Sjåfør – Transferd as

Transport og lager Tog sporvogn og vegtrafikk

(3 uker siden)

  • FØRDE
  •  Lagt til dato: 26. mai 2024
  •  Expire date: 17. juni 2024
Stillingsbeskrivelse

Published 26-05-2024
Deadline: Unknown

 

Sjåfør

Transferd

Er du ein som trives bak rattet, verdset sikkerheit og ønsker å vere ein del av eit team som setter standarden i transportbransjen?

Transferd AS er i vekst og har nyleg fått tildelt ei viktig kontrakt for Tine mellomtransport i Nord-Norge. For å møte denne auken i aktivitet, søker vi etter fleire sjåførar til alle våre lokasjonar – frå langtransport til lokal distribusjon. Vi ønsker engasjerte sjåførar som er klare for å handtere eit bredt spekter av transportoppdrag, både på nye og eksisterande kontrakter. 

Hos Transferd verdset vi pålitelegheit, profesjonalitet og positiv haldning. Vi ser etter deg som trivest med ansvar, er serviceinnstilt og har eit engasjement for sikkerheit og kvalitet.

Kva vi tilbyr

  • Ein inkluderande arbeidsplass med dyktige kollega
  • Ei sjølvstendig og ansvarsfull rolle
  • Konkurransedyktige vilkår og gode sosiale ordningar
  • Ein spennande arbeidsplass i vekst
  • Tariffavtale med AFP 

Er dette deg?

  • Ansvarsbevisst og kundeorientert
  • Gode kommunikasjonsevner (norskkunnskapar) både skriftleg og munnleg
  • Godt humør og eit ynskje om å ta del i eit aktivt miljø
  • Trivast i rolla som bedrifta sitt ansikt utad
  • Engasjement for sikkerheit og kvalitet

Krav

  • Førarkort klasse C og CE
  • Gyldig yrkessjåførkompetanse (YSK)
  • Truckførarbevis

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Transferd as orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Transferd AS er eit leiande transport- og logistikkselskap, spesialisert i godstransport på veg. Vår kjerneverksemd fokuserer på effektiv levering av stykkgods, partigods og temperatursensitive matvarer. Transferd er eit dotterselskap av Firda Billag AS, og har i dag hovudkontor i Førde, samt regionale avdelingskontor i Stryn og Kaupanger. Vår visjon er «Heile vegen med Transferd» er eit prinsipp som driver vår organisasjon framover og former våre verdiar internt. 

Er du klar for å sette ditt preg på framtidas transporttenester saman med oss?

Vi oppfordrar alle kvalifiserte kandidatar til å søke, uavhengig av kjønn og kulturell bakgrunn.

Send inn CV og ein kort introduksjon av deg sjølv. 

Webside
Bransje Transport og lager
Yrke Tog-, sporvogn- og vegtrafikk
Sted FØRDE (Adresse: Storehagen 4 Postnr: 6800)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Privat
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist Unknown


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/aa2ba8a5-f56f-43bb-bc41-01fbe04ce223
IMPORTAPI
https://www.jobbnorge.no/ledige-stillinger/stilling/261068