Psykolog/Psykologspesialist – Klinikk PBU, BUP Ytrebygda, Helse Bergen
Health and social care Psykologer og terapeuter(2 uker siden)
Stillingsbeskrivelse
Published 17-04-2024
Deadline: 31-05-2024
Psykolog/Psykologspesialist
Ønsker du deg ein fagleg engasjerande, variert og meiningsfull jobb på ein poliklinikk med eit godt arbeidsmiljø? Likar du å jobbe sjølvstendig med god støtte frå fagleg kompetente medarbeidarar? Er du løysingsorientert og opptatt av å ha det kjekt på jobb sjølv om arbeidskvardagen kan vere travel? Då er du rett person for oss! Vi har ei ledig 100% fast stilling for psykolog (fortrinnsvis spesialist i klinisk barne- og ungdomspsykologi eller tilsvarande) som vi oppmodar deg til å søke på.
BUP Ytrebygda held til på Nesttun og gir tilbod til barn og unge med psykiske lidingar opp til 18 år, samt foreldra deira. Det er om lag 13 500 barn i opptaksområdet, som består av byområdet Ytrebygda i Bergen kommune, og Bjørnafjorden kommune. Poliklinikken har ca. 30 tilsette, med ulik kompetanse og erfaring. BUP Ytrebygda og BUP Fana er samlokalisert og samarbeider om enkelte pasientgrupper og tilbod. Vi er organisert i to geografiske team, noko som gjer at alle får erfaring med utgreiing og behandling av alle typar psykiske lidingar og nevroutviklingsforstyrringar i heile aldersspekteret.
For stillinga er det krav om dokumentert autorisasjon og særs god meistring av norsk, skriftleg og munnleg. Vedkomande som får tilbod om tilsetjing må leggje fram tilfredsstillande politiattest (vandel), jfr. Lov om Helsepersonell § 20a (gjeld arbeid med barn og utviklingshemma).
Arbeidsoppgåver
- Utgreiing av psykiske lidingar hos barn og ungdom
- Individuelt tilpassa behandling (individuell behandling, familiebehandling, gruppebehandling)
- Råd (konsultasjon) og rettleiing til skular, barnehagar og 1.linjetenesta
- Samarbeid med kommunehelsetenesta, barneverntenesta og andre delar av spesialisthelsetenesta
- Det blir forventa at psykologspesialistar gir rettleiing til psykologar under spesialisering og at dei deltar i poliklinikken sitt inntaksteam
Kvalifikasjonar
- Godkjend autorisasjon som psykolog i Noreg, fortrinnsvis NPF-godkjend spesialist i klinisk barne- og ungdomspsykologi
- God erfaring med utgreiing og behandling av psykiske lidingar hos barn og ungdom
- Erfaring med evidensbaserte behandlingsmetodar og familierettleiing
- Erfaring med tverrfagleg og tverretatleg samarbeid
- Erfaring med pasientadministrative verktøy (DIPS)
- Erfaring frå arbeid i spesialisthelsetenesta for barn og ungdom vil bli vektlagd
Personlege eigenskapar
- Empatisk og respektfull i møte med pasientar og pårørande
- Høg fagleg og fagetisk medvit
- Løysingsorientert
- Evne til å jobbe fleksibelt, sjølvstendig og strukturert
- Gode samarbeidsevner og evne til å bidra til et positivt arbeidsmiljø
- Evne til å samarbeide om å nå seksjonens overordna målsetjingar
- Ved tilsetjing blir det lagt stor vekt på personlege eigenskapar
Vi tilbyr
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Triveleg og stabilt arbeidsmiljø
- Meiningsfulle og fagleg engasjerande arbeidsoppgåver
- Moglegheit til fagleg og personleg utvikling
- Støtte til spesialistutdanning eller vedlikehaldskurs
- Delvis fleksibel arbeidstid
Mangfaldserklæring
Vi ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.
Kontaktinformasjon
Linda Helen Knudsen Flygel, Seksjonsleiar, 55978000
Arbeidsstad
Østre Nesttunvegen 20
5221 Nesttun
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen
Referansenr.: 4801011706
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.08.2024
Søknadsfrist: 31.05.2024
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Klinikk PBU, BUP Ytrebygda, Helse Bergen orgnr: |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 13.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook. |
Webside | www.helse-bergen.no |
Bransje | Helse og sosial |
Yrke | Psykologer og terapeuter |
Sted | NESTTUN (Adresse: Østre Nesttunvegen 20 Postnr: 5221) |
Stillingstype | Fast Heltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | 01-08-2024 |
Søknadsfrist | 31-05-2024 |