Sjukepleiar 100% fast stilling – Hareid kommune, Korttidseining
Health and social care Sykepleier(2 uker siden)
Stillingsbeskrivelse
Published 25-04-2024
Deadline: 09-05-2024
Sjukepleiar 100% fast stilling
Korttidseininga ved Hareid sjukeheim har ledig to faste 100-prosent stillingar som sjukepleiar på dag/kveld og med kvar tredje helg. Ved til dømes
interne søkjarar kan andre stillingar i sektoren verte ledige.
Korttidseininga er ei av tre einingar ved Hareid sjukeheim, der vi gir tilbod om langtidsopphald, korttidsopphald, avlastningsopphald,
rehabiliteringsopphald og kommunal akutt døgnplass (KAD). Korttidsavdelingar
har 16 plassar, der ein av dei er KAD. Vi jobbar for å gi gode tenester til dei
innbyggarane som treng det, og vi jobbar for gode arbeidsvilkår for tilsette.
Vi samarbeider tett med andre delar av vår sektor for å sikre gode
pasientforløp. Tilsette har fagdag i turnusen sin, og får påverke eiga
arbeidstid og fritid gjennom forhandling.
Arbeidsoppgåver
- medisinsk og sjukepleiefagleg oppfølging med ansvar og vurderingar
- pleie- og omsorgsoppgåver
- tett samarbeid med sjukeheimslege, fysioterapeut, heimetenesta og dei andre sjukeheimseiningane
- sikre at tenester blir gitt på ein fagleg forsvarleg måte, og i tråd med målsetting og vedtak
- rettleie, undervise og informere pasientar, pårørande, kollegaer og studentar
- medansvar for internkontroll, kvalitetssikring og HMS
- bruk av velferdsteknologi
- delta i kvalitetsutvikling av tenesta
Kvalifikasjonar
- Autorisasjon som sjukepleiar. Erfaring frå arbeid på korttidsavdeling vert vektlagt
- God digital kompetanse
- Godt, norsk språk, både skriftleg og munnleg (nivå B2)
Du må legge fram godkjend politiattest av ny dato før du startar å arbeide, samt gjennomgå smittevernkontroll.
Personlege eigenskapar
I sektor for velferd ønskjer vi oss medarbeidarar som er pliktoppfyllande, engasjerte, profesjonelle og løysningsorienterte, viser respekt og er rause. Du har evne til å arbeide sjølvstendig, og har gode samarbeidsevner og utøver dette til beste for pasient, pårørande og tilsette. Du klarer å prioritere, ta avgjersler og har gjennomføringsevne.
Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar ved tilsetjing. Verdiar som stabilitet, god arbeidsmoral og det å vere ein god kollega og samarbeidspart er viktig for oss.
Vi tilbyr
- ein triveleg arbeidsplass med godt tverrfagleg arbeidsfellesskap
- spennande og faglege utfordringar
- fagdag i arbeidsplan
- kurs gjennom NHI og Visma-rettleiaren
- forsikrings- og pensjonsordning gjennom KLP
Kontaktinformasjon
Synnøve Nystøyl, Einingsleiar, +47 91 14 89 45
Arbeidsstad
Teigevegen 55
6060 Hareid
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Hareid kommune
Referansenr.: 4805077466
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.06.2024
Søknadsfrist: 09.05.2024
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Hareid kommune, Korttidseining orgnr: |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Hareid kommune har 5322 innbyggarar, og ligg sentralt på Sunnmøre i eit knutepunkt mellom Ålesund og bygdebyane rundt. Kommunen er i vekst og har skapt eit livskraftig samfunn på Hareidlandet i godt samarbeid med engasjerte innbyggjarar og gode naboar. Hareid kommune er ein god arbeidsplass, og ein god kultur- og bukommune i ein sterk og rik arbeidslivsregion. |
Webside | http://www.hareid.kommune.no |
Bransje | Helse og sosial |
Yrke | Sykepleier |
Sted | HAREID (Adresse: Teigevegen 55 Postnr: 6060) |
Stillingstype | Fast Heltid Antall stillinger: 2 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | 01-06-2024 |
Søknadsfrist | 09-05-2024 |