Ringevikarar – Gulen kommune

Health and social care Helse

(3 måneder siden)

  • EIVINDVIK
  •  Lagt til dato: 29. januar 2024
  •  Expire date: 31. juli 2024
Stillingsbeskrivelse

Published 29-01-2024
Deadline: 31-07-2024

 

Ringevikarar

Miljøtenesta treng ringevikarar! 

Miljøtenesta har base på Dalsøyra, men yter bistand til brukarar i heile kommunen. Vi har behov for å kome i kontakt med personar som ynskjer å vere ringevikar ved Miljøtenesta. Dersom du ynskjer å vere disponibel som ringevikar, er du ikkje forplikta til å seie ja til oppdraga du vert tilbudd, men du vil stå på ei liste, slik at du kan verte kontakta ved behov. Du takkar ja eller nei ved konkrete vakter. Du vil få opplæring og oppfølging etter behov. Alle som arbeider ved Miljøtenesta må levere tilfredsstillande politiattest før oppstart. Dersom du tenkjer dette verkar interessant, kan du anten sende inn ein enkel søknad ved å gå inn på på «søk her», eller ta kontakt direkte med einingsleiar (kontaktperson i annonsen)

Arbeidsoppgåver

  • Legge til rette for og bistå brukarar med ulike funksjonsnivå i daglege gjeremål og fritidsaktivitetar
  • Følgje opp dei daglege rutinene
  • Andre oppgåver etter behov

Kvalifikasjonar 

  • Kommuniserer godt på norsk
  • Tilfredstillande politiattest

Personlege eigenskapar 

  • Er fleksibel og kommuniserer/samhandlar godt med brukarar, påførande og kollegaer
  • Vert motivert av å yte gode tenester til brukarane våre, og kan vere med å gje dei ein stabil og god kvardag
  • Bidrar til eit godt arbeidsmiljø
  • Å vere personleg eigna kan verte vektlagt ved tilsetjing

Anna 

  • Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk
  • Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar
  • For tilsetjing innan pleie og omsorg, PU, i skule og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest
  • Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjen høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering
  • Løn etter tariff

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Gulen kommune orgnr: 974556073
Kort om arbeidsgiver

Gulen kommune ligg vakkert til ved innløpet til Sognefjorden. Kommunen består av både fjell- og kystlandskap, med 1500 øyer, holmar og skjær, som innbyr til eit aktivt friluftsliv både på land og ved sjøen.

Kommunen har 2230 innbyggjarar, ledige barnehageplassar, og er eit godt oppvekstmiljø for barn og unge. Sjå Gulen kommune for meir informasjon.  

 

Webside https://www.gulen.kommune.no/
Bransje Helse og sosial
Yrke Helse
Sted EIVINDVIK (Adresse: Eivindvikvegen 1119 Postnr: 5966)
Stillingstype Fast Deltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 31-07-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/0dfa5fa7-bcde-4873-b8a8-570295a87d3e
IMPORTAPI
https://www.jobbnorge.no/ledige-stillinger/stilling/257411