Stillingsbeskrivelse

Published 25-04-2024
Deadline: 12-05-2024

 

Rådgjevar, fast stilling som avtaleforvalter

Vi har ledig fast stilling for snarleg oppstart, som rådgjevar eller juridisk rådgjevar.

Konserninnkjøp har ansvar for anskaffingar av varer og tenester i Ålesund kommune. Konserninnkjøp har også ansvar for innkjøpssamarbeidet på Sunnmøre. I tillegg til gjennomføring av anskaffingar, bistår vi med råd og veiledning innan offentlege anskaffingar internt i Ålesund kommune og eksternt til kommunane og selskapa i innkjøpssamarbeidet.

Arbeidsoppgåver

  • Du vil få ansvar for eiga portefølje av avtalar i Konserninnkjøp, oppgåvene vil mellom anna vere:
    • oppfølging av leverandørar og brukarar av avtalane
    • prisjusteringar
    • prolongeringar
    • avviksoppfølging
    • sanksjonering
  • Vidareutvikle av avtaleoppfølgingsrollen vil være en viktig del av stillinga. Dette innebærer å være med på å utvikle gode system og rutinar for avtaleoppfølging
  • Det kan bli aktuelt å gjennomføre anskaffingar iht. Lov og forskrift om offentlige anskaffelser, men dette er primært ikkje ein del av stillinga
  • Andre oppgåver innanfor verksemda sitt fagområde kan bli lagt til stillinga

Kvalifikasjonar

  • Høgare utdanning, gjerne innan samfunnsfag, rettsvitskap, økonomi eller logistikk, fortrinnsvis på masternivå
  • Erfaring frå innkjøpsarbeid og kontraktsoppfølging er ein fordel
  • Kjennskap til offentleg sektor er ein fordel

Personlege eigenskapar

I tillegg til kvalifikasjoner og arbeidserfaring vil personleg eignaheit bli vektlagt, her under

  • Nøyaktig, strukturert og effektiv
  • God talforståing og analytisk
  • Evne til å arbeide sjølvstendig og være sjølvgåande, men også samarbeide godt
  • Gode kommunikasjonsevne, både skriftleg og munnleg
  • Gode datakunnskapar og systemforståing
  • Resultatorientert og målretta
  • Positiv og engasjert
  • Bidra til eit godt arbeidsmiljø

Vi tilbyr

  • Vi kan i tillegg til eit sterkt fagmiljø med dyktige medarbeidarar tilby utfordrande,  sjølvstendige og interessante arbeidsoppgaver i eit fagområde under sterk utvikling.
  • Nødvendig opplæring og støtte 
  • Mulegheit til å opparbeide deg stor kontaktflate
  • Triveleg arbeidsmiljø og kjekke kollegaer
  • Konkurransedyktige betingelsar

Kontaktinformasjon

Kariann Bigseth, Innkjøpssjef, kariann.bigseth@alesund.kommune.no

Arbeidsstad

Keiser Wilhelms gate 11
6003 ÅLESUND

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Kommunalområde Organisasjon

Referansenr.: 4803882512
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 12.05.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Kommunalområde Organisasjon, Konserninnkjøp orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Ålesund kommune er den største kommunen mellom Bergen og Trondheim, og eit regionsenter for Nordvestlandet. Kommunen har rundt 58.000 innbyggarar. Området rundt byr på rike moglegheiter for et aktivt friluftsliv for alle, jakt og fiske, og kommunen har eit rikt og blomstrande kultur- og næringsliv. Ålesund er universitetsby og har landets største universitet, NTNU.

Kommunen er ein stor arbeidsgjevar med sine over 4.500 dyktige og engasjerte medarbeidarar som utfører viktige samfunnsoppdrag. I det daglege arbeidet vektlegg vi verdiane våre: open, engasjert og modig. Visjonen for kommunen er «nasjonal slagkraft, regional attraktivitet og lokal identitet».

Ønsker du ein meiningsfylt jobb med varierte og utfordrande oppgåver, er Ålesund kommune eit spennande alternativ.

Webside http://www.alesund.kommune.no
Bransje Uoppgitt/ ikke identifiserbare
Yrke Ikke identifiserbare
Sted ÅLESUND (Adresse: Keiser Wilhelms gate 11 Postnr: 6003)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 12-05-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/a11f575b-68d1-4cab-9f5a-d51ea6317d18
IMPORTAPI