Stillingsbeskrivelse
Published 18-04-2024
Deadline: 12-05-2024
Sjukepleiar på natt
Er du sjukepleiar og på jakt etter nye utfordringar?
Vaksdal kommune har ledig 62,44% fast stilling som sjukepleiar på natt i Heimetenesta.
Det er mogeleg med timebankstilling i tillegg, slik at total stillingsprosent kan aukast opp mot 75% fast stilling.
Arbeidsoppgåver vil blant anna vera
- Gje støtte og vegleiing til brukar og pårørande
- Omsorg og pleie
- Sjukepleieprosedyrar
- Palliasjon i heimen
Krav til kompetanse
- Autorisasjon som sjukepleiar, anna relevant treårig høgskuleutdanning innan helse kan bli vurdert
- Førarkort klasse B
- Godkjend politiattest må leggast fram ved tilsetjing
- Ynskjeleg med erfaring frå heimetenesta
Personlege eigenskapar
- Du likar å arbeide sjølvstendig og å ta ansvar på vakter
- Du har gode kommunikasjonsferdigheiter og evnar å samarbeide i eit tverrfagleg perspektiv. Evnar å sjå heilskapen mellom dei ulike avdelingane og arbeidet som vert gjort
- Du er fagleg trygg, modig og raus – og evnar å gjere tenesta, tilsette og brukarar gode
- Du er påliteleg, stabil og løysingsorientert, med stor evne til gjennomføring
Vaksdal kommune kan tilby
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- Kompetente og engasjerte kollegaer
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Individuell oppfølging
- Moglegheiter for støtte til etter- og vidareutdanning
- Løn i tråd med tariffavtaleverk
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Vaksdal kommune orgnr: 989882201 |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Vi tilbyr spanande moglegheiter for utvikling og karriere. Gjennom sitt engasjement bidreg våre tilsette kvar dag til at Vaksdal er ein god kommune å leve, bu og arbeide i. Vi er opptatt av innovasjon og er langt framme på digitalisering. Du finn oss sentralt, mellom Voss og Bergen. Det er enkelt å reisa hit med tog og bil. Heimesjukepleien har base på Dale, og dekkjer heile kommunen. Vi skal leggje til rette for at flest mogleg kan bu lengst mogleg heime. Det gjer vi gjennom å leggje til rette for eigenmeistring og sjølvstende, ved å byggje på brukaren sine eigne ressursar. Vi har brukarar i alle alderstrinn, og arbeidskvardagen vår er allsidig og spanande. Arbeidsoppgåver er blant anna: Stell og pleie, oppfølging av ernæring og medisinar, gje støtte og vegleiing til brukar og pårørande, kvardagsrehabilitering, omsorg og pleie, palliasjon i heimen, oppfølging med velferdsteknologi.
|
Webside | https://www.vaksdal.kommune.no/ |
Bransje | Helse og sosial |
Yrke | Sykepleier |
Sted | DALEKVAM (Adresse: Konsul Jebsensgate 16 Postnr: 5722) |
Stillingstype | Fast Deltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 12-05-2024 |