Studiekonsulent – Universitetet i Stavanger

Education Instruktorer og pedagoger

(2 uker siden)

  • STAVANGER
  •  Lagt til dato: 15. april 2024
  •  Expire date: 7. mai 2024
Stillingsbeskrivelse

Published 15-04-2024
Deadline: 07-05-2024

 

Studiekonsulent

Om stillinga

Universitetet i Stavanger har ledig vikariat som studiekonsulent ved administrasjonen på Institutt for medie- og samfunnsfag ved Det samfunnsvitskaplege fakultet. Stillinga er ledig frå 05.08.2024 til og med 31.07.2025.

I rolla som studiekonsulent vil du oppleva ein variert og utfordrande kvardag. Du vil vere med å planleggje og organisere eksamenar, frå å utarbeide eksamensplanar til å koordinere ressursar og sørge for at alt går smidig for studentane på medie- og samfunnsfag. Dette krev nøye oppfølging og kommunikasjon med fakultetet og studentane. Du vil også måtte handsame klagesaker og førespurnader frå både studentar og fakultetet angåande eksamensresultat. Du vil òg støtte andre vitskaplege og administrative tilsette ved instituttet. Dette kan inkludere alt frå å gje rettleiing til studentar om studieplanar og -moglegheiter, til å hjelpe fakultetet med administrative oppgåver knyta til undervisning og forsking.

Hovudoppgåver

  • Administrativt eksamensarbeid: Planlegging, gjennomføring og kvalitetssikring av eksamensarbeid på instituttet
  • Registrere og vedlikehalde eksamensplanar i ulike dokument/kanalar
  • Tett samarbeid med og rettleiing av emneansvarlege i førebuing og gjennomføring av eksamen
  • Sakshandsame og følge opp klagesaker om sensur og karaktersetting
  • Studierettleiing og informasjon til studentane om plikter og rettar knyta til eksamen, i samsvar med lov og regelverk
  • Sakshandsame studentsakar, mellom anna tilrettelegging av eksamen for studentar med særskilte behov
  • Bidra til kvalitetssikring av informasjon om studieprogram på vitnemålet
  • Hjelpe til ved studiegjennomføring og kvalitetssikring/-utvikling

Kvalifikasjonar

Du må ha:

  • høgare utdanning på minimum bachelornivå. Særskilt relevant erfaring kan kompensere for utdanningskravet.
  • relevant erfaring, helst frå rettleiing og administrative oppgåver
  • gode kommunikasjonsevner munnleg og skriftleg på norsk og engelsk

I tillegg til det nemnde ovanfor, vil det òg være ein fordel med:

  • administrative ferdigheiter, til dømes sakshandsame, koordinering o.l. 
  • god problemløysingsevne og at du kan identifisere utfordringar i arbeidet
  • erfaring med rådgiving av studentar

Vi tilbyr

  • eit uformelt arbeidsmiljø med inspirerande fagfolk innan medie- og samfunnsvitskap samt administrasjon
  • arbeidsoppgåver i ein stor organisasjon med eit viktig samfunnsoppdrag
  • fleksibel arbeidstid
  • lønn etter Statens lønnsregulativ l.pl 90.103, kode 1408, kr 500 000 – 600 000 bto pr år. I særskilte tilfelle kan høgare løn bli vurdert. Frå løna vert det trekt lovfesta innskot til Statens pensjonskasse.
  • medlemskap i Statens pensjonskasse som sikre gode pensjons- og forsikringsordninga
  • meir om gode for tilsette og fordelar på våre nettsider

Mangfald

Mangfald er ein ressurs i arbeids- og læringsmiljøet ved UiS. Når vi har ulike bakgrunnar og erfaringar, kan vi sjå utfordringar frå fleire vinklar og finne betre løysingar.  

På UiS er vi opptatt av å vise respekt for kvarandre med dei ulikskapane vi har, og vi legg til rette for tilsette med nedsett funksjonsevne. Vi tek omsyn til behova dine og situasjonen din i ulike livsfasar. 

Om du synest stillinga er interessant, oppmodar vi deg til å søkje, uavhengig av kjønn, funksjonsevne, kulturell bakgrunn eller om du har vore utanfor arbeidslivet ei tid.   

Er det kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, kallar me minst inn éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju. Kjenne du deg igjen i ein av desse kategoriane, kan du kryssa av i jobbsøkjarportalen vår.

Les meir om krava for å bli vurdert som søkjar i desse gruppene her.

 

Kontaktinformasjon

Spørsmål om stillinga kan rettast til kontorsjef Anne Helliesen, tlf: 51831936, e-post: anne.helliesen@uis.no.

Spørsmål om tilsetjingsprosessen kan rettast til Janne V. Endresen,  tlf: 51 83 12 16, e-post: janne.v.endresen@uis.no.

Søknad

Søk på stillinga elektronisk via «Søk stillinga» på denne sida. Her vert minimum søknadsbrev, relevant utdanning og arbeidserfaring samt språkferdighetar registrert. I søknadsbrevet må du få fram kva kompetanse og motivasjon du har for stillinga.

Ein meir utfyllande CV, vitnemål, attestar og eventuelt annan dokumentasjon som du vil det skal tas omsyn til ved vurdering av søknaden, må lastas opp som vedlegg. Dokumentasjonen må finnast på eit skandinavisk språk eller engelsk. Dersom vedlegga overskrid 30 MB til saman, må dei komprimerast før opplasting.

Søknaden vert vurdert ut frå informasjonen som er tilgjengeleg i Jobbnorge ved søknadsfristen. Sørg derfor for at søknaden tydeleg viser korleis evnene og erfaringane dine oppfyller kompetansekrava som det er skrive om over.

Vi gjer merksame på at opplysningar om søkjar kan bli offentleggjorde sjølv om søkjer har bedd om ikkje å bli oppført på offentleg søkjarliste, jf offentleglova § 25. Dersom ønsket ditt ikkje blir tatt til følgje, vil du bli varsla om dette. 

UiS vurderer berre søknadar og vedlegg som er registrert i Jobbnorge.

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Universitetet i Stavanger orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Universitetet i Stavanger (UiS) har omlag 12.000 studentar og 2.200 tilsette. Universitetet har store ambisjonar. Vi skal ha en innovativ og internasjonal profil og vera ei drivkraft i kunnskapsutviklinga og endringsprosessar i samfunnet. Vår felles retning skal drivast fram av omtanke for grønn og berekraftig omstilling og rettferdig samfunnsutvikling, gjennom nye måtar å forvalte naturressursane på og ved å legge til rette for betre byar og lokalsamfunn. Energi, helse og velferd, læring for livet er våre satsingsområde.

I samspel og dialog med våre omgjevnadar regionalt, nasjonalt og internasjonalt har vi eit ope og innovativt klima for utdanning, forsking, kunstnarisk utviklingsarbeid, nyskaping, formidling og museumsverksemd. Den faglege verksemda ved UiS er organisert i seks fakultet med 13 institutt og 2 nasjonale forskings- og kompetansesenter i tillegg