Stillingsbeskrivelse

Published 18-04-2024
Deadline: 03-05-2024

 

Sosionom til fast stilling

Har du lyst på ein utfordring?
Ved Psykiatrisk akuttmottak har vi ledig 100% fast stilling for sosionom med arbeid på dagtid. 

Psykiatrisk klinikk tilbyr spesialisert utgreiing, diagnostisering, behandling og rehabilitering på sjukehusnivå. Psykiatrisk akuttmottak består av ei mottakseining og 2 sengepostar. På sengepostane (PAM 1/PAM 2) har vi i oppgåve å ta imot, ta vare på og behandle menneske i den akutte fasen av ein psykisk liding. Målsettinga er å gi raske og fagleg kompetente vurderingar som kan danna eit grunnlag for vidare diagnostikk og behandling. Opphaldet i PAM er av kort varigheit (1 til 5 dagar). Etter eit opphald i PAM blir pasienten overført til andre sjukehusavdelingar eller utskriven med oppfølging frå eit distriktspsykiatrisk senter eller frå kommunehelsetenesta. PAM tar imot både pasientar som frivillig ønskjer behandling og pasientar som er underlagd tvungent psykisk helsevern.

Vi jobbar i tverrfaglege team beståande av spesialsjukepleiarar, sjukepleiarar, hjelpepleiarar, sosionom, lege, psykiater og psykologspesialist.

Sosionom tar del i det tverrfaglege behandlingsteamet og skal medverke med sosialfagleg kompetanse i utforminga av det heilskaplege behandlingstilbodet for den enkelte pasient og i møte med deira pårørande.

Arbeidsoppgåver

Ansvar og oppgåver

Sosionom skal:

  • Handle innanfor gjeldqnde lover, føresegner, avtalar og interne føresegner, herunder etiske retningslinjer og internkontroll
  • Aktivt bidra til at psykiatrisk klinikk og Helse Bergens overordna mål og strategiar blir oppnådd
  • Handle innanfor delegert myndigheit
  • Utvikle og vedlikehalde eit godt samarbeid med interne og eksterne samarbeidspartnarar
  • Arbeide for eit godt arbeidsmiljø, herunder følge HMS-prosedyrar
  • Medverke til å vidareutvikle Psykiatrisk klinikk i tråd med sentrale føringar og gjeldande planar for klinikken
  • Gi råd og rettleiing til pasientar, pårørande og hjelpeinstansar
  • Delta i det tverrfaglege arbeidet ved seksjonen

Stillingsspesifikke oppgåver:

  • Betre pasienten sin livskvalitet og gi den sosialfaglege bistand som er nødvendig for å oppfylle mål som er satt for den enkelte pasient
  • Bistå med endringsskapande hjelp til pasienten og familie/pårørande; eventuelt i samarbeid med andre hjelpeinstansar
  • Sikre eit heilskapleg hjelpetilbod
  • Sikre at pasientens trygde- og sosiale rettar blir ivaretatt
  • Formidle og ivareta kontakt mellom spesialisthelsetenesta Nav, Kommunalt hjelpe- og serviceapparat, samt andre aktuelle instansar
  • Kartlegge og gi råd og rettleiing i sosiale og økonomiske forhold, samt praktisk hjelp med søknadar – eventuelt vise vidare til instansar som kan hjelpe vidare
  • Hjelp med å skaffe eller behalde bustad
  • Råd og rettleiing med omsyn til arbeidsretta aktivitet og studiar
  • Sosionom som har vidareutdanning med godkjenning innan relevant fagområde, kan ha utvida ansvar for oppfølging og behandling av pasientar, jf. «Godkjenningsordning for kliniske sosionomar»
  • Sosionom er barneansvarleg ved seksjonen og har hovudansvar for å kartlegging og oppfølging av pasientar sine barn  

Kvalifikasjonar

  • Minimum bachelor i sosialt arbeid
  • Kunnskap om velferds- og hjelpesystem
  • Erfaring frå samarbeid med eksterne instansar
  • Ønskeleg med brei erfaring frå det sosialfaglege feltet

Personlege eigenskapar

  • Strukturert
  • Pasientorientert
  • Sjølvstendig
  • Fleksibel
  • Gode kommunikasjonseevner
  • Evne til å arbeide målretta med arbeidsoppgåver
  • Engasjert
  • Vere ein god teamarbeidar
  • Løysingsorientert
  • Søkar må vere personleg eigna til arbeidet

Vi tilbyr

  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Triveleg arbeidsmiljø
  • Høgt fagleg nivå
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)

Kontaktinformasjon

Urd Hege Loftesnes, Seksjonsleiar, 55956422

Arbeidsstad

Sandviksleitet 1
5036 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen

Referansenr.: 4802070014
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 03.05.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Psykiatrisk klinikk/ Avdeling PAM/ Seksjon PAM2, Helse Bergen orgnr: 974557746
Kort om arbeidsgiver

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.

Webside www.helse-bergen.no
Bransje Utdanning
Yrke SFO, barne- og fritidsleder
Sted BERGEN (Adresse: Sandviksleitet 1 Postnr: 5036)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 03-05-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/54dd7c68-1adb-4953-8f00-088f136e58d9
IMPORTAPI