Stillingsbeskrivelse

Published 17-04-2024
Deadline: 21-05-2024

 

Organist 70% kan aukast til 100% med tilleggsoppgåver

Strand kyrkjelege fellesråd

Det er ledig stilling som

ORGANIST

70 % stilling i Strand kyrkjeleg Fellesråd med hovudteneste i Jørpeland sokn.

Stillinga kan aukast til 100% og kan då omfatte tilleggsoppgåver innafor trusopplæring, skriv gjerne noko om kva du kan bidra spesielt med innan trusopplæring.

Søknadsfrist: 21.05.2024.

Strand ligg i Ryfylke, aust for Stavanger. Jørpeland er kommunesentrum med ca 7.000 innbyggarar og har bystatus. Det er over 13.500 innbyggarar i heile kommunen.

Kommunen har eit aktivt kultur-, kyrkje- og foreiningsliv. Me har vakker natur med fjell og fjord. Det tar ca. 25.min å køyre til Stavanger.

Det er 2 sokn og 3 kyrkjer i Strand kommune – Jørpeland kyrkje (1969) med elektronisk Allen-orgel (2000) – og flygel. Strand kyrkje (1874) med pipeorgel frå 1989 med 15 stemmer – og piano og Tau kyrkje (2021) med flygel.

Det er 14 tilsette, medrekna 2 organistar til saman i begge sokn.

Stillinga medfører hovudansvar for Jørpeland sokn, og kontorplass i Jørpeland kyrkje — men verkeområde i heile fellesrådsområdet.

Me søkjer ein kreativ og allsidig musikar som kan spele både orgel og piano, har interesse for kyrkjelydsarbeid og god evne til samarbeid.

Stillinga omfattar m.a.:

  • Fagleg og musikalsk ansvar ved gudstenester, gravferd og vigsler.
  • Samarbeid i team med dei andre tilsette og frivillige medarbeidarar med planlegging og gjennomføring av gudstenester og andre kyrkjelydsarrangement.
  • Korarbeid, forsangergrupper/band og anna musikkrelatert arbeid opp mot ulike aldersgrupper.
  • Medverknad til å utvikle eit variert song- og musikkliv i kyrkjelyden.

Me søkjer ein person som:

  • Har min. 3-årig musikkutdanning frå høgskule/universitet. Anna relevant utdanning kan bli vurdert.
  • Er personleg eigna til stillinga
  • Meistrar skriftleg og munnleg norsk
  • Er medlem i Den norske kyrkja

Tiltreding: 01.08.24

Lønn etter gjeldande tariffavtale. Pensjonsordning i KLP.

Politiattest må leggjast fram ved tilsetting.

Opplysningar om samlivsform vil kunne bli innhenta og vektlagt ved tilsetting.

Søknadsfrist: 21.mai

For meir opplysningar ta kontakt med kyrkjeverje Øystein Marton Lode. Sentralbord tlf: 51 74 11 30/41 25 83 84

Søknad på e-post til kyrkja@strand.kommune.no

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Strand Kyrkjelege Fellesråd orgnr: 977010446
Kort om arbeidsgiver

Strand kyrkjelege fellesråd er arbeidsgivar for dei ansatte (utanom prestane) både på Jørpeland og Tau, og ordner dei praktiske rammene rundt arbeidet . Les meir på nettsida, som spesielt presenterer arbeidet på Jørpeland og har lenke til fellesrådet.

Webside https://www.xn--jrpeland-menighet-00b.no/
Bransje Kultur og kreative yrker
Yrke Musikk/lyd, foto og video
Sted (Adresse: Postnr: )
Stillingstype Fast Deltid Antall stillinger: 1
Sektor Privat
Krav Høyere utdanning
Tiltredelse 01-08-2024
Søknadsfrist 21-05-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/d11e5697-9df7-4994-b2e1-bc5e7610440f
Stillingsregistrering