Psykologspesialist/psykolog – ReHabiliteringsklinikken/ Habiliteringsavdelinga for vaksne, Helse Bergen
Health and social care Psykologer og terapeuter(2 uker siden)
Stillingsbeskrivelse
Published 18-04-2024
Deadline: 16-05-2024
Psykologspesialist/psykolog
Fast stilling for psykologspesialist/psykolog. Vi ønsker oss ein engasjert og dyktig psykolog/psykologspesialist til eit spennande og variert fagfelt.
Habiliteringavdelinga for vaksne (HAVO) er ein del av ReHabiliteringsklinikken, som i tillegg består av Avdeling for fysikalsk medisin og rehabilitering (AFMR) og Regionalt kompetansesenteret for habilitering og rehabilitering.
HAVO sine tenester er retta mot personar med medfødd eller tidleg erverva funksjonsnedsetting. Utgreiiing og diagnostisering av utviklingshemming og autisme er dei mest sentrale oppgåvene. Ofte er utfordringane kompelekse og samansette, med somatiske og psykiske tilleggsvanskar som krev tverrfagleg oppfølging.
HAVO har 6 psykologstillingar som har følgjande spesialitetar: klinisk vaksenpsykologi, samfunnspsykologi, rus- og avhengigheitspsykologi og habilitering. (To av våre psykologar er i gang med spesialisering innan nevropsykologi).
HAVO er samansett av fleire yrkesgrupper m.a.: Overlegar, psykologar, vernepleiarar, ergoterapeutar, fysioterapeut og
sekretærar. Psykologane har primært arbeid i poliklinikken, men nokre ambulante oppdrag må påreknast. Vi nyttar eigne tenestebiler.
Vi søker etter psykolog/psykologspesialist med interesse for fagfeltet.
Habiliteringsavdelinga er for tida lokakalisert i Olav Bjordals veg 29, Breistein i Åsane. Det er gode høve for parkering. Det er planlagt flytting til Nordås innan 2027/28 for samlokalisering med øvrige avdelingar i klinikken.
Tilsetjingsdato er 01.08.2023 eller etter nærare avtale.
Sjå elles våre internettsider: Les meir
Arbeidsoppgåver
- Utgreiing og diagnostisering
- Råd og rettleiing til pasientar, pårørande og samarbeidspartar
- Tverrfagleg og tverretatleg samarbeid
- Bidra i fagutvikling
- Kurs, undervising og pasientopplæring
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som psykolog
- Kjennskap til og interesse for fagfeltet
- Erfaring med utgreiing og testing er ein fordel
- God muntleg og skriftleg evne til kommunikasjon
Personlege eigenskapar
- Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- Evne til å arbeide målretta og sjølvstendig
- Trivsel med tverrfagleg samarbeid
- Engasjement for faget og interesse for pasientgruppa
- Personleg eigna for å jobbe med pasientgruppa er ein føresetnad
Vi tilbyr deg
- Spennande utfordringar og oppgåver
- Tverrfaglege og kompetent medarbeidarar
- Opplæring og rettleiing
- Eit robust og triveleg arbeidsmiljø
- Fleksitidsavtale
- Gode pensjonsordningar
Mangfaldserklæring
Vi ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.
Kontaktinformasjon
Beate Kristin Lilleheil, Seksjonsleiar, 95197626, beate.kristin.lilleheil@helse-bergen.no
Arbeidsstad
Olav Bjordals veg 29
5111 Breistein
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen
Referansenr.: 4780352579
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 15.05.2024
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | ReHabiliteringsklinikken/ Habiliteringsavdelinga for vaksne, Helse Bergen orgnr: |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook. |
Webside | www.helse-bergen.no |
Bransje | Helse og sosial |
Yrke | Psykologer og terapeuter |
Sted | BREISTEIN (Adresse: Olav Bjordals veg 29 Postnr: 5111) |
Stillingstype | Fast Heltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 16-05-2024 |