Stipendiat i romfysikk og atmosfæredynamikk – Universitetet i Bergen

Education Universitet og hoyskole

(2 uker siden)

  • BERGEN
  •  Lagt til dato: 25. april 2024
  •  Expire date: 1. juni 2024
Stillingsbeskrivelse

Published 25-04-2024
Deadline: 01-06-2024

 

Stipendiat i romfysikk og atmosfæredynamikk

UiB – Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda – globalt, nasjonalt og lokalt – skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Stipendiat i romfysikk og amosfæredynamikk

Ved Institutt for fysikk og teknologi er det ledig ei stilling som stipendiat i romfysikk og atmosfæredynamikk. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år, med høve til eit fjerde år beståande av pliktarbeid (til dømes undervisning).

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Stipendiaten vil vere ein del av forskingsgruppa i romfysikk som arbeider med partikkelnedbør. Eit hovudfokus for denne gruppa er å forstå kjemiske og dynamiske effektar i den nøytrale atmosfæren forårsaka av energirik partikkelnedbør. Energirike elektron og proton, fanga i jordas magnetfelt, kan kollidere med gassane i atmosfæren. Kollisjonane set i gang ei rekkje kjemiske reaksjonar som aukar produksjonen av NOx og HOx gassar, som i sin tur kan redusere ozon-konsentrasjonen. Ozon er viktig for energibudsjettet ved desse høgdene. Såleis, ved å redusere mengda ozon rundt 50 km kan ein endre temperatur, vindar og bølgjeforplantinga gjennom eit komplekst samspel. Prosjektet har som mål å avdekkje korleis effekten av partikkelnedbør avhenger av tilstanden til atmosfæren. Den øvre atmosfæren har dei siste tiåra vorte avkjølt og bakgrunnsvindane har akselerert som eit resultat av klimaendringar. Korleis dette vil påverka effekten av partikkelnedbør er framleis ukjend. I dette studiet skal stipendiaten nytte klimamodellen WACCM. Dette er ein unik sjanse til å arbeide på eit utfordrande og tverrfagleg prosjekt som vil fremje vår forståing av korleis atmosfæren til jorda er kopla med rommet.

 Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande utdanning i romfysikk, atmosfærefysikk eller eit relatert fagfelt. Masterstudentar kan søkje dersom dei fullførar den endelege mastereksamen før 01.07.2024. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Dokumentert god kunnskap om og erfaring med eitt eller fleire av dei følgjande tema er eit krav:
    • aeronomi ved høge breidder (kjemi og/eller dynamikk)
    • prosessane som påverkar nedbøren av energirike partiklar i atmosfæren
    • statiske metodar for å handtere komplekse data
  • Erfaring frå dataanalyse ved bruk av vitskapleg porgrammering, t.d. Matlab eller Python er eit krav.
  • Erfaring med følgjande tema er ein fordel:
    • kunnskap om Matlab
    • kjennskap til klimamodellar (WACCM) eller observasjonsbasert datasett for atmosfæren (t.d. ERA5).
    • kjennskap til energirik partikkelnedbør og dei tilhøyrande effektane på atmosfæren
    • kjennskap til statistiske metodar
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telje ved vurdering av kandidatane.

Særeigne krav for stillinga
UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga. 

For stillinga gjeldt følgande:

Om stillinga som ph.d.-stipendiat
Samla stipendperiode er 3 år, med høve til eit 4. år beståande av pliktarbeid (til dømes undervisning) fordelt med 25 % over tilsetjingsperioden. Dette avheng av kandidaten sine kvalifikasjonar og instituttet sitt behov for undervisning, og vert avgjort av instituttleiar ved tilsetjing.

Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling (stipendiat, vitskapleg assistent eller liknande), kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

Om forskarutdanninga
Som ph.d. stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Frist for å søkje om opptak til ph.d.-programmet ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet er to månadar etter tiltreding i stillinga eller etter oppstart av det forskingsprosjektet som skal leie fram til ph.d.-graden. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.

Vi tilbyr:

  • eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
  • løn som stipendiat (kode 1017) i samsvar med det statlege lønsregulativet. Dette utgjer ei brutto årsløn på kr. 540 500 (tilsvarande lønstrinn 55). Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet.
  • medlemskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • ei kort utgreiing om forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad. Dersom du enno ikkje har fullført mastergraden din, må du sende inn ei stadfesting frå institusjonen på forventa dato for oppnådd mastergrad. Mastergraden må vere dokumentert med karakterutskrift og/eller vitnemål, alternativt ei stadfesting frå gradsgjevande institusjon på fullført grad og oppnådd karakter, innan 01.07.2024.
  • relevante attestar
  • godkjend dokumentasjon på at du oppfyller krav til engelskkunnskapar (dersom påkravd, jfr. Krav til engelskkunnskaper ved opptak til ph.d.-programmet)
  • eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til førsteamanuensis Hilde Nesse, hilde.nesse@uib.no, ved Institutt for fysikk og teknologi.

For HR-relaterte spørsmål ta kontakt med Thea Thingnes, thea.thingnes@uib.no 

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her.       

Livet som ph.d.-kandidat ved UiB

Astrid Nybø forteller om livet og arbeidshverdagen som ph.d.-kandidat ved UiB.

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Universitetet i Bergen orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.  

Webside https://www.uib.no/om/84775/ledige-stillinger-ved-uib
Bransje Utdanning
Yrke Universitet og høyskole
Sted BERGEN (Adresse: Christiesgt. 18 Postnr: 5020)
Stillingstype Vikariat Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Høyere utdanning
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 01-06-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/098039ca-0f79-45f5-bb97-5a73bc76ab7b
IMPORTAPI
https://www.jobbnorge.no/ledige-stillinger/stilling/262257