Prosjektleiar NAV Nordfjord – Stad kommune

Natur og miljø Miljovern

(2 uker siden)

  • NORDFJORDEID
  •  Lagt til dato: 9. mai 2024
  •  Expire date: 26. mai 2024
Stillingsbeskrivelse

Published 09-05-2024
Deadline: 26-05-2024

 

Prosjektleiar NAV Nordfjord

NAV Nordfjord søkjer ein engasjert og dyktig prosjektleiar til eit treårig prosjekt.

Prosjektet skal heve kvaliteten på arbeidet og samarbeidet rundt gruppa flyktningar/innvandrarar. NAV Nordfjord yter tenester til alle innbyggjarane i Nordfjord som region, spesifikt kommunane Stryn, Stad, Gloppen og Bremanger.

Vi søkjer ein prosjektleiar som kan leie arbeidet og framdrifta i samarbeid med leiargruppa i NAV Nordfjord, tilsette i kontoret og samarbeidspartar. 

Arbeidsoppgåver

  • Innhenting av data gjennom statistikk/intervju
  • Bearbeiding og presentasjon av materiale
  • Utvikling og Implementering av ny kunnskap
  • Opplæring og kompetanseheving

Kvalifikasjonar

  • 3-årig høgskule-/universitetsutdanning
  • Fordel om du har erfaring innan prosjektarbeid
  • Fordel med erfaring frå tverrfagleg samarbeid
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne
  • God kjennskap til IKT

Personlege eigenskapar

  • Har et engasjement for målgruppa
  • Har evne til å skape framdrift og resultat
  • Har gode kommunikasjonsevner og god til å bygge relasjonar
  • Har evne til å jobbe strukturert og analytisk
  • Er fleksibel, løysingsdyktig og har gode samarbeidsevner

Personlege eigenskapar vert tillagt stor vekt!

Vi tilbyr

  • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
  • Meiningsfylte oppgåver knytt til eit viktig og spennande samfunnsoppdrag
  • God pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
  • Løn etter gjeldande kommunalt avtaleverk etter ansiennitet. Lønspennet er per no kr. 485 400 – 569 100 i stilling med krav om 3-årig U/H utdanning. Løna vil bli endra etter årets lønsforhandlingar frå 01.05.2024

Stad kommune har seks månader prøvetid.

Vi gjer merksame på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast.

Kontaktinformasjon

Monica Osvold, Regionleiar NAV Nordfjord, 900 95 171, monica.osvold@nav.no
Bodil Førde, Avdelingsleiar Arbeid og Sosial, 905 86 913, bodil.forde@nav.no

Arbeidsstad

Lotevegen 21
6770 Nordfjordeid

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Stad kommune

Referansenr.: 4807560061
Stillingsprosent: 100%
Engasjement
Søknadsfrist: 26.05.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Stad kommune orgnr: 976675045
Kort om arbeidsgiver

Stad kommune har om lag 9 600 innbyggjarar og ligg i Nordfjord i Vestland fylke. Kommunen vart oppretta 1. januar 2020 då kommunane Eid og Selje og bygdene Maurstad, Bryggja og Totland vart slått saman. Kommunen består av fleire livskraftige tettstader og strekkjer seg frå storhavet i vest til fjell- og fjordlandskap i aust. I kommunen finn du Vestkapp, surfemiljø i Hoddevika, Selja kloster, Harpefossen skisenter, vikingsenteret Sagastad, Malakoff rockfestival, Opera Nordfjord og Europas djupaste innsjø, Hornindalsvatnet. Kommunen har ledige bustadtomter, gode kommunale tenester, eit variert næringsliv og innbyggjarar med initiativ og pågangsmot. Stad kommune har som overordna mål å bli fleire. Vi treng deg som ønskjer å flytte til kommunen vår, og vi treng deg som har budd ute ei stund og ønskjer å flytte heim. Vi ønskjer å utvikle eit livskraftig og trygt samfunn der vi alle dreg i lag. I Stad kommune vil du møte lokalsamfunn som skil seg ut. Kommunen er stor nok til å gje deg rom og la deg leve ut draumane dine, og liten nok til å sjå deg og ta vare på deg. Vi ønskjer deg med på laget!

https://www.nordfjord.no/stad

https://www.einstadistad.no/

Webside http://www.stad.kommune.no
Bransje Natur og miljø
Yrke Miljøvern
Sted NORDFJORDEID (Adresse: Lotevegen 21 Postnr: 6770)
Stillingstype Prosjekt Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Høyere utdanning
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 26-05-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/34d01cfe-0d14-46f1-8bb3-939f042d9f4e
IMPORTAPI