Reinhaldar – Osterøy kommune
Sales, retail and retail trade Renholdere og renovasjon(6 måneder siden)
Stillingsbeskrivelse
Published 07-11-2023
Deadline: 30-04-2024
Reinhaldar
Om stillinga
- Me treng ringevikarar til våre kommunale bygg, ved sjukefråvær og feriar.
Arbeidsoppgåver
- Dagleg reinhald ved våre skular, barnehagar, Osterøytunet, Familie og omsorgssenteret, bibliotek, Samlokaliseringsbygget, Rådhuset og Lonevåg legesenter.
Kvalifikasjonskrav
- Ingen spesielle krav til kompetanse, men erfaring er ein fordel. Det vert gjeve opplæring.
Spørsmål om stillinga
- Har du spørsmål, ta kontakt med:
- Driftsleiar Solgunn S. Presttun, MOB: 91340724, solgunn.presttun@osteroy.kommune.no
- Fagleiar Ingrid Mortensen, MOB: 45343197, ingrid.mortensen@osteroy.kommune.no
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Osterøy kommune orgnr: 975319008 |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Osterøy kommune – Nær byen, nær naturen. Osterøy, ei av Nord-Europas største innlandsøyer, eit levande lokalsamfunn med allsidig næringsliv, godt utbygd servicetilbod og vakkert landskap. Folketalet er på om lag 8 000 innbyggjarar og det er både bru- og ferjesamband til nabokommunen Bergen. Frå Lonevåg sentrum, kommunesenteret vårt, tar køyreturen til Bergen om lag 45 minutt, til Åsane tar det om lag 30 minutt og til Arna kjem du på om lag 20 minutt. I tillegg til Lonevåg har ein og Valestrand, Haus, Fotlandsvåg og Bruvik som større bygder/tettstadar. Osterøy har ein allsidig og livskraftig småindustri innan mekanisk, møbel, tekstil og næringsmiddelindustri. Fiskeoppdrett/-foredling er og ei viktig næring. Landbruk sysselset om lag 300 personar og tømraryrket står framleis høgt i kurs her på Osterøy. I Osterøy skal det vere godt å bu både for unge og eldre. Kommunen har eit rikt kulturliv, ulike idrettsaktivitetar, godt utbygd skule- og barnehagetilbod og gode helse- og sosiale tenester. Bli med på laget i Osterøy kommune! Me ønskjer oss stadig fleire kompetente og engasjerte medarbeidarar. Vi ser fram til å ta godt i mot deg og gje deg ei meiningsfull arbeidskvardag. |
Webside | https://www.osteroy.kommune.no/ |
Bransje | Salg og service |
Yrke | Renholdere og renovasjon |
Sted | LONEVÅG (Adresse: Kommunale bygg på Osterøy Postnr: 5282) |
Stillingstype | Vikariat Deltid Antall stillinger: 4 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 30-04-2024 |