Sjukepleiar – Avdeling for eldremedisin, Helse Fonna HF
Health and social care Sykepleier(2 uker siden)
Stillingsbeskrivelse
Published 02-05-2024
Deadline: 26-05-2024
Sjukepleiar
Er du utdanna sjukepleiar og brenn for at eldre skal få heilskaplege spesialisthelsetenester? No ynskjer vi deg som kollega.
Vi har ledig fast 100 % stilling på dag/kveld, med arbeid kvar 3.helg på geriatrisk sengepost. Du må vere fleksibel for å kunne ta vakter på tvers av avdelingar innanfor eldremedisin.
Bli med på laget til ei inkluderande og fagleg sterk sengepost med spennande og varierte oppgåver. Hos oss møter du dyktige kollegaer som har fokus på tverrfaglegheit, best mogleg behandling og omsorg for pasienten der heile mennesket står sentralt.
Arbeidsoppgåver
- Sjukepleie til inneliggande pasientar med behov for behandling og observasjon.
- Bidra til gode pasientforløp
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Gjerne relevant sjukehuserfaring/klinisk erfaring
- God norsk formidlingsevne både skriftleg og munnleg
- Kompetanse og/eller interesse for eldremedisinske områder
- Personlege eigenskaper blir vektlagd
Personlege eigenskapar
Hos oss er det viktig at du:
- skapar eit godt lærings- og ytringsklima
- er fleksibel og sjølvgåande
- tar initiativ og engasjerer deg i arbeidet
- er strukturert og evner å prioritere mellom oppgåver
Vi tilbyr
- Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv- bedrift (IA-bedrift)
- Spennande arbeidsplass med eit aktivt fagmiljø og stort fagleg spenn av arbeidsoppgåver
- Forutsigbar årsplan med arbeid 16 helger i året
- Fagleg og personleg utvikling
- Kursdagar i turnus
Mangfaldserklæring
Helse Fonna ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Helse Fonna ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Kontaktinformasjon
Doreen Halleland, Avdelingsleder
Arbeidsstad
Karmsundgata 120
5528 HAUGESUND
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HF
Referansenr.: 4805475881
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 19.08.2024
Søknadsfrist: 26.05.2024
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Avdeling for eldremedisin, Helse Fonna HF orgnr: |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Helse Fonna har rundt 4000 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland. Helse Fonna er eit lokalt helseføretak eigd av Helse Vest RHF. Vi har tre somatiske sjukehus i Haugesund, Stord og Odda, eit psykiatrisk sjukehus på Valen i Kvinnherad, fire distriktspsykiatriske senter (Stord, Karmøy, Haugesund og Folgefonn) og ti ambulansestasjonar.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå www.helse-fonna.no. Følg oss også gjerne på Facebook.
|
Webside | |
Bransje | Helse og sosial |
Yrke | Sykepleier |
Sted | HAUGESUND (Adresse: Karmsundgata 120 Postnr: 5528) |
Stillingstype | Fast Heltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | 19-08-2024 |
Søknadsfrist | 26-05-2024 |