Stillingsbeskrivelse

Published 17-04-2024
Deadline: 16-05-2024

 

Prosjektleiar innanfor kultursektoren i 50% stilling

Vil du vere med å setje spor i kulturlivet i Hallingdal og skape nye samarbeidsarenaer og nettverk? Brenn du for å gje gode kulturopplevingar? Då er denne jobben noko for deg!

Hallingdalskommunane er no på jakt etter ein drivande dyktig prosjektleiar til eit 50 % engasjement over ein periode på 18 månadar, med moglegheit for forlengelse etter avslutta prosjekt. Hovudmålet med dette prosjektet er å mobilisere og koordinere for å tryggja ei berekraftig framtid for den særeigne tradisjonskulturen i Hallingdal. Som prosjektleiar skal du leie arbeidet med å lyfte fram den sterke Hallingdals-tradisjonen og vere med på å setje regionen på kartet både nasjonalt og internasjonalt. Me søkjer etter ein som kan legge grunnlaget for dette prosjektet og ta det med vidare til neste steg. Her er det moglegheit for å skape ein eigen arbeidsplass som vil setje preg i regionen i mange år framover.

Om arbeidsplassen:
Prosjektleiaren vil ha arbeidsstad i arrangements- og kulturbygda Ål, med kontorplass i Hallingdal si storstugu; Ål kulturhus. Her sit det allereie eit godt fagmiljø; der mellom anna Sprang vil vera ein god støttespelar i utviklingsarbeidet for tradisjonskulturen frå Hallingdal. Hallingdal ligg godt plassert midt i sør-noreg, med gode forbindelsar og kort reiseveg både aust- og vestover.

Hjå oss finn du ein godt forankra kulturpolitikk, mange arrangement, kulturhus med 30.000 besøkjande per år, ein høgmoderne dansescene spesiallaga for folkemusikk og –dans, Folkemusikkveka, Leveld Kunstnartun AiR, Storhelg i Hallingdal og mykji meir!

Arbeidsoppgåver knytt til stillinga:

  • Ta ansvar for å utvikla og implementere økonomiske strategiar som tryggjer berekraftig finansiering for folkemusikkaktivitetar i Hallingdal.
  • Søke om offentlege midlar, samarbeide med lokale og regionale sponsorar.
  • Sikre ein berekraftig struktur som tryggjer kontinuitet og vekst for folkemusikkmiljøet i Hallingdal.
  • Regelmessig rapportering til relevante myndigheiter, inkludert fylkeskommunen, kommunane i Hallingdal, og andre finansierings- og samarbeidsorgan.
  • Starte samarbeidsprosjekt med lokale kulturinstitusjonar og utdanningsinstitusjonar.

Ønskelege kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Høgare utdanning innan relevante fagområde – gjerne frå kulturfeltet. Relevant erfaring kan kompensera for utdanningskravet.
  • Erfaring frå prosjektmetodikk- og gjennomføring.
  • Solid økonomiforståelse og ein evne til å skape struktur.
  • Erfaring frå etablering /oppstart av prosjekt eller tilsvarande er ønskja.
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne.

Me ser etter deg som:

  • Har ein gründer i skallen og magen.
  • Likar å skrive søknadar, jobbe strukturert, samle og vidareformidle.
  • Elskar fargekoda Excel-skjema, systematisk arbeid og overblikk.
  • Er god på relasjonar.
  • Er ein teambyggjer og lagspelar.
  • Er engasjert, kreativ og utviklingsorientert.
  • Evnar å tenke langsiktig og strategisk.
  • Du må være strukturert og sjølvdreven.

Det vil bli lagt stor vekt på personlege eigenskapar.

Me kan tilby:

  • Ein unik jobbmoglegheit i ei sterk kulturkommune.
  • Fleksibel og variert arbeidskvardag.
  • Eit godt og fagleg kompetent team og støtteapparat med vilje til utvikling, som vil være med å gje både forankring, nettverk og motivasjon.
  • Eit sterkt og mangfaldig tradisjonsmiljø med stort spenn i utøvarar, aktivitetar og uttrykk.
  • Høve til å sette ditt stempel på noko som skal bli levedyktig for all framtid.
  • Høve til å skape din eigen arbeidsplass, også etter endt prosjektperiode.
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar regulert av Hovedtariffavtala.

Send søknad:

  • Vitnemål og attestar legg du inn saman med søknaden.
  • Kommunen følgjer offentleglova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlista.
  • Intervju vil skje løpande gjennom søknadsprosessen.
  • Ønskjeleg oppstart 01. August.

Velkomen som søkjar!

 

Link til søknadsskjema: Søk her
 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Ål kommune Kulturhuset orgnr: 973734636
Kort om arbeidsgiver Ål kulturhus er eit regionalt kulturhus for heile Hallingdal. Huset har i alt tre amfisalar og er ein stor aktør på kino, scenearrangement, seminar og møteverksemd. Kulturhuset har rundt 30 000 besøkjande på kino og scenearrangement i eit normalt år, og me ynskjer å levere høg kvalitet på alt me gjer. Den store, nye satsinga på huset er SPRANG, ei nasjonal scene for produksjon og formidling av dans generelt og folkedans spesielt. Lokala er spesialbygde for dans, med unike tekniske løysingar for akustiske framføringar. Sprang husar både norske og internasjonale dansekunstnarar gjennom residensopphald, samproduksjonar og eige danseprogram, og jobbar i tillegg aktivt med rekruttering, talentutvikling og ivaretaking av både sceniske og tradisjonelle danseformer. Kulturskulen, bibliotek, frivilligsentralen, innvandrartenesta og vaksenopplæringa held også til på huset, det same gjer Nesch-museet og Galleri Syningen.
Webside
Bransje Kontor og økonomi
Yrke Kontor, forvaltning og saksbehandling
Sted ÅL (Adresse: Torget 1 Postnr: 3570)
Stillingstype Prosjekt Deltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 16-05-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/2f310b0e-4b3e-4c93-87b6-e558ad36b69b
IMPORTAPI