Stillingsbeskrivelse

Published 06-05-2024
Deadline: 09-06-2024

 

Overlege i psykiatri eller lege i spesialisering i psykiatri/rus

Seksjon for Akutt psykisk helse er ein akuttpsykiatrisk seksjon med ansvar for ca. 120 000 innbyggarar i Nordmøre og Romsdal. Som overlege i vår seksjon blir du ein del av eit behandlingsteam med 3 overlegar (spesialistar i psykiatri), 1 psykologspesialist, samt legar i spesialisering i psykiatri. 
Seksjonen tar imot både frivillege og tvangsinnleggingar og stillinga inneber ansvar for begge typer pasientar, og vil gi ei brei erfaring med ei rekke akuttpsykiatriske problemstillinger.
Vi har legar i spesialisering (LIS1/LIS3) og 5.års medisinstudentar frå NTNU i seksjonen slik at utdanning og videreformidling av kunnskap er ein del av arbeidskvardagen. Vi har over tid fått gode tilbakemeldinger på eit godt arbeidsmiljø og ein hyggeleg stad å jobbe. 
Seksjonen tilstreber at spesialistane samarbeider omkring pasientane og det er lav terskel for tverrfaglege drøftinger. 
Hausten 2024 flytter seksjonen inn i nye, fantastiske lokaler i Sykehuset Nordmøre og Romsdal (SNR) på Hjelset. Vil du bli med på laget? Send oss ein søknad! 

Attestert tenestebevis frå tidlegare arbeidsgjevar, og ev. anna relevant dokumentasjon må leggast ved søknad på stilling som Lege i spesialisering.

Arbeidsoppgåver

  • Diagnostisk utgreiing og behandling
  • Individuell og tverrfagleg behandling
  • Kartlegging og utgreiing av funksjonsevne og psykisk helse
  • Internt samarbeid og rettleiing
  • Eksternt samarbeid og undervisning/rettleiing
  • Pårørandesamtalar
  • Samarbeid med miljøpersonalet om miljøterapeutiske tiltak
  • Psykoedukasjon for pasientar og pårørande
  • Deltaking i bakvaktsordning for overlegar

Kvalifikasjonar

  • Overlege innan psykiatri 
  • Inneha norsk autorisasjon som psykiater eller vere i sluttfasen av si spesialisering innan psykiatri/rus 
  • Må meistre norsk munnleg og skriftleg, og ha god språkleg framstillingsevne
  • Erfaring frå undervisning- og opplæringsverksemd
  • Kompetanse og erfaring frå ulike metodar innen rettleiing

Personlege eigenskapar

  • Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Du jobbar sjølvstendig, men fungerer samstundes godt i tverrfagleg samarbeid
  • Du har vilje til å bidra til å styrke eigen og andre sin kompetanse
  • Du må ha evne til å bidra til eit godt arbeidsmiljø
  • Du er god til å planlegge og utføre arbeidsoppgåver, sjølvstendig og i nært samarbeid med dine kollegaer i seksjonen
  • Du har stor arbeidskapasitet og trivast i eit aktivt arbeidsmiljø
  • Du har sans for ein diskusjon og har ein god porsjon humor
  • Du må ha god fysisk og psykisk helse
  • Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetting 

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Kontaktinformasjon

Aina Herskedal, Seksjonsleiar, 92489444, aina.herskedal@helse-mr.no

Arbeidssted

Opdølvegen
6450 Hjelset

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HF

Referansenr.: 4811039468
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 09.06.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Akutt psykisk helse Hjelset, Helse Møre og Romsdal HF orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Sjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. Nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal  er under bygging på Hjelset i Molde kommune, og skal stå klart for innflytting våren 2025. I Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.

Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal 

 

Webside http://www.helse-mr.no
Bransje Helse og sosial
Yrke Lege
Sted HJELSET (Adresse: Opdølvegen Postnr: 6450)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 09-06-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/2b06a001-3679-4f5e-85d3-f33db641a7c9
IMPORTAPI