Stillingsbeskrivelse

Published 07-05-2024
Deadline: 23-05-2024

 

Lege i spesialisering Barnesjukdommar

Vi har ledige stillingar for lege i spesialisering innan barnesjukdommar!

  • 1 x 100% vikariat frå 01.09.24 – 01.07.25
  • 1 x 100% vikariat frå 01.09.24 – 28.02.25 
  • 1 x 100% vikariat frå 01.06.24 – 31.12.24
  • 4 x 100% vikariat frå 01.09.24 – 31.12.24

Alle vikariata har mogelegheit for forlenging.

Avdeling for barnemedisin og habilitering har ansvar for barnemedisinske pasientar frå GA 26 veker – 18 år i heile fylket. Vi har spesialistar som dekkjer alle subspesialitetar innan barnesjukdomar. Avdelinga har til saman seks seksjonar som er lokalisert i Ålesund, Molde og Kristiansund.

I Ålesund finn ein sengepost for barn og ungdom, nyfødd intensiv, dagbehandling og poliklinikk for barn og ungdom og habiliteringseining. Avdelinga i Ålesund er lokalisert i eit eige bygg og er organisert som eit barnesenter. Vi har her tre vaktsjikt: primærvakt, generell bakvakt og tertiærvakt for neonatolog. Primærvakt er for tida 8-delt, generell bakvakt 8 delt og tertiærvakt nyfødtmedisin 5 delt. 

Du er velkomen som søkjar.

Arbeidsoppgåver

  • Delta i avdelinga si gjeldande vaktordning
  • Delta i dagleg postarbeid og poliklinikk

Kvalifikasjonar

  • Søkjarar må ha norsk autorisasjon som lege
  • Godkjent del 1 av spesialistutdanninga (LIS 1) eller turnusteneste etter gammal ordning
  • Mestre norsk språk, både skriftleg og muntleg

Personlege eigenskapar

  • Du har gode evner til tverrfagleg samarbeid og samhandling med kollegaer og samarbeidspartnarar

Vi tilbyr

  • Eit triveleg arbeidsmiljø
  • Høgt fagleg nivå
  • Fokus på god spesialistutdanning
  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Det kan bli aktuelt med rotasjon til andre sjukehus i foretaket for å oppnå læringsmål knytt til spesialistutdanninga slik det framgår av offentleg utdanningsplan. Dette vil også framgå av din individuelle utdanningsplan. 

Attestert tenestebevis frå tidlegare arbeidsgjevar, og ev. anna relevant dokumentasjon må leggast ved søknad på stilling som Lege i spesialisering. 

Kontaktinformasjon

Christine Vaksdal Nilsen, Seksjonsleder (lege), +47 70 16 76 45, Christine.Vaksdal.Nilsen@helse-mr.no

Arbeidsstad

Åsehaugen 1
6017 Ålesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF

Referansenr.: 4812312745
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 01.09.2024
Søknadsfrist: 23.05.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Legar barn og ungdom Molde og Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Sjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. Nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal  er under bygging på Hjelset i Molde kommune, og skal stå klart for innflytting våren 2025. I Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.

Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal 

 

Webside http://www.helse-mr.no
Bransje Helse og sosial
Yrke Lege
Sted ÅLESUND (Adresse: Åsehaugen 1 Postnr: 6017)
Stillingstype Vikariat Heltid Antall stillinger: 7
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse 01-09-2024
Søknadsfrist 23-05-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/e3af4c02-05f4-46b4-b1e9-9d9828c3217e
IMPORTAPI