Stillingsbeskrivelse

Published 01-05-2024
Deadline: 21-05-2024

 

Sjukepleiar – Kombinert stilling Austevoll p.o senter/Heimetenesta

Om arbeidsstaden

Helse og velferd er ei eining med om lag 200 tilsette og blir leia av kommunalsjef. I denne eininga inngår pleie – og omsorgstenester, tildelingskontor, legetenesta, jordmortenesta, ergoterapi- og fysioterapitenesta, miljøarbeidertenesta, NAV og psykisk helse/rus/kreftomsorg og frivillig arbeid. Helse og velferd har som mål å fagleg leggje til rette med tenester tilpassa den einskilde sitt behov, slik at kvar og ein skal ha eit trygt, meiningsfylt og innhaldsrikt liv.

Ansvar og arbeidsoppgåver

  • Oppgåvene vil vera varierte, der pleie og medisinsk behandling/oppfølging til bebuarane og brukarane vil vera nokre av hovudoppgåvene.

Kvalifikasjonskrav

Formelle kvalifikasjonskrav:

  • Off. godkjent sjukepleiar
  • Gyldig politiattest
  • Internasjonale gradar må vere godkjent av NOKUT
  • Må ha bilsertifikat

Personlege eigenskapar:

  • Det er ein føresetnad at søkjar liker å jobbe med menneske, er fleksibel, arbeidsvillig, positiv og må trivast med å jobbe i team
  • Søkjar må ha gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg, og vi samhandlar digitalt via pasientjournalsystemet; Profil.

Vi tilbyr

  • Moglegheit for fagleg utvikling i eit godt og positivt fagmiljø
  • Spanande utfordringar
  • Løn etter kvalifikasjonar
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Slik søkjer du

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka «Søk stilling» på denne sida.

Det er søkjar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsettingar.

Det er og mogeleg å sende mail med søknad til anne.marie.njastad@austevoll.kommune.no eller til kjersti.soderberg@austevoll.kommune.no

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verte offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort.

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Austevoll kommune orgnr: 976973860
Kort om arbeidsgiver

Austevoll er ei øygruppe og ein kommune Sør-Vest i Vestland fylke. Austevoll er landets største fiskerikommune med svært høg næringsaktivitet og byr på eit mangfald av spennande jobbar. Kommunen sitt administrasjonskontor held til i nye lokalar i kommunehuset på Storebø som ligg 5 minuttars køyring frå ferje- og snøggbåtkai. Frå august 2023 vert alle sambanda mellom Austevoll og fastlandet gratis for alle reisande!  

Kommunen har eit folketal på 5.300 innbyggjarar og dagleg pendlar om lag 700 til Austevoll frå nabokommunar. Vi er om lag 400 fast tilsette som er opptatt av å gje innbyggjarane våre gode kommunale tenester. Vi kan tilby meiningsfylte og utfordrande oppgåver og gode, offentlege pensjons- og forsikringsordningar. Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Vi ønskjer deg velkommen som søkjar til stilling i Austevoll kommune!
 

Webside https://www.austevoll.kommune.no/
Bransje Helse og sosial
Yrke Sykepleier
Sted STOREBØ (Adresse: Birkelandsvegen 26 Postnr: 5392)
Stillingstype Vikariat Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 21-05-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/ffc1481a-92bf-4726-80e7-a31fc52589e0
IMPORTAPI
https://www.jobbnorge.no/ledige-stillinger/stilling/262505