Sjukepleiar/Vernepleiar 75% Natt – Eining Pleie- og omsorg, Sveio kommune

Health and social care Sykepleier

(2 uker siden)

  • SVEIO
  •  Lagt til dato: 14. april 2024
  •  Expire date: 5. mai 2024
Stillingsbeskrivelse

Published 14-04-2024
Deadline: 05-05-2024

 

Sjukepleiar/Vernepleiar 75% Natt

Vi søkjer etter ny kollega til Sveio omsorgssenter – 75 % fast stilling som sjukepleiar / vernepleiar på natt.

Me er ein kommune som driv etter LEAN/KF prinsipp, kor me jobbar for å bli litt betre kvar dag. PLO er no inne i ein prosess der me ser på korleis me som kommune, kan gjere morgondagens helse- og omsorgstenester betre for dei som mottar tenester.
Omsorgssenteret er preget av eit godt miljø, godt samarbeid, fagleg fokus og mykje godt humør. Me er ei samla arbeidsgruppe som brenn for å yta fagleg gode tenester til våre brukarar. Dei siste åra er fleire av sjukehusets oppgåver blitt overført til kommunen. Dette resulterer i ein spennande arbeidskvardag, fylt med prosedyrar og utfordringar. Me tar godt i mot ny tilsette, og du skal få ei god opplæring. Er du nyutdanna legg me til rette for ein god oppstart. Me er opptatt av at du trives og føler deg trygg i eininga. På natt har me eit felles team, som server både Sveio Omsorgssenter og heimetenesta i kommunen.
Sveio omsorgssenter har tre avdelingar med til saman 41plassar. Sjå gjerne på vår Instagramkonto;# SveioOmsorgsenter med flotte bilete av kvardagen hjå oss. 

Arbeidsoppgåver

• Sjukepleiar / vernepleiar har ansvar for medisinfaglege oppgåver.

• Samarbeid med pårørande, lege og spesialisthelsetjenesta.

• Varierte oppgåver og stor variasjon i behandling.

• Mange spennande faglege utfordringar knytt til samhandlingsreforma.

• Pådrivar for å legge til rette og bidra til at brukerane skal oppleva trygghet og meistring.

• Ansvar for medisinsk faglege oppgåver og til rettelegga for eit trygt og meiningsfylt miljø for bebuarane i samarbeid med ulike yrkesgrupper.

Kvalifikasjonar

• Autorisasjon som sjukepleiar / vernepleiar, 3. års studentar oppmodast til å søkje.

• Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.

• Erfaring frå arbeid på sjukeheim er ynskjeleg.

• Tilfredsstillande politiattest, etter gjeldande lovverk.

Personlege eigenskapar

 Me legg vekt på at du er fleksibel og søkjer nye og betre løysingar i samhandling med dine kollegaer.

• Du er fagleg interessert og held deg oppdatert.

• Positiv og trygg i rolla.

• Arbeide sjølvstendig, ta initiativ og trivast med høgt arbeidstempo.

• Har evne til å handtere og strukturere varierte arbeidsoppgåver.

• Ser og forstår betydinga av eit godt tverrfagleg arbeid.

• Du har god holdningar og verdiar som set pasientane i fokus.

• Har gode samarbeids- og kommunikasjonsferdigheter.

• Ynskjer å bidra til eit godt arbeidsmiljø, og ein god læreplass for elevar og studentar.

Vi tilbyr

• En lærande arbeidsplass med fokus på forbetringsarbeid.

• Mulighet for vidareutdanning.

• Faste fagmøter for sjukepleiarane / vernepleiarane i eininga.

• Godt fagleg arbeidsmiljø med fokus på arbeidsnærvær.

• Gode høve for fagleg og personleg utvikling.

• Faste sosiale arrangement.

• Gode pensjons- og forsikringsordningar gjennom KLP.

• Tilsetjing på vanlege kommunale vilkår.

• Tillegg sjukepleiar og vernepleiar kr. 10.000.

• Lønsvilkår: Etter gjeldande lov- og avtaleverk.

Kontaktinformasjon

Espen Skråmestø, Avdelingsleiar Administrasjon, 99502629, Espen.Skramesto@sveio.kommune.no
Camilla Selbak, Einingsleiar Pleie- og omsorg, 95154037, camilla.selbak@sveio.kommune.no

Arbeidsstad

Løkjavegen 35
5550 Sveio

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Sveio kommune

Referansenr.: 4798266059
Stillingsprosent: 75%
Fast
Startdato: 01.06.2024
Søknadsfrist: 05.05.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Eining Pleie- og omsorg, Sveio kommune orgnr:
Kort om arbeidsgiver Vakre Sveio ligg midt i storregionen mellom Boknafjorden og Bjørnafjorden. Dei vel 5.750 sveibuane har kort veg til alle servicefunksjonar og tilgjenge til ein stor og variert arbeidsmarknad på Haugalandet og i Sunnhordland. Sveio kommune er kombinasjonen av landleg idyll og urbane kvalitetar.
Webside http://www.sveio.kommune.no
Bransje Helse og sosial
Yrke Sykepleier
Sted SVEIO (Adresse: Løkjavegen 35 Postnr: 5550)
Stillingstype Fast Deltid Antall stillinger: 1
Sektor
Krav Unknown
Tiltredelse 01-06-2024
Søknadsfrist 05-05-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/c083b06e-1960-4f1b-b0b8-963829aea524
IMPORTAPI