Stillingsbeskrivelse

Published 14-03-2024
Deadline: 05-04-2025

 

Prosjektstilling helsesjukepleiar mottak av flyktninger

Haram kommune blei eiga kommune frå 01.01.2024 og den nye kommuna har alt vedteke å ta imot 70 flyktningar i 2024.  
I samband med dette søkjer vi helsesjukepleiar til prosjektstilling knytt til mottak og oppfylging av flyktningar i helsestasjonen/kommuna i tråd med nasjonale faglege retningslinjer. Du vil vere med å utarbeide innhald til stillinga og på same tid gi auka kapasitet ved å styrke tilbodet og gjere det meir tilgjengeleg. 

Stillinga er organisert under Livsløp som er eit eige kommunalområde der ein samlar fleire tenester som er viktige bidragsytarar til å støtte opp om livsløpet til kommunen sine innbyggarar der det er naudsynt.

Kommunalområde Livsløp består av tenesteområde som: Koordinering og tildeling, psykisk helse og rus, helsestasjon og jordmor, pedagogisk fagsenter, ressursbase, integrering, barnevern, NAV, ergoterapi, fysioterapi og lege. Helsestasjonen er ei teneste for barn og unge frå 0-24 år.

Haram kommune er ei ambisiøs kommune med gode heilskaplege tenester. Vi skal særleg ha fokus på å spele kvarandre gode, og arbeide på tvers for å skape gode tenester for innbyggarar og næringsliv.

Arbeidsoppgåver

  • Arbeidsoppgåvene omfattar mottak av og oppfylging av, flyktningar i tråd med nasjonale faglege retningslinjer
  • Rettleiing til barn og unge, samt til foreldre, kollegaer, barnehage og skule 

Kvalifikasjonar

  •  Godkjent helsesjukepleiarutdanning (sjukepleiar som er under helsesjukepleiarutdanning kan søkje og bli vurdert for tilsetting) 
  •  Erfaring frå fleirkulturelt arbeid 
  •  Relevant kompetanse ift. fleirkulturelt arbeid 
  •  God munnleg og skriftleg framstillingsevne 

Personlege eigenskapar

For stillingane vil det bli lagt stor vekt på at ein er personleg eigna og vi ynskjer ein person som 

  • Er ein god lagspelar 
  • Har gode kommunikasjons- og samhandlingsevne
  • Stor evne til å oppnå kontakt og skape gode relasjonar med andre
  • Har evne til å arbeide målretta, strukturert og sjølvstendig
  • Er utviklingsorientert, fleksibel og samarbeidsvillig 
  • Har vilje og interesse for utvikling av organisasjonen og medarbeidar ved å samhandle
  • Likar å arbeide tverrfagleg og i tett samarbeid med andre instansar 
  • Reiseaktivitet: Du må rekne med å måtte reise noko og eigen bil må påreknast brukt i tenesta. 

Vi tilbyr

  • Meiningsfylt og interessant arbeid i eit triveleg miljø i stadig utvikling 
  • Utfordrande oppgåver i ein organisasjon med stort potensial og kompetente kollegaer. 
  • Tverrfagleg samarbeid og kompetanseutvikling 
  • Godt arbeidsmiljø i nye og moderne fasilitetar på tenestehuset i Brattvåg.  
  • Løn etter avtale. Pensjons- og forsikringsordning gjennom KLP  

Kontaktinformasjon

Bodil Otterlei Fjørtoft, Tenesteleiar, +4794877007, bodil.fjortoft@haram.kommune.no

Arbeidsstad

Strandgata 40
6270 Brattvåg

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Haram kommune

Referansenr.: 4779502123
Stillingsprosent: 100%
Engasjement
Startdato: 01.06.2024
Sluttdato: 31.05.2025
Søknadsfrist: 05.04.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Tenesteområde Helsestasjon og jordmor, Haram kommune orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Etter vedtak i Stortinget 14. juni 2022 er Haram frå 1. januar 2024 eigen kommune, med dei grensene som var før samanslåinga med Ålesund

Kommunen har omlag 9300 innbyggarar. Haram er ein av fylket sine fremste industrikommunar, og med stolte skipsbyggartradisjonar er Haram ein viktig del av den maritime klynga på Sunnmøre.
Heile 47 prosent av arbeidsplassane i kommunen er i industrien. I tillegg har Haram viktige framtidsretta arbeidsplassar i den marine næringsmiddelindustrien. Fiskeri er også ei viktig næring i kommunen.

Haram har eit rikt idretts- og kulturliv, med stor aktivitet innan kor, korps, teater og ungdomsarbeid.
Fjord, fjell og nydeleg natur rett utanfor stovedøra gir også svært mange moglegheiter for ulike typar friluftsliv overalt i kommunen.

Haram kommune ligg lett tilgjengeleg på Sunnmøre, 40 minutts køyretur frå Ålesund sentrum, 35 minutt frå Moa-området og 45 minutt frå Ålesund Lufthavn, Vigra. Kommunesenteret finn du i Brattvåg, men kommunen har og fleire andre tettstadar; Vatne/Tennfjord, Søvik og Austnes.

Webside http://www.haram.kommune.no
Bransje Kontor og økonomi
Yrke Ledelse, administrasjon og rådgivning
Sted BRATTVÅG (Adresse: Strandgata 40 Postnr: 6270)
Stillingstype Engasjement Heltid Antall stillinger: 1
Sektor
Krav Unknown
Tiltredelse 01-06-2024
Søknadsfrist 05-04-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/1fa7e8eb-ae7d-46c4-8cff-6c2be8ff057c
IMPORTAPI