Rådgjevar/seniorrådgjevar innkjøp – OsloMet – storbyuniversitetet
Sales, retail and retail trade Salg butikk og varehandel(2 uker siden)
Stillingsbeskrivelse
Published 05-05-2024
Deadline: 26-05-2024
Rådgjevar/seniorrådgjevar innkjøp
OsloMet – storbyuniversitetet er det tredje største universitetet i Noreg, med nesten 22 000 studentar og over 2500 tilsette. Vi har campus i Oslo sentrum og på Romerike. OsloMet leverer forsking og utdanning med høg relevans for arbeidslivet, velferdsstaten og storbyregionen.
Vil du bli innkjøpsleiar ved OsloMet?
Har du erfaring med, eller ynskjer du å skape deg ein karriere innanfor offentlege innkjøp er dette ei god sjanse for deg. Du vil få god kjennskap til universitet- og høgskulesektoren, få erfaring innanfor eit breitt spekter av anskaffingar og vere med på å vidareutvikle innkjøpsområdet i takt med endringar i marknad og organisasjon.
Seksjon for innkjøp ved OsloMet har sju tilsette, og seksjonssjefen rapporterer til økonomidirektøren. I tida framover skal vi jobbe meir med tenesteutvikling, vi skal revidere innkjøpsstrategien og vi skal få betre styring og kontroll på forvaltninga av avtalane. Vi har ein sentral avtaleportefølje på mellom 80–90 rammeavtalar, innanfor eit breitt spekter av varer og tenester, og i tillegg er det ein del kontraktar som blir inngått på fakultet og senter.
Dine arbeidsoppgåver vil vere
- å samarbeide med fagavdelingar og dei som skal finne dei beste måtane å dekke behov for varer og tenester på
- å leie førebuingar og gjennomføring av anbodsprosessar
- å gi råd og rettleiing til fakultet og senter i mindre anskaffingar
- å legge til rette for god avtaleforvaltning saman med avtaleforvaltarar
- å jobbe med tenesteutvikling på innkjøpsområdet, og aktivt bidra til at OsloMet når sine mål
Du vil også kunne få andre oppgåver avhengig av din kompetanse og våre behov.
Du må ha
- relevant utdanning frå universitet eller høgskule, minimum bachelorgrad
- gode formidlings- og kommunikasjonsevner
- gode norsk- og engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg
Du bør ha
- erfaring med offentlege anskaffingar
- god forståing, eller erfaring med å leie prosessarbeid
Vi ser etter deg som
- evnar å jobbe sjølvstendig og strukturert
- er resultatorientert og har god gjennomføringsevne
- er ein god samarbeidspartner, internt og eksternt
- ser positivt på utfordringar og torer å prøve noko nytt
Vi legg vekt på å vere personleg eigna for stillinga.
Det er viktig for OsloMet å spegle befolkninga i vår region og vi ønsker alle kvalifiserte søkarar velkommen. Vi arbeider aktivt med å utvikle oss videre som ein inkluderande arbeidsplass og for å legge til rette for deg på arbeidsplassen dersom du har behov for det. Har du periodar i livet der du ikkje har vore i arbeid, utdanning eller opplæring er du også velkommen til å søke hos oss.
Vi tilbyr
- jobb i spennande verksemd; Norges tredje største og mest urbane universitet
- moderne og nye lokale sentralt i Oslo
- godt arbeidsmiljø med engasjerte, hyggelege og dyktige kollegaer
- moglegheiter for eiga utvikling
- låne- og pensjonsordningar i Statens Pensjonskasse
- fleksibel arbeidstid, moglegheit for ein del heimekontor og gode velferdsordningar som trening i arbeidstida mm
Stillinga blir lønt etter Hovudtariffavtalane i staten og OsloMet sin lønnspolitikk i 1434 rådgjevar, i lønnstrinn 55–68, tilsvarande kroner 540 500–667 700, eller 1364 seniorrådgjevar, i lønnstrinn 62–80, tilsvarande 604 900–870 900. For særskild kvalifiserte søkarar kan ein vurdere høgare løn. Frå løna blir det trekt 2 prosent i lovfesta innskot i Statens Pensjonskasse.
Andre opplysningar
Ønsker du nærmare informasjon om stillinga kan du kontakte:
- Seksjonssjef Gunn-Sølvi Arveschoug, telefon 907 30 852
Du må laste opp attestar og alle sider av vitnemål. Dokumenta må vere på engelsk eller eit skandinavisk språk. Omsetjingar må være autoriserte. Du må framvise originalar ved eit eventuelt intervju. OsloMet gjennomfører kontroll av dokument, slik at du som kandidat skal få ei reell evaluering og rettferdig konkurranse.
Du kan som søkar med heimel i Offentleglova bli publisert på søkarlista sjølv om du har bedt om at søknaden blir behandla konfidensielt. Dersom det skjer, vil du bli varsla om det før publiseringa.
Vil du søke på stillinga må du søke elektronisk i rekrutteringssystemet vårt.
Søknadsfrist: 26. mai 2024
Ref.: 24/10996
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | OsloMet – storbyuniversitetet orgnr: |
---|---|
Kort om arbeidsgiver | |
Webside | https://www.oslomet.no/om/ledige-stillinger |
Bransje | Salg og service |
Yrke | Salg, butikk- og varehandel |
Sted | OSLO (Adresse: Postnr: 0167) |
Stillingstype | Annet Heltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | |
Krav | Høyere utdanning |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 26-05-2024 |