Psykologspesialist/psykolog – Klinikk Psykisk helsevern for barn og unge/ PBU Voss, Helse Bergen
Health and social care Psykologer og terapeuter(2 uker siden)
Stillingsbeskrivelse
Published 27-04-2024
Deadline: 20-05-2024
Psykologspesialist/psykolog
Klinikk psykisk helsevern for barn og unge har fleire poliklinikkar og sengepostar. Klinikken tilbyr barn og unge opp til 18 år utgreiing og behandling av psykiske lidingar. BUP Voss er ein allmenn poliklinikk som dekkjer fem kommunar (Ulvik, Voss, Kvam, Vaksdal og Eidfjord). Poliklinikken har 21 tilsette, med ulik fagleg bakgrunn.
Frå 01.09.2024 har vi ledig to faste 100% stillinger som psykologspesialist/psykolog på BUP Voss. BUP'en er lokalisert i nye og flotte spesialbygde lokale i Knutepunktet Voss, som ligg på Voss stasjon.
Voss ligg i hjartet av Fjord-Noreg, midt mellom Bergen, Hardangerfjorden og Sognefjorden. Kommunen har om lag 16 000 innbyggjarar, og er eit knutepunkt for buss og tog. Voss har blitt verdskjend som ekstremsportbygda, og her kan du prøva deg på alt frå fallskjermhopping til rafting i trygge omgjevnader. På sommaren kan du boltra deg på utallege vandreruter i Vossefjella, og på vinteren har du to skisenter å velja mellom. Voss Gondol, som startar på togstasjonen og tek deg rett til fjells, går heile året.
Vedkomande som får tilbod om tilsetjing må leggje fram godkjend politiattest (vandel) jfr Lov om helsepersonell § 20a.
Arbeidsoppgåver
- Utgreiing og behandling av psykiske lidningar hjå barn og unge
- Koordinatoransvar for pasientar
- Rettleiing av foreldre
- Samarbeid med andre delar av spesialisthelsetenesta og 1. linetenesta
- Familie- og systemarbeid
- Tverrfagleg samarbeid
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon
- Klinisk psykolog
- Ønskjeleg med erfaring frå utgreiing og behandling av psykiske vanskar hjå barn og unge
- For stillinga er det krav om særs god meistring av norsk, skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
- Trivast i eit tverrfagleg miljø og meistrar høgt tempo på arbeid
- Evne til å jobba både sjølvstendig og systematisk
- Bidrar positivt til eit fagleg og kollegialt godt arbeidsmiljø
- Erfaring frå og ønskje om å arbeide i eit tverrfagleg team
- Erfaring med DIPS er ein fordel
- Vi vil leggje stor vekt på personlege eigenskapar
Vi tilbyr
- Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Triveleg arbeidsmiljø
- Høgt fagleg nivå
- Fagleg og personleg utvikling
- Få arbeide både sjølvstendig og i team med pasientarbeid
- Arbeide med både individual terapi og gruppebehandling
- Moglegheit til å gjennomføre spesialistutdanning
- Kurs og rettleiing
- Moglegheit for reisetid i arbeidstid ved pendling
- Nye og flotte lokale
- Fjell og vakker natur rett utanfor kontordøra din
Mangfaldserklæring
Vi ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi
oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn,
alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein
har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest
ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Kontaktinformasjon
Marianne Stordal Røynesdal, Seksjonsleiar, 90736587
Arbeidsstad
Gurid Almenningens Plass
5700 VOSS
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen
Referansenr.: 4806323236
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.09.2024
Søknadsfrist: 20.05.2024
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Klinikk Psykisk helsevern for barn og unge/ PBU Voss, Helse Bergen orgnr: |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook. |
Webside | www.helse-bergen.no |
Bransje | Helse og sosial |
Yrke | Psykologer og terapeuter |
Sted | VOSS (Adresse: Gurid Almenningens Plass Postnr: 5700) |
Stillingstype | Fast Heltid Antall stillinger: 2 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | 01-09-2024 |
Søknadsfrist | 20-05-2024 |