Stillingsbeskrivelse

Published 09-04-2024
Deadline: 05-05-2024

 

Sakshandsamar med kreftkoordinatoransvar

Tildelingskontoret i Sogndal kommune har ledig ei 100% fast, ny, spanande, kombinert stilling!

Har du treårig helsefagleg utdanning og lyst å vere med på laget vårt?  

Sakshandsamarar på tildelingskontoret skal sørgje for at innbyggjarane får riktige og naudsynte helse- og omsorgstenester. I stillinga ligg også kreftkoordinatoransvaret, som skal koordinere og finne gode løysingar i kvardagen for personar med kreftsjukdom og deira pårørande. Kreftkoordinator skal også samordne tilbod og tenester i kommunen og med spesialisthelsetenesta.  

Er du oppteken av å bruke din faglege kompetanse innan kreftomsorg, koordinering, helserett og forvaltning? Då kan stilling som sakshandsamar med kreftkoordinatoransvar vere rett for deg!  

Me søkjer etter ein dyktig og engasjert sakshandsamar, som vil vere med å bidra til vidareutvikling av framtidas helse- og omsorgstenester. Til trass for ei ung og veksande befolkning har også Sogndal kommune betydelege omstillingsbehov. Dette gir oss utfordringar knytt til korleis me leverer tenestene våre no og framover. Har du lyst å bidra inn i dette arbeidet?   

 

Arbeidsoppgåver 
 
Kreftkoordinatoransvar:  

  • Vere eit bindeledd mellom heimen, fastlege, spesialisthelsetenesta, kommunale helsetenester og andre aktuelle samarbeidspartar 

  • Koordinere og tilretteleggje kvardagen for kreftpasient og pårørande  

  • Undervisning, råd og veiledning til helsepersonell 

  • Støttesamtalar via telefon eller heimebesøk 

  • Oppfølging av «pakkeforløp heim» for pasientar med kreft.

  • Bidra til å finne gode løysingar i heimen for å sikre tryggleik og kontinuitet slik at pasienten kan vere lengst mogleg heime  

 Sakshandsamaransvar:  

  • Koordinering internt og eksternt med sjukehus og andre kommunale helse- og omsorgstenester  

  • Gjennomføre kartlegging av søkjarar sitt hjelpebehov 

  • Sakshandsaming innanfor gjeldande lovverk, retningslinjer og politiske føringar 
     

Kvalifikasjonar 

  • 3-årig høgskuleutdanning innafor helse-/sosial, fortrinnsvis sjukepleiarutdanning. 

  • Førarkort klasse B 

  • Beherskar norsk godt, både skriftleg og munnleg 

  • Kjennskap til relevant lovverk, mellom anna pasient- og  brukarrettslova, forvaltningslova og helse- og omsorgstenestelova 

  • Ynskjeleg med erfaring innanfor kommunal forvaltning og saksarbeid 

  • Ynskjeleg med kjennskap til elektroniske fagprogram, som til dømes Gerica 

  • Personlege eigenskapar vil i stor grad bli vektlagd 

 

Personlege eigenskapar 

  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne 

  • Du er innovativ, fagleg sterk, robust, roleg og har stor arbeidskapasitet 

  • Du utviser gode samarbeidsevner og likar tverrfagleg samarbeid 

  • Du har evne til å arbeide sjølvstendig og strukturert, men også vere kreativ og fleksibel når situasjonar tilseier det 

  • Du har gode personlege evner og føresetnader i arbeid som sakshandsamar 

  • Du er profesjonell og effektiv i ditt arbeid 

  • Du har evne og vilje til å reflektere over eigen praksis 

  • Du har evne til å jobbe sjølvstendig og ta avgjersler 

 

 Me tilbyr 

  • Varierte, utfordrande og meiningsfulle arbeidsoppgåver  

  • Eit godt arbeidsmiljø med høg fagkompetanse 

  • Ein kommune i utvikling 

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar 

  • Lønn etter tariff 

  • Treningstilbod for tilsette 

 

Det er pårekna noko reiseaktivitet i jobben, og det er difor krav om førarkort klasse B. 

Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.    

Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.    

Søknader må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit. 
 
Kontaktperson: Åsa Stedje, tenesteleiar tildelingskontoret, tlf. 47905662. E-post asa.stedje@sogndal.kommune.no  

Stillinga har i dag kontorstad i Fossetunet 2, Sogndal. 

 

 

Link til søknadsskjema: Søk her
 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Sogndal kommune Tildelingskontoret orgnr:
Kort om arbeidsgiver Velkommen til fagre Sogn! Staden der du kan kombinere ei spanande karriere med eit liv i frisk luft og fantastiske omgjevnadar. Sjekk ut sogn.no for fleire grunnar til å kome til Sogndal og Sogn.
Sogndal kommune vart etablert 01.01.2020 etter kommunereforma. Det er ca. 12.000 innbyggjarar i kommunen, i tillegg er me vertskommune for over 3.000 studentar gjennom studieåret. Sogndal er regionsenteret i Sogn. Kommunen har om lag 1300 medarbeidarar. Kvar dag leverer me gode tenester i tråd med innbyggjarane og næringslivet sine behov. Me har sett oss som mål å vere ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innan reiseliv, unike kompetansemiljø og innovasjon.

Tilgjengelegheitserklæring: https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/187f2156-519b-4500-aa98-4e70dee1f837

Webside
Bransje Kontor og økonomi
Yrke Økonomi, statistikk og regnskap
Sted SOGNDAL (Adresse: Fossetunet 2, Postnr: 6856)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 05-05-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/8a869bd0-535c-4554-9330-80e16229e935
IMPORTAPI