Sjukepleiar  – Kjevekirurgisk poliklinikk, Helse Førde

Health and social care Sykepleier

(3 uker siden)

  • FØRDE
  •  Lagt til dato: 7. mai 2024
  •  Expire date: 12. august 2024
Stillingsbeskrivelse

Published 07-05-2024
Deadline: 12-08-2024

 

Sjukepleiar 

Kjevekirurgisk poliklinikk har ledig 80% vikariat for sjukepleiar.

Vikariatet har i utgangspunktet varigheit på 6 månader, med mogelegheit for forlenging og fast stilling. 

Kjevekirurgisk poliklinikk gir tilbod til dei som har behov for undersøking og behandling av sjukdomar i tenner, munn og kjeve. Dei må vere tilvist frå tannlege eller lege. Operasjonane blir oftast gjort med lokalbedøving. Vi har ein fast dag i veka til operasjonar i narkose. Vi har også akutte pasientar, samt tilsyn på pasientar innlagt på andre avdelingar på sjukehuset.

Den offentlege tannhelsetenesta i Sogn og Fjordane utfører tannbehandling i narkose hos oss 2 – 3 dagar i veka.

Alle dei tilsette har berre dagarbeid, 5 veker sommarferie og ekstra avspasering.

Oppstart: frå 01.09.2024

Arbeidsoppgåver

  • Assistere ved oralkirurgiske inngrep og undersøkingar
  • Merkantile oppgåver som å handtere tilvisingar, innkalling og kalle inn til nye timar
  • Reingjering og sterilisering av utstyr

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar.
  • Søkjar må beherske godt norsk, både munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

  • Du må kunne arbeide sjølvstendig
  • Du må ha evne til å skape og ivareta gode relasjonar med pasientar og
    kollegaer. Vi verdset god og positiv samarbeidsånd
  • Du må vere fleksibel og omgjengeleg i eit levande arbeidsmiljø

Vi tilbyr

  • Løn i samsvar med gjeldande overeiskomst.
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar.
  • Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø.
  • Høgt fagleg nivå
  • Grundig opplæring
  • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidslivsbedrift (IA-bedrift)


Mangfaldserklæring

Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Kontaktinformasjon

Ann Kristin Hillersøy Dahle, Seksjonsleiar, 578 39 818

Arbeidsstad

Svanehaugvegen 2
6812 Førde

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Førde

Referansenr.: 4811603938
Stillingsprosent: 80%
Vikariat
Søknadsfrist: 12.08.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Kjevekirurgisk poliklinikk, Helse Førde orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på over 3,6 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. 

Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønskjer å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.

Webside https://www.helse-forde.no/
Bransje Helse og sosial
Yrke Sykepleier
Sted FØRDE (Adresse: Svanehaugvegen 2 Postnr: 6812)
Stillingstype Vikariat Deltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 12-08-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/634e1e21-6621-454c-910d-afa71fca73b8
IMPORTAPI