Stillingsbeskrivelse

Published 23-04-2024
Deadline: 19-05-2024

 

Spesialsjukepleiar til 100% stilling ved Kompleks rehabilitering (KRS) Sandviken

Kompleks rehabilitering Sandviken (KRS) har ledig 100% stilling for spesialsjukepleiar.

Seksjon kompleks rehabilitering Sandviken (KRS) er ein seksjon for rehabilitering av personar med psykoseliding med kompliserande tilstandar. Den nye seksjonen har p.t. 8 døgnplassar og er organisert i to grupper. Den eine gruppa skal gjev tilbod til personar som har kombinasjon av psykose og psykisk utviklingshemming eller utviklings-forstyrring, den andre gruppa psykoseliding med kompliserande tilstandar. Seksjonen driv rehabilitering til bustad og dagleglivets aktivitetar og utfordringar i eit samarbeid med innsøkande instansar og dei kommunale tenestene.

Vi jobbar i tverrfaglege team beståande av vernepleiarar, sjukepleiarar,
hjelpepleiarar, sosionom, lege, psykiater og psykologspesialist. Vernepleiar/sjukepleiar i KRS har medansvar, saman med resten av personalgruppa for å utvikle miljøterapi og saman med resten av leiinga etablere eit godt fungerande samarbeid med aktuelle instansar.

Arbeidsoppgåver

  • Miljøterapeutisk arbeid/postmiljø
  • Teamarbeid 
  • Observere og dokumentere
  • Ansvarsvakt
  • Administrere medisinsk behandling
  • Bidra til å skape ei trygg postatmosfære med omsorg, støtte, struktur og gode grensar for kvar enkelt pasient
  • Praktiske oppgåver
  • Oppfølging av pasientar med fokus på aktivisering og daglege gjeremål

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar med relevant vidareutdanning innan psykisk helsearbeid
  • Relevant erfaring med pasientgruppa
  • Må meistre norsk munnleg og skriftleg godt     

Personlege eigenskapar

  • Løysingsorientert, sjølvstendig og målretta
  • Strukturert
  • Pasientorientert
  • Ha respekt for kvar enkelt pasient og pårørande
  • Ha evne til å arbeide tverrfagleg og i team
  • Trivast i eit aktivt og travelt miljø
  • Etterspør rettleiing           

Vi tilbyr

  • Å delta i eit spennande og fagleg miljø, der folk trivast på jobb
  • Fadderordning
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Mangfaldserklæring
Vi ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.  

Kontaktinformasjon

Susanne Karlsen, Seksjonsleiar, 55958630, susanne.karlsen@helse-bergen.no
Silje Madeleine Mihle Hop, Assisterande seksjonsleiar, 55958878

Arbeidsstad

Hatleveien 7D
5038 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen

Referansenr.: 4805041703
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 19.05.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Psykiatrisk klinikk, Helse Bergen orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.

Webside www.helse-bergen.no
Bransje Helse og sosial
Yrke Lege
Sted BERGEN (Adresse: Hatleveien 7D Postnr: 5038)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 19-05-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/587834c9-dbca-4ec6-b6ce-d4c92ed398c2
IMPORTAPI