Overstyrmann i sambandet Stranda-Liabygda, pt. MF Volda – Fjord1 AS

Transport og lager Sjofart

(2 uker siden)

  • STRANDA
  •  Lagt til dato: 18. april 2024
  •  Expire date: 6. mai 2024
Stillingsbeskrivelse

Published 18-04-2024
Deadline: 06-05-2024

 

Overstyrmann i sambandet Stranda-Liabygda, pt. MF Volda

Bli med på verdas største grøne revolusjon innan ferjenæringa!

Fjord1 er ein verdsleiande pionèr innan det grøne skiftet, og vi skal vere den sikraste og mest
attraktive leverandøren av miljøvennleg ferje- og hurtigbåttransport i marknaden!

Fjord1 har ledig stilling som overstyrmann i vakre omgjevnadar i sambandet Stranda-Liabygda, pt. MF Volda. I løpet av året vert MF Volda erstatta med den nye elferja MF Sunnylvsford! I Fjord1 får du jobbe med fantastisk dyktige kollegaer og i eit selskap med mange karrieremoglegheiter! 

Skiftordning: Døgnvakt, 2 veker på og 2 veker av. Du er din eigen ferievikar om sommaren der mannskapet går 3-3 ein periode. 

Søkar bør bu lokalt, men hybel er tilgjengeleg på Stranda ved behov.

Ein flott jobb å kombinere med familieliv og fritid!

Arbeidsoppgåver

  • Leiar for dekksavdeling
  • Avløysar for skipsførar
  • Ettersyn på navigasjonsutstyr
  • Sikre at fartøyet alltid er sjødyktig
  • Ta om bord/i land bilar og passasjerar ved behov
  • Treffe avgjersler som ikkje kan utsetjast ved skipsførar sitt fråfall
  • Oppdatering og ajourhald av vedlikehaldssystem for dekk
  • Opplæring, utvikling og trening av personell
  • At mannskapet har riktig verneutstyr
  • At passasjerane vert behandla på ein høfleg måte
  • At kommunikasjonsutstyr er i orden
  • At billettering og kontroll vert utført
  • At lasting og lossing vert utført forsvarleg og effektivt

Kvalifikasjonar

  • Minimum D3 sertifikat
  • ROC/GMDSS-sertifikat
  • Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta
  • Krise-og passasjerhandteringskurs
  • Gyldig helseattest

Personlege eigenskapar

  • Forståing og vilje til å gjennomføre bedrifta sine prioriteringar for å nå ønska målsettingar
  • Evne til å arbeide tett med andre mennesker over tid
  • Godt humør
  • God kommunikasjonsevne
  • Fleksibel
  • Serviceinnstilt

Vi tilbyr

  • Lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart og Norsk Sjøoffisersforbund
  • Gode kollegaer og godt arbeidsmiljø
  • Gode velferdsordningar
  • Skiftordning: Døgnskift, 2 veker på og 2 veker av

Kontaktinformasjon

Solveig Bjørnvold, Bemanningskoordinator, +47 47904789

Arbeidsstad

Fv60
6200 Stranda

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Fjord1 AS

Referansenr.: 4802795028
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 06.05.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Fjord1 AS orgnr:
Kort om arbeidsgiver Fjord1 si kjerneverksemd er ferjetransport, og er det leiande selskapet i næringa med ferjedrift langs store delar av norskekysten, frå Bodø i nord til Stavanger i sør.

Fjord1 arbeider med ny og moderne teknologi i verdsklasse, der nullutslepp og ny infrastruktur på land er fokusområder. Det største ferjeløftet gjennom tidene har sett sitt preg på dei siste åra med oppstart av fleire nye ferjekontraktar- og samband, auka kapasitet, fullføring av flåtefornyingsprogrammet og vidare elektrifisering av fartøy.

Gjennom kontinuerleg arbeid med å utvikle nybygg i verdsklasse, samt oppgradere og modernisere eksisterande fartøyportefølje, er Fjord1 sin visjon å vere best på miljøvennleg og påliteleg transport. Fjord1 skal vere ein attraktiv arbeidsgjevar, eit trygt selskap å investere i, ein føretrekt samarbeidspartnar, og ein aktør som fraktar passasjerar trygt over dei norske fjordane.

Fjord1 har kontor i Florø, Bergen og Molde. Fjord1 er ein kompetansearbeidsplass med eit breitt spekter av stillingskategoriar. Det er om lag 1100 fast tilsette i selskapet.

Webside http://www.fjord1.no
Bransje Transport og lager
Yrke Sjøfart
Sted STRANDA (Adresse: Fv60 Postnr: 6200)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Privat
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 06-05-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/e6e2ba4f-5ffa-4c18-a06f-f6fcbe84f523
IMPORTAPI