Miljøarbeidar – Tysnes kommune

Industri og produksjon Andre hjelpearbeidere

(3 uker siden)

  • TYSNES
  •  Lagt til dato: 11. april 2024
  •  Expire date: 5. mai 2024
Stillingsbeskrivelse

Published 11-04-2024
Deadline: 05-05-2024

 

Miljøarbeidar

Er du ein person som ser muligheter og har godt humør? Ønskjer du ein meiningsfull jobb med personar med utviklingshemmingar?  

Vågsmarka bufellesskapa har døgnbemanning. Me yte praktisk bistand, har fokus på å ivareta ADL ferdigheiter og tenestemottakar sine grunnleggande behov, i tillegg til å  legge til rette for sosial deltaking og aktivitet.

I Vågsmarka bufellesskap har me ulik fagkompetanse og alderssammensetning. Me opptatt av å skape eit inkluderende arbeidsmiljø, der alle er med og bidrar. Me yt dei beste tenestene når me trivast på jobb!

No søkjer me etter ein miljøarbeidar/helsefagarbeidar som kan bli en del av vårt positive team. Stillinga innebær to-delt turnus og arbeid kvar tredje helg.

Arbeidsoppgåver

  • Gi bistand i alle dagliglivets gjøremål.
  • Individuell oppfølging tilpassa brukers behov.
  • Samarbeid med faglederne, pårørende/verge og andre.
  • Legemiddelhåndtering.
  • Delta i fagmøter og andre kompetanseaukande tiltak.
  • Følgje opp miljøpermer og prosedyrar.
  • Heilskapleg pleie, omsorg og oppfølging av brukarane.

Kvalifikasjonar

  • Miljøarbeidar med helsefagarbeidarutdanning.
  • Dersom me ikkje lukkast å rekruttere rett kompetanse, kan me vurdere tilseting for eit år.
  • Sertifikat kl. B.
  • Medisinhandtering er ikkje eit krav, men bonus om du har det. 
  • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.
  • God datakunnskap, kjennskap til journalsystemet CosDoc vil vera ein fordel.
  • Den som vert tilsett må leggja fram politiattest etter lov om helsepersonell § 20a.
  • Personlege eigenskapar vert tillagt stor vekt.

Personlege eigenskapar

  • Profesjonell tilnærming til arbeidet og evne til å anvende kunnskap i praksis.
  • Engasjert, ansvarsfull og arbeidar målretta med bebuarintervensjonar og oppfølging av desse.
  • Tillitsfull,  fleksibel, initiativrik og oppteken av å bidra til godt samarbeid med bebuarar, kollegaer og pårørande.
  • Trivast med utfordringar, og er løysingsfokusert.
  • Ønskjer å bidra til eit positivt og godt arbeidsmiljø.
  • Personlege eigenskapar vert tillagt stor vekt.

Vi tilbyr

  • Fast 100 % stilling.
  • Varierte og spanande arbeidsoppgåver med moglegheit for å påverke og utvikle tenesta.
  • Eit tverrfagleg miljø i bufellesskapet, med engasjerte kollegaer.
  • Løn etter regulativ.
  • Gode pensjonsordningar gjennom KLP.

 
Mangfaldserklæring

Tysnes kommune ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Me oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Me ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering. 

Kontaktinformasjon

Benedicte Lundevold, Avdelingsleiar Vågsmarka bufellesskap, 97 64 89 65
Margrete Klemmetsby, Einingsleiar open omsorg, 95 70 95 13

Arbeidssted

5680 Tysnes

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Tysnes kommune

Referansenr.: 4798449382
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.07.2024
Søknadsfrist: 05.05.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Tysnes kommune orgnr: 976830849
Kort om arbeidsgiver

Draumen om livet på landet, finn du på Tysnes!

Tysnes er ein sentralt øykommune sør for Bergen, og om du spør oss: verdas beste kommune å veksa opp i!

Når me tel med store og små, er me i dag omlag 2900 godlyndte innbyggjarar i Tysnes. Tysnes kommune har ca. 330 tilsette innan helse- og omsorg, skule og barnehage, tekniske tenester og offentleg administrasjon. Me er oppteken av å skapa gode arbeidsplassar og gjere Tysnes til ein god stad å leva og bu i.

Tysnes er ein hjarteforma kommune nord i Sunnhordland. Perfekt for deg som er på jakt etter ein roleg og eventyrleg livsstil. Me har kort veg til kringliggande byar, og me trur du vil bli overraska over kor mykje kystkommunen har å tilby.

Me har flotte badeplassar og skianlegg på fjellet, frodig natur og skiftande landskap. Frå høgfjell til idylliske hamner, med gode moglegheiter for friluftsliv.

Eit rikt lags- og organisasjonsliv gjer eit variert fritidstilbod til både vaksne og unge. Småskalaprodusentar byr på ekte og økologiske smaksopplevingar. Øya byr på eit riktig kulturliv gjennom heile året, med Tysnesfest om sommaren som den største.

Sentralt plassert, men likevel langt nok unna kjaset og maset til bylivet. Det betyr at du kan nyta frisk luft, kulturelle storhendingar og avslappande ro. Med uendelege høve til å utforska fjell og fjord, er Tysnes den perfekte staden å kalla heim.

Webside http://www.tysnes.kommune.no
Bransje Industri og produksjon
Yrke Andre hjelpearbeidere
Sted TYSNES (Adresse: Postnr: 5680)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse 01-07-2024
Søknadsfrist 05-05-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/35eb3fd0-d7ea-443c-933a-be81f25b8be1
IMPORTAPI