Stillingsbeskrivelse

Published 09-04-2024
Deadline: 05-05-2024

 

Sognasmed – politisk koordinator i Sognarådet

Vil du vere med å forme ein region som brenn for gode liv, skaparkraft og framtidas arbeidsplassar og lokalsamfunn? Då er Sognarådet interessert i høyre meir frå deg! 

Sognarådet IPR jobbar for å fremje vekst og utvikling i Sogn, og består av ordførarane i kommunane Vik, Sogndal, Luster, Årdal, Lærdal og Aurland. No søker me ein person som kan bidra til å spele regionen god i møte med verda rundt oss, gjennom å skape arenaar for at dei folkevalde i regionen kan fremje Sogn sine interesser. Stillinga er nyoppretta og 100% fast med Sogndal kommune som hovudarbeidsgjevar.

I rolla som politisk koordinator vil du få høve til å jobbe tett på dei viktigaste sakene for innbyggjarane og næringslivet i Sogn, og kunne påverke utviklinga i ein region som veks og som trekk til seg unge, flinke og eventyrlystne folk frå heile landet.  

Arbeidsoppgåver: 

Rolla vil krevje stor evne til å forme eigen arbeidskvardag, og kan mellom anna innehalde: 

  • Legge til rette for politisk arbeid i møte med regionale og nasjonale aktørar 

  • Sette viktige saker på den regionale dagsorden 

  • Knyte kontaktar med viktige utviklings- og myndigheitsaktørar, og skape møteplassar mellom Sogn og omverda 

  • Sette dagsorden med viktige regionalpolitiske saker lokalt i kommunane i Sogn 

  • Vere eit bindeledd mellom politikk, administrasjon og sivilsamfunnet 

Kvalifikasjonar: 

Me ser etter deg som: 

  • Forstår Sogn, Vestland og den nasjonalpolitiske arenaen 

  • Kjenner godt til samspelet mellom politikk, nærings- og samfunnsliv og offentleg forvaltning 

  • Trivst med og har erfaring med å skape sin eigen arbeidskvardag 

  • Evnar å skape kontaktar og kommunisere skriftleg og munnleg 

  • Likar å vere i bevegelse, og trivst med å vere til stades der det skjer 

Personlege eigenskapar: 

  • Brenn for vekst og utvikling i Sogn 

  • Samarbeider godt med andre 

  • Er nysgjerrig på framtida og det som er mogeleg 

  • Kan jobbe sjølvstendig og forme eigne oppgåver 

Me tilbyr: 

  • Stillinga vil inngå som ein del av den samla regionale satsinga i Sogn, som i tillegg til arbeidet med politisk leiing gjennom Sognarådet IPR inkluderer Sogn kommunalt oppgåvefellesskap (Sogn KO) og Sogn Interkommunale Friluftsråd 

  • Høve til å utvikle deg fagleg som ein del av eit framtidsretta kollegium 

  • Fleksible arbeidstidsordningar og lønn etter avtale 

  • Gode offentlege pensjons- og forsikringsvilkår 

  • Trening for tilsette

Dersom du har interesse for stillinga, er du velkomen til å ta kontakt med ordførar Roy Egil Stadheim i Vik kommune på tlf. 48891476, eller kommunedirektør Tor-Einar H.Skinlo i Sogndal kommune på tlf. 95839029.

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det. 

Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort. 

Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit. 

Link til søknadsskjema: Søk her
 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Sogndal kommune Sogndal kommune orgnr: 974879522
Kort om arbeidsgiver Velkommen til fagre Sogn! Staden der du kan kombinere ei spanande karriere med eit liv i frisk luft og fantastiske omgjevnadar. Sjekk ut sogn.no for fleire grunnar til å kome til Sogndal og Sogn.
Sogndal kommune vart etablert 01.01.2020 etter kommunereforma. Det er ca. 12.000 innbyggjarar i kommunen, i tillegg er me vertskommune for over 3.000 studentar gjennom studieåret. Sogndal er regionsenteret i Sogn. Kommunen har om lag 1300 medarbeidarar. Kvar dag leverer me gode tenester i tråd med innbyggjarane og næringslivet sine behov. Me har sett oss som mål å vere ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innan reiseliv, unike kompetansemiljø og innovasjon.

Tilgjengelegheitserklæring: https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/187f2156-519b-4500-aa98-4e70dee1f837

Webside
Bransje Kontor og økonomi
Yrke Organisasjonsarbeid og politikk
Sted LEIKANGER (Adresse: Riverdalen 5 Postnr: 6863)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 05-05-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/670e2c86-a132-4a76-92aa-34984b03cb14
IMPORTAPI