Stillingsbeskrivelse

Published 23-05-2024
Deadline: 23-06-2024

 

Politioverbetjent / Operasjonsleiar

I Vest politidistrikt, for tida ved Felles eining for operativ teneste, Seksjon for operative tenester, er det
ledig 3 faste stillingar som politioverbetjent SKO 0287 med funksjon som operasjonsleiar. Det kan og bli aktuelt å tilsetje i vikariat. Stillingane inneber turnusteneste.

Felles eining for operativ teneste er ein funksjonell driftseining i Vest politidistrikt. Eininga er organisert i
Seksjon for operative tenester, Seksjon for hundeteneste, Seksjon for arrest og framstilling, Seksjon for
UEH fagleiing og operativ trening, Seksjon for trafikk, sjø og beredskapsplanlegging og Seksjon for felles
tenestekontor. Dei tilsette ved eininga har både politifagleg og sivil bakgrunn. Eininga har det overordna
faglege ansvaret for politiet sine operative gjeremål i heile distriktet.

Seksjon for operative tenester har fire avsnitt, tre for operasjonssentralen og eit avsnitt for fag og
metode. På operasjonssentralen er det tre team på kvart avsnitt og kvart team har følgjande
samansetjing: ein operasjonsleiar, ein oppdragsleiar og eit antal operatørar.

Operasjonssentralen har eit hektisk miljø med fokus på fagleg utvikling og gode relasjonar på teama.
Avsnittsleiar er operasjonsleiar sin næraste overordna med personalansvar.

Arbeidsoppgåver

  • Operasjonssentralen sin operative leiar, og øvste leiar på operasjonelt nivå når stab ikkje er sett
  • Operasjonsleiar skal planleggje, leie og koordinere den samla innsatsen på taktisk nivå i politidistriktet
  • Ansvarleg for effektiv forvalting av politiet sin operative innsats
  •  Ansvarleg for samhandling med innsatsleiar i både planlagde og hendingsstyrte oppdrag
  •  Ansvarleg for å planleggje dagleg drift på eige vaktsett
  •  Vere oppdatert på planverk og instruksar/tiltakskort
  •  Ansvarleg for oversikt over politidistriktet sine operative ressursar og kompetanse
  •  Sørge for å setje i gang straksetterforsking og kvalitetssikre denne saman med Felles Straffesaksinntak
    (FSI)
  •  Ansvarleg for handtering av media og for å informere innbyggjarne etter sentrale og lokale instruksar
  •  Ansvarleg for varslings- og bistandsanmodningar
  •  Bidra med fagleg utvikling og delta i instruksjon og opplæring av eigne medarbeidarar
  •  Ansvarleg for å kvalitetssikre operatørane sitt arbeid
  • Ansvar for eige tildelt fagområde gitt av avsnittsleiar
  • Følge opp akutt HMS-arbeid på eige team og sørge for varsling av overordna og iverksetting av tiltak for
    øvrig politioperativt personell ved behov
  •  Operasjonsleiar må kunne fungere i alle rollar i operasjonsrommet
  •  Andre oppgåver pålagt av overordna

Kvalifikasjonar

Nødvendig

  • Vitnemål frå Politiskulen/Politihøgskulen
  • Tilfredsstille kompetansekrava for pb3 og ha arbeidet innan relevant fagfelt i minimum 5 år. Ved anna
    relevant bachelor- eller mastergrad kan heile eller deler av kravet fråvikast
  • Brei politifagleg erfaring
  • Gjennomført operatørkurs eller vere villig til å gjennomføre slikt kurs
  • Kunnskap om politidistriktet sitt plan- og instruksverk og styrande dokument
  • Kjennskap til politiet sine data- og beredskapssystem
  • God munnleg og skriftleg framføring
     

Det blir stilt krav til sikkerheitsklarering på nivå HEMMELEG samt autorisasjon for FOT Vest pd jf.
sikkerhetslovens kapittel 8.

