

Gunnar Scheldrups veg 31
6723 Svelgen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Bremanger kommune

Referansenr.: 4803860410
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 01.08.2024
Sluttdato: 31.07.2025
Søknadsfrist: 19.05.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver f.t. ved Svelgen Oppvekst, Bremanger kommune orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Bremanger kommune er ein kystkommune i Vestland fylke med ca. 3.500 innbyggjarar. Kommunen har full barnehagedekning, trygge oppvekstvilkår og eit rikt kulturliv.
Her er variert natur med gode tilhøve for eit aktivt friluftsliv. Meir informasjon om kommunen finn du på www.bremanger.kommune.no

 

Webside http://bremanger.kommune.no
Bransje Kontor og økonomi
Yrke Ledelse, administrasjon og rådgivning
Sted SVELGEN (Adresse: Gunnar Scheldrups veg 31 Postnr: 6723)
Stillingstype Heltid Antall stillinger: 1
Sektor
Krav Høyere utdanning
Tiltredelse 01-08-2024
Søknadsfrist 19-05-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/ae72f7a5-940a-4ebb-bbe7-ed9a85b8bf08
IMPORTAPI