Pedagogisk leiar/barnehagelærar – Breiflabben Barnehage As

Education Barnehage

(1 uke siden)

  • MOSTERHAMN
  •  Lagt til dato: 25. april 2024
  •  Expire date: 15. mai 2024
Stillingsbeskrivelse

Published 25-04-2024
Deadline: 15-05-2024

 

Pedagogisk leiar/barnehagelærar

Kven er me?

Me verdset dei små og gode møtene – kvardagsmagien som oppstår når ein engasjert vaksen møter nyfikne barn i vill og variert natur. Dei minste av oss møter naturen på eigne tilrettelagde premisser: Barfot i mosen, ei svaiande hengekøye i skogen og plasking i strandkanten – saman med vaksne som formidlar ro og kjærleik i store monn. Dei største syklar langt av gårde, klatrar i dei høgaste trea, drar på fisketur og opplever vaksne som løftar dei opp og fram!

Me tilbyr:

  • eit godt arbeidsmiljø der alle kjenner alle
  • friheit til å påverke eigen arbeidsdag
  • nødvendige midlar til utviklingsarbeid på avdelinga
  • medlem av pbl og føl deira tariff og penjonsordningar

Me er meir enn summen av våre deler. Me vil byggje eit team som arbeidar saman og løftar kvarandre mot felles mål. Me har ambisjonar langt utover den gemene barnehage: I alt me gjer siktar me mot stjernene. Natur, rørsle og meistring i trygge omgivnadar skal prege all vår drift – er du den som fasiliterer dette?

Kven er du?

Du vil ut og opp! Du trur at ting går an og du veit at barn kan! Du seier ja! Om du helst vil arbeide med små eller store barn betyr ikkje så mykje for oss, me lager rom for den rette! Det er nemleg ikkje slik at me trur me kan finne den som passer perfekt inn i vår visjon – men me tur me kan finne deg som gjer vår visjon litt betre!

Me har ledig ei 100% stilling som barnehagelærar/pedagogisk leiar hos oss. Me er på jakt etter deg som:

  • har masse kjærleik å gi og er ein trygg og god vaksen for barna
  • er trygg i rolla som pedagog
  • er brennande opptatt av å setje barns beste først
  • er god til å samarbeide og gir positiv energi til dei rundt deg
  • kan arbeida sjølvstendig
  • er fleksibel
  • Meiner at barn har det beste ute
  • Kan tenkje utover avdelinga og på heilskapen i barnehagen
  • Er vasstett, kan lage mat på bålet og tar utfordringar på strak arm

Ynskje vårt er at me skal opplevast som ei forlenging av heimen, og at her skal det være trygt og godt for alle barn å kome. Du skal helst ikkje ta med jobben heim, men du MÅ ta deg sjølv med på jobb!

Arbeidsoppgåver

  • leie det pedagogiske arbeidet på avdelinga i tråd med barnehagens visjonar og i samsvar med gjeldane lovar og forskrifter
  • ansvar for planlegging, gjennomføring, dokumentering, og utviklingsarbeid på di avdeling og i barnehagen
  • sørgje for godt foreldresamarbeid, leie foreldremøter og foreldresamtalar.
  • delta i og leie barnehagens satsing på natur, friluftsliv og fysisk aktivitet

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Breiflabben Barnehage As orgnr: 993903442
Kort om arbeidsgiver

Ein liten friluftsbarnehage med fokus på natur, kropp og helse. Me har eit engasjert personale som vil skape ein trygg stad for barn og foreldre.

Webside https://breiflabben.net
Bransje Utdanning
Yrke Barnehage
Sted MOSTERHAMN (Adresse: Åsen 75 Postnr: 5440)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Ikke oppgitt
Krav Unknown
Tiltredelse Etter avtale
Søknadsfrist 15-05-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/32790b6b-16db-45e2-b332-bb49ec4942f0
Stillingsregistrering