Ønskeleg

  • Erfaring frå operativ leiing blir vektlagt
  • Erfaring frå operasjonell leiing blir vektlagt
  • Etterforskarerfaring blir vektlagt
  • Kunnskap om HMS-rutiner er ein fordel
  • Leiar – og relevant fagutdanning og/eller tilsvarende erfaring er ein fordel
  • Erfaring frå operasjonssentral er ein fordel

Du må ha plettfri vandel og vere skikka for teneste i politiet. Politiattest (uttømmande og utvida) må
innhentast ved ev. tilsetting, jf. politiloven § 18 og politiregisterloven

Personlege eigenskapar

  • Gode evner til kommunikasjon og relasjonsbyggjing både internt og eksternt
  • Evne til å kunne leie og arbeide godt i team
  • Evne til å prioritere, halde fokus, meistre stress og handtere pressa situasjonar
  •  Resultatorientert med evne til å sjå løysningar og ha god gjennomføringsevne
  •  Gode samarbeidsevner, evne til å motivere medarbeidarar og skape god samhandling og godt
    arbeidsmiljø
  •  Samfunnsorientert med forståing for eininga si rolle i politiets samfunnsoppdrag
  •  Personleg egnethet og motivasjon for stillinga vil bli vektlagt

Som medarbeidar i politiet blir du kjenneteikna som modig og heilskapsorientert, du syner respekt og er
tett på. Du kan lesa meir imedarbeiderplattforma vår.

Vi tilbyr

  • Ein utfordrande og spennande arbeidsplass for deg som vil vere med å forme framtidas polititenester
  • Eit arbeidsmiljø med engasjerte og dyktige kollegaer
  • Stillinga blir lønna som politioverbetjent SKO 0287 frå ltr 75/kr 759 100,- til ltr 78 821 100,- brutto per år.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse, med blant anna gode pensjons- og forsikringsordningar (sjå
    https://www.spk.no for meir info)
  • Bedriftshelseteneste

Generelt

Politiet meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Me treng medarbeidarar med ulike kompetansar, bakgrunn, erfaring og perspektiv for å bidra til endå betre oppgåveløysing. Dersom det er mogleg vil me leggja til rette for medarbeidarar som har behov for det.

Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal me kalla  inn minst  éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkjar i desse gruppene, det vil seia positivt særbehandla på denne måten, må søkjarane oppfylla visse krav.
 
For å ha eit godt vurderingsgrunnlag ber me deg om å registrera utfyllande CV i rekrutteringsportalen vår og lasta opp relevante attestar og vitnemål. Dersom du har funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn oppmodar me deg til å kryssa av for dette i rekrutteringsportalen vår. Avkryssingane dannar grunnlag for anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i årsrapportane sine.
 
Du kan lesa meir på arbeidsgivarportalen https://arbeidsgiver.difi.no/positivsaerbehandling.  
Opplysningar om deg kan bli offentleggjort sjølv om du har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, vil du bli varsla om dette.

Vi ber om elektronisk søknad via lenka.

  Referansenr: 24/40954

Kontaktinformasjon

Kjetil Øyri, Seksjonsleiar, 55556154, kjetil.oyri@politiet.no
Terje Magnussen, Avsnittleiar,  Telefon:41660220, terje.magnussen@politiet.no
Spørsmål om elektronisk CV/søknad, Seksjon for HR,  E-post:207.hr@politiet.no

Arbeidssted

Allehelgens gate 6
5016 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Vest politidistrikt

Referansenr.: 4773021263
Stillingsprosent: 100%
Fast stilling
Søknadsfrist: 23.06.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Felles eining for operativ teneste, Vest politidistrikt orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Vest politidistrikt
dekker 38 kommunar i Vestland fylke, med til saman 600 600 innbyggjarar.
Distriktet følgjer ikkje fylkesgrensene helt – kommunane Fitjar, Bømlo, Stord,
Etne og Sveio høyrer til Sør-Vest politidistrikt. Politidistriktet har om lag
1300 tilsette med politimeister Kaare Songstad som øvste leiar. Politimeisteren
har sitt kontor i Bergen og der ligg også felles operasjonssentral.

Webside www.politiet.no/jobb
Bransje Sikkerhet og beredskap
Yrke Politi, fengsel og toll
Sted BERGEN (Adresse: Allehelgens gate 6 Postnr: 5016)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 3
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 23-06-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/ce82e036-946a-46ab-aa6c-9f8002c5c4ef
IMPORTAPI