Planleggar – Plan, byggesak og oppmåling

Uoppgitt/ ikke identifiserbare Ikke identifiserbare

(2 uker siden)

  • ØRSTA
  •  Lagt til dato: 5. mai 2024
  •  Expire date: 20. mai 2024
Stillingsbeskrivelse

Published 05-05-2024
Deadline: 20-05-2024

 

Planleggar

Vi har ledig stilling som planleggar.

Planavdelinga ligg til tenesteområdet plan, byggesak og oppmåling. Avdelinga har m.a. ansvar for kart, oppmåling, byggesakshandsaming, reguleringsplanar, anna planarbeid, klima og miljø og rettleiing. Avdelinga er organisert med tenesteleiar, og er knytt til kommunalområdet teknisk, eigedom og landbruk.

Stillinga vil i stor grad vere knytt opp mot arealplanlegging og vi ser difor etter ein planleggar med teknisk bakgrunn. I tillegg vil andre prosjektoppgåver vere ein del av arbeidskvardagen, Dette er ei flott moglegheit til å bidra til ei positiv utvikling i kommunen.

Kommunen er i stadig utvikling og har mange spanande planar under arbeid. I tillegg er både kommuneplanen sin areal- og samfunnsdel under oppstart.

Tenestestad er på Ørsta rådhus.

Arbeidsoppgåver

Om stillinga.
Stillinga inngår i eit team med fleire planleggarar, og har tett samarbeid med heile avdelinga. I tillegg vil både intern og ekstern samhandling vere ein viktig del av arbeidskvardagen. Som planleggar vil du delta i planforum for Søre Sunnmøre og på andre aktuelle arenaer for kompetansedeling og fagleg utvikling. Det vil vere forventa at du både kan arbeide sjølvstendig og i team.

 

Arbeidsoppgåver

  • Utarbeide reguleringsplanar
  • Arbeid i GIS-verkty, med tekniske vurderingar t.d. knytt til vegplanlegging
  • Kontakt, medverknad og samarbeid med private, lokalt næringsliv, organisasjonar og andre aktørar og myndigheiter
  • Delta i prosessar med utvikling av det kommunale planverket
  • Handsame dispensasjonssaker 
  • Tett samarbeid og koordinering med andre tenesteområde i kommunen
  • Førebuing, gjennomføring og oppfølging av politiske vedtak
  • Utgreiingsarbeid og prosjektleiing
  • Ein del av stillinga vil vere knytt opp mot konkrete prosjekt utover planarbeid, t.d. førebuande arbeid for gjennomføring av vedtekne planar, oppgaver knytt til sentrumsutvikling e.l. 
  • Andre arbeidsoppgåver kan bli lagt til stillinga

Kvalifikasjonar

  • Teknisk utdanning frå universitet, høgskule eller fagskule, t.d. ingeniør eller arkitekt
  • Relevant yrkeserfaring er ein fordel
  • Lang planleggarerfaring kan vege opp for manglande utdanning.
  • Kjennskap til plan- og bygningslova og anna aktuelt regelverk 
  • God digital kompetanse. Det er ønskeleg at du har digital kompetanse knytt til relevante GIS-verkty
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne

    Nynorsk er kommunen si målform og skal nyttast i all skriftleg kommunikasjon
    Førarkort kl. B er ønskeleg

Personlege eigenskapar

  • Strukturert og systematisk
  • Løysingsorientert
  • Nysgjerrig og intitativrik
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Må kunne gjennomføre medverknadsaktivitetar, t.d. å arrangere møter og å presentere prosjekt for og foran folk
  • Fleksibel haldning til arbeidsoppgåver og organisering

Vi tilbyr

Eit godt arbeidsmiljø i eit nyoppussa kontorlokale. Gode vilkår for fleksibilitet og fagleg utvikling  med formål å gi ei betre og meir effektiv teneste
Gode pensjons- og forsikringsordningar for tilsette i KLP

  • Utfordrande og spanande arbeidsoppgåver
  • Fleksibel arbeidstid
  • Arbeidsmiljø med både nyutdanna og medarbeidarar med lang erfaring, samt variert alders- og kjønnsfordeling
  • Gode faglige utviklingsmoglegheiter
  • Stillinga vert plassert i kap. 4 eller 5 i HTA ut i frå formell kompetanse. Stillingskode og lønsplassering vert fastsett etter kvalifikasjon og avtale ved tilsetting

 

Søkarane vert vurderte ut frå ei samla vurdering av formelle kvalifikasjonar og røynsle frå tidlegare arbeid. Personlege eigenskapar vert tillagt vekt. 
Referansar vert nytta og aktuelle søkjarar kan verte kalla inn til intervju.
Tilsetting i samsvar med gjeldande forskrift, lov og avtaleverk.

Dokumentasjon
Framlegging av vitnemål og attestar saman med
søknaden er ein føresetnad for best mogleg sakshandsaming.
Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din. 

Om offentleg søkjarliste:
I samsvar med offentleglova § 25, kan opplysningar om søkjaren unnatakast offentleg søkjarliste, dersom søkjaren sjølv oppmodar om dette. Den som ønskjer at namnet skal vere unnateke offentleg søkjarliste må grunngje dette. Søkjaren sine behov vil verte vurdert konkret opp mot omsynet til offentleg interesse og kravet om ålment innsyn. Elles vil oppmodinga verte vurdert i høve prinsippet om meirinnsyn på vanleg måte. Dersom kommunen meiner at det ikkje er grunnlag for fritak, vil søkjaren verte kontakta og få tilbod om å trekkje søknaden før endeleg søkjarliste vert laga.

Kontaktinformasjon

Johnny Saure Riise, Tenesteleiar plan byggesak og oppmåling, 412035293, johnny.riise@orsta.kommune.no

Arbeidsstad

Dalevegen 6
6153 Ørsta

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Ørsta kommune

Referansenr.: 4783706930
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 15.08.2024
Søknadsfrist: 20.05.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Plan, byggesak og oppmåling orgnr:
Kort om arbeidsgiver


Ørsta
kommune er med  om lag 11 000 innbyggjarar den 5. største kommunen
i Møre og Romsdal. Kommunen har ein variert arbeidsmarknad og
næringsliv. Den gode geografiske plasseringa
vår i lina mellom Eiksundsambandet og Kvivsvegen gjev også kort veg til anna
næringsliv i regionen Søre Sunnmøre/Nordfjord, og til utdanningstilbod i Ørsta
og Volda. Kommunen har gode kommunikasjonar. Flyplassen har fleire
daglege direkteruter til Oslo og Bergen.


Arbeidet vårt byggjer på kommunen sine verdiar:

Tillit – gjennom gjensidig respekt, forståing og likeverd
Energi – gjennom entusiasme, inkludering og humor og glede
Løysingsvilje – gjennom lagånd, tydelege mål og meiningsfylte oppgåver

Utvikling – gjennom medverknad, tilbakemelding og verdsetjing av kunnskap

Webside http://www.orsta.kommune.no/
Bransje Uoppgitt/ ikke identifiserbare
Yrke Ikke identifiserbare
Sted ØRSTA (Adresse: Dalevegen 6 Postnr: 6153)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Høyere utdanning
Tiltredelse 15-08-2024
Søknadsfrist 20-05-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/3df90ecf-b855-402b-8c9c-e1e1ba29cbcd
IMPORTAPI