Økonom i Solund kommune – Solund kommune Stab

Kontor og økonomi Bank finans forsikring

(2 uker siden)

  • HARDBAKKE
  •  Lagt til dato: 18. april 2024
  •  Expire date: 31. august 2024
Stillingsbeskrivelse

Published 18-04-2024
Deadline: 31-08-2024

 

Økonom i Solund kommune

Kvardagen har eit anna tempo når du bur på ei øy utan fastlandsforbindelse. Som oftast er det eit meir behageleg tempo, unntaket er når du skal rekke ferja. Lengst vest i Sognefjorden ligg det nokre slike øyer som til saman utgjer Solund kommune. Dei har 753 innbyggjarar, ca. 140 kommunalt tilsette og rundt 100 millionar i frie disponible inntekter i året.

Sjølv om vi er ein liten kommune er krava som vert stilt til oss dei same som krava som vert stilt til alle andre kommunar. Vi skal lage budsjett- og økonomiplanar, levere årsrekneskap og årsmelding, fylgje og utvikle kommunen sitt eige finans- og økonomireglement, støtte einingsleiarar med økonomiarbeid og alt anna som ligg til eit kommunalt økonomikontor. Sjølv om kvardagen er roleg kan arbeidsdagen være hektisk, særleg i november og februar. Og rettleiaren til kontoplanen i KOSTRA er framleis på 285 sider.

Solund kommune søkjer etter økonomirådgjevar til å leie det faglege arbeidet ved økonomikontoret. Økonomikontoret er ein del av kommunedirektøren sin stab og leverer økonomitenester til heile den kommunale organisasjonen.

Som økonomirådgjevar vil dine arbeidsoppgåver blant anna vere:

  • Leie arbeidet med budsjett- og økonomiplan i kommunen, i samråd med kommunedirektøren
  • Leie arbeidet med årsrekneskapen
  • Fagleg ansvar for økonomikontoret, inkludert fagsystema
  • Rådgjeving på økonomiområde til leiarar med budsjettansvar
  • Handsame saker på økonomiområdet til politiske organ

Kvalifikasjonar:

  • Minimum 3-årig relevant høgare utdanning
  • Relevant arbeidserfaring kan kompensere for manglande formell utdanning
  • Erfaring frå arbeid med budsjett- og økonomistyring, helst frå kommunal sektor
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • Erfaring med økonomisystemet Visma vil vere ei føremon

Sidan det vert nokre arbeidstoppar gjennom året er det viktig at du er strukturert og har god arbeidskapasitet. Då vi er få tilsette er samhandling og ditt bidrag til eit positivt arbeidsmiljø særs viktig. Og skal du saman med dei flinke kollegaene dine utvikle økonomiområdet i Solund kommune vidare framover må du være fagleg engasjert. 

Vi tilbyr:

  • Variert, tverrfagleg samarbeid
  • Tilsetjing på kommunale vilkår som rådgjevar i kapittel 5.
  • Tilsnakk om du er sistemann ut frå lunsjen og gløymde å sette på oppvaskmaskina
  • Rettleiing, kurs og kompetanseheving
  • Fleksitid og moglegheit for delvis heimekontor
  • I denne stillinga har du rett på ei av Noregs sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre utbetalast i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varer frå den dagen du sluttar å jobbe og livet ut. Les meir om medlemsfordelane i KLP her. 

Solund kommune står i ei spanande tid der det vert gjennomført store investeringar både av kommunen sjølv og andre. Så om du har lyst å få mykje ut av kvar krone og å hjelpe oss med å levere gode tenester og lande store investeringar har vi ein ledig pult til deg. Pulten er plassert på økonomikontoret og på nabokontora sit erfarne og flinke kollegaer som ser fram til å få deg med på laget. Også i nabokommunane sit der flinke og erfarne folk som vi har eit godt samarbeid med. Dei jobbar i Visma og skriv på nynorsk. Vi kan også love korte liner for avgjersler og nært samarbeid med kommunen sin øvste administrative og politiske leiing.

Om dette verkar spanande og du har relevant utdanning eller erfaring, slå gjerne på tråden til Amund. Han gler seg til å høyre frå deg!

Vi gjer merksam på at søkjarliste er offentleg informasjon. Du kan be om at namnet vert unnateke offentlegheit, men då må du grunngje dette skriftleg, jf. § 25 i offentleglova. Om kommunen ikkje kan innvilge søknaden, vil du bli varsla før søkjarlista vert ferdigstilt.

Solund kommune har vurdert marknadsføring av stilling, og ynskjer berre kontakt med søkjarar.

Link til søknadsskjema: Søk her
 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Solund kommune Stab orgnr:
Kort om arbeidsgiver Solund er eit øyrike ytst i Sognefjorden. Vi har gode kommunikasjonar til fastlandet, inkl. hurtigbåt til Bergen.

Sjøen er ein del av både sjela og landskapet i Solund. Aktivitetar knytt til sjøen er mange og rett utanfor døra, enten det er båtliv, kajakkpadling eller fiske. I nybygde Solund Idrettspark finn du kunstgrasbane, friidrettsanlegg, skatepark, klatrepark, discgolfbane og nytt treningsstudio. Vi har òg idrettshall med symjebasseng, eit aktivt skyttarlag, idrettslag, karateklubb, turlag, skulemusikk, kulturskule og mykje meir. Merka turstiar finn du rundt om i heile kommunen.

I Solund investerer vi for framtida. I løpet av dei neste åra skal vi bygge ny ungdomsskule, binde saman kommunen ved å realisere Ytre Steinsund bru og fortsette utbygginga av breiband.

Klikk på lenkja for å sjå ei film om det flotte øyriket vårt: http://www.youtube.com/watch?v=E3RbqQhfrQQ

Webside
Bransje Kontor og økonomi
Yrke Bank finans forsikring
Sted HARDBAKKE (Adresse: Hardbakke 26 Postnr: 6924)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 31-08-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/5a24ac5d-d7da-4455-b5f5-5e5cf15505cd
IMPORTAPI