Stillingsbeskrivelse

Published 16-04-2024
Deadline: 12-05-2024

 

Lege i spesialisering revmatologi

Seksjon for revmatologi og hud ved Ålesund sjukehus har ledig to vikariat for lege i spesialisering i revmatologi!

Dato for tilsetting kan avtalast nærmare. Ved intern omrokkering, kan fleire vikariat verte ledig.

Revmatologi er eit fantastisk interessant fag som kombinerer praktiske prosedyrer (m.a ultralyd av kar, nerver, ledd/leddinjeksjoner), samt indremedisinsk puslespill-legging på eit komplisert immunologisk bakteppe. Vi søker deg som ønskjer ein variert og spennande kvardag, og som vil vere med og utvikle revmatologi-faget vidare saman med gode og engasjerte kollegaer.
Supervisjon og veiledning er satt i system der overlege alltid er tilgjengeleg. Vi har fått gode tilbakemeldingar frå spesialitetskomiteen i revmatologi for måten vi driv opplæring og oppfølging på. Vi har ein fylkesdekkande funksjon og er den einaste revmatologiske avdelinga i Møre og Romsdal fylke.

Vi tek oss av pasientar med artrittsjukdommar, bindevevssjukdommar og vaskulittar. Avdelinga har sengepost med 2 senger og poliklinikk, og har tilknytta legar, sjukepleiarar, fysioterapeut, ergoterapeut og helsesekretærar. I revmatologisk avdeling Ålesund har vi eit stort fagleg engasjement på både nasjonalt og internasjonalt nivå. Vi har i over 10 år bidrege i store multisenterstudiar, som har gitt pasientar moglegheita til å ta i bruk det siste og nye av behandlingsmetodar. 

Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.

Arbeidsoppgåver

  • Lege i spesialisering rullerer mellom sengepost og poliklinikk

Kvalifikasjonar

  • Godkjent del 1 av spesialistutdanninga eller turnusteneste etter gammal ordning
  • Legar som har erfaring frå almennpraksis, og som er i behov for 1 års praksis frå spesialisthelsetjenesta vert oppmoda til å søke

Personlege eigenskapar

  • Du liker å arbeide sjølvstendig samtidig som du støtter deg til erfarne kollager
  • Du er ansvarsbevisst
  • Du er fleksibel og samtidig strukturert
  • Du har gode samarbeidsegenskaper
  • Du bidreg til eit godt arbeidsmiljø

Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre
utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt
kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og
oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre
deg.
Les meir om Ålesund og omland her.

Kontaktinformasjon

Ida Grøtta Barstad, Seksjonsleiar, 70105458, Ida.Grotta.Barstad@helse-mr.no
Hallvard Fremstad, Medisinsk ansvarlig overlege revmatologi, 906 97067, Hallvard.Fremstad@helse-mr.no

Arbeidsstad

Åsehaugen 5
6017 ÅLESUND

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF

Referansenr.: 4798375509
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 02.09.2024
Sluttdato: 31.08.2025
Søknadsfrist: 12.05.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Revmatologi og hud, Helse Møre og Romsdal HF orgnr: 974747138
Kort om arbeidsgiver

Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Sjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. Nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal  er under bygging på Hjelset i Molde kommune, og skal stå klart for innflytting våren 2025. I Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.

Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal 

 

Webside http://www.helse-mr.no
Bransje Helse og sosial
Yrke Lege
Sted ÅLESUND (Adresse: Åsehaugen 5 Postnr: 6017)
Stillingstype Vikariat Heltid Antall stillinger: 2
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse 02-09-2024
Søknadsfrist 12-05-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/d0263d08-05ef-43b9-928b-d1208343b3f2
IMPORTAPI