Rettleiar – NAV Askøy (regionkontor vest)

Uoppgitt/ ikke identifiserbare Ikke identifiserbare

(2 uker siden)

  • KLEPPESTØ
  •  Lagt til dato: 28. april 2024
  •  Expire date: 20. mai 2024
Stillingsbeskrivelse

Published 28-04-2024
Deadline: 20-05-2024

 

Rettleiar

På NAV Askøy har avdeling arbeidsliv ledig ei fast 100 % stilling som rettleiar med oppstart 1. august. Rettleiaren vil følge opp personar over 30 år med sjukepengar eller arbeidsavklaringspengar som har eit arbeidsforhold dei skal behalde.  Askøy er ein av kommunane i Vestland med høgast legemeldt sjukefråvær, og det er eit mål at sjukefråværet skal ned. Vi samarbeider tett med NAV Arbeidslivssenter og arbeidsgjevarar om å nå dette målet. Liker du utfordringar og ønsker du å gjere ein forskjell innafor eit viktig samfunnsområde? Då kan dette vere jobben for deg!

NAV Askøy held til på Kleppestø. Vi er om lag 70 tilsette på kontoret og vi samarbeider tett med NAV Øygarden som saman med oss utgjer Region Vest i NAV Vestland. Kontoret vårt ligg sentralt til og det tar 12 min sjøvegen med båt frå Bergen sentrum. Med bil eller buss køyrer ein køfritt frå Bergen til Askøy. Kontoret er under ombygging og i 2025 vil vi flytte inn i heilt nye lokale på Kleppestø senter med aktivitetsbaserte arbeidsplassar.

Som rettleiar vil du ha mykje kontakt med arbeidsgjevarar, tiltaksarrangørar og helsepersonell. Vi ser etter deg som evner å bygge gode relasjonar, som samarbeider godt, har gode kommunikasjonsevner og er god til å motivere og finne løysningar til det beste for menneske i omstilling.

Arbeidsoppgåver

  • Følge opp eigen brukarportefølje med sjukmelde og mottakarar av arbeidsavklaringspengar som har mål om å komme tilbake til arbeidsgjevar
  • Motivere for arbeid og aktivitet
  • Vera ein samarbeidspart på vegne av NAV for å hjelpe innbyggarar tilbake til arbeid gjennom dialog med arbeidsgjevar, fastlege og andre samarbeidspartar
  • Leie møter og legge til rette for gode prosessar
  • Rettleie fastlegar, arbeidsgjevarar og tiltaksarrangørar
  • Kartlegge og avklare arbeidsevne, ressursar og mogelegheit for arbeid
  • Sakshandsaming etter lov om folketrygd, lov om arbeids- og velferdsforvaltning og tiltaksforskrifta

Kvalifikasjonar

Du må ha:

  • fullført utdanning på minimum bachelornivå frå høgskule/universitet. Relevant erfaring og/eller utdanning kan kompensere for kravet til utdanning.
  • gode kommunikasjonsferdigheiter på norsk, både munnleg og skriftleg
  • god datateknisk forståing for å kunne handtere ulike fagsystem
  • erfaring med å rettleie eller gje råd til personar i ulike situasjonar

Det er ønskeleg at du har:

  • erfaring frå HR-arbeid eller erfaring med å følge opp sjukemelde og/eller arbeidsretta oppfølging
  • erfaring med møteleiing
  • kunnskap og interesse for arbeidsmarknaden
  • kunnskap om utdanningsmogelegheiter

Personlege eigenskapar

  • Evne til å motivere og skape gode relasjonar
  • Evne til kommunisere tydeleg og sette grenser
  • Du må kunne jobbe strukturert, sjølvstendig og ha evne til å prioritere
  • Du er robust med evne til å handtere det uforutsette i arbeidskvardagen
  • Du er ein god lagspelar og positiv bidragsytar i arbeidsmiljøet

Vi tilbyr

  • Spennande og meiningsfulle arbeidsoppgåver innan eit viktig samfunnsområde
  • Eit godt arbeidsmiljø med aktive og engasjerte kollegaer
  • Eit godt fagmiljø og ein innovativ arbeidsplass med fleire utviklingsprosjekt
  • Fleksibel arbeidstid og trening i arbeidstida (ein time i veka)
  • Tilsetting i stillingskode 1434 rådgjevar med lønnsspenn frå kr. 575 499 til kr. 615 700 per år (tilsvarande ltr. 59 – 63). For særskilt kvalifiserte søkarar kan høgare løn vurderast.
  • God pensjonsordning gjennom Statens Pensjonskasse (frå løna blir det trekt 2%)

Kontaktinformasjon

Gunn Heidi Stokken, Avdelingsleiar, 97778562, Gunn.Heidi.Stokken@nav.no
Helga Torgersen, NAV leiar, 40806185, Helga.B.Torgersen@nav.no

Arbeidsstad

Gamle Kleppestøvegen 2
5300 Kleppestø

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: NAV

Referansenr.: 4806097386
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 20.05.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver NAV Askøy (regionkontor vest) orgnr:
Kort om arbeidsgiver

NAV søkjer tilsette med hjarte for menneske og fagområda våre. Visjonen vår er å gje menneske moglegheiter, og dette gjer vi ved å utvikle Noregs beste arbeids- og velferdstenester.  

NAV består av 22 000 kompetente og engasjerte medarbeidarar. Vi jobbar tverrfagleg i sterke fagmiljø. Hos oss skal arbeidsmiljøet pregast av involvering, openheit og tillit.

Mangfald er viktig i NAV. Mangfald bidreg til betre problemløysing, auka kreativitet, større fleksibilitet og styrker kulturen og arbeidsmiljøet på arbeidsplassen. Vi oppmodar difor kandidatar med ulik bakgrunn til å søke på stillingar hjå oss, særleg om du har hol i CV-en, innvandrarbakgrunn eller nedsett funksjonsevne.

Ønskjer du å bli unntatt frå offentleg søkjarliste, må du grunngje dette. Del gjerne vitnemålet ditt eller karakterutskriftene dine på vitnemålsportalen.no. 

NAVstilling

Webside
Bransje Uoppgitt/ ikke identifiserbare
Yrke Ikke identifiserbare
Sted KLEPPESTØ (Adresse: Gamle Kleppestøvegen 2 Postnr: 5300)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Høyere utdanning
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 20-05-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/f32c2733-bace-4705-b337-d98b0ba0192b
IMPORTAPI