Stillingsbeskrivelse

Published 17-04-2024
Deadline: 05-05-2024

 

Prosjektstilling i rektor sitt leiarteam

Om stillinga

Vi søker etter deg som kan vere med å vidareutvikle skulen vår i samarbeid med leiargruppa, dei tilsette, elevar og føresette.

Inneverande skuleår har me fokus på lesestrategiar og styrking av leseferdigheiter i elevgruppa. Komande skuleår skal me gjere nokre praktiske grep i møte med timeplan og organisering av opplæringstilbodet, som krev ei klarare organisering av leiarkompetansen i skulen. Ved å få tilsett ein ass.rektor i inntil 80% stilling, eller to avdelingsleiarar i inn 40% stilling så kan skulen få ei skuleleiing som kan bidra til å drive skuleutviklinga framover. Me vil gjerne ha kontakt med deg som kan tenke deg å bidra i eit slik prosjekt. Du vil arbeide tett saman med rektor og øvrig leiarteam. Stillinga er skissa som ei «prosjektstilling» i utprøvingsåret 2024/2025, men delar eller heile stillinga kan verte fast om skulen landar på å halde fram organiseringa etter prosjektet er avslutta.  

Fedje skule har i tillegg eit tett samarbeid med barnehagen i kommunen gjennom arbeid med prosjektet «inkluderande barnehage og skulemiljø». Her er det eit ubrukt potensiale i å få betra overgangane for både tilsette og dei komande skuleelevane, og vi ynskjer å sikre det gode arbeidet som vert gjort ved Fedje barnehage og Fedje skule ved å arbeida meir systemisk med desse to organisasjonane framover.
 

Arbeidsoppgåver

  • Utgjere ein del av skulen sitt leiarteam 
  • Leiarteamet arbeider tett saman om skuledrifta
  • Ansvar for å følge opp undervisning og eleven si læring
  • Dagleg drift av skulen
  • Rettleie tilsette
  • Ivareta samarbeid mellom skule-heim og samarbeidande instansar
  • Ha delansvar for skulen sitt heiltheitlege utviklingsarbeid
  • Undervisning i delar av stillinga kan verte aktuelt
  • Kombinasjon med andre funksjonar og/eller ansvarsområder kan verte aktuelt

Kvalifikasjonskrav

  • Leiarerfaring og/eller leiarutdanning er ønskeleg
  • Pedagogisk utdanning og erfaring er forventa (Oppll. §14)
  • God relasjonskompetanse
  • God digital kompetanse, og evnar å tilegne deg ny kompetanse her relativt raskt
  • Gode norskferdigheiter, både munnleg og skriftleg. Tenestespråket i Fedje kommune er nynorsk

Personlege eigenskapar

  • Du har eit tydeleg engasjement for god kvalitet og organisering av skulekvardagen
  • Evne til å ta initiativ og bygge gode relasjonar
  • Har eit positivt elevsyn og evne til å vise omsorg og gje tryggleik
  • Du er ansvarsbevisst, fleksibel og har gode kommunikasjonsferdigheiter
  • Du trivast med teamarbeid og er ein god bidragsytar i teamet
  • Du tåler godt å stå i utfordringar, og du har stor arbeidskapasitet
  • Positiv og løysingsorientert
  • Godt humør
  • Strukturert og målretta
  • Dine personlege eigenskapar vil verte vektlagt i rekrutteringsprosessen

Me tilbyr

  • Du vil bli ein del av eit godt og inkluderande arbeidsmiljø, som tek godt imot nytilsette.
  • Løn etter gjeldande avtaleverk
  • Tilgang til symjehall og fleirbrukshall 
  • Gratis barnehage og/eller SFO for dei som treng det
  • Hjelp til å skaffe bustad
  • Ei av Norges beste pensjonsordningar i SPK
  • Velkommen til oss!

Fedje – landsbyen i havet

To timar med bil frå Bergen finn du Fedje, landsbyen i havet. 

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Fedje kommune orgnr: 974575558
Kort om arbeidsgiver

FEDJE er ein liten øykommune ved ytste vestkyst av Hordaland. Det er i underkant av 550 fastbuande på øya. Fedje vert kalla «Landsbyen i havet» grunna folk bur tett i tett kring hamna i nord.

Fedje er rik på historie og naturopplevingar.

 

Webside https://www.fedje.kommune.no/
Bransje Kontor og økonomi
Yrke Ledelse, administrasjon og rådgivning
Sted FEDJE (Adresse: Stormarkvegen 55 Postnr: 5947)
Stillingstype Prosjekt Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 05-05-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/cbe169a9-af5e-424c-ae54-d7e91b86318b
IMPORTAPI
https://www.jobbnorge.no/ledige-stillinger/stilling/261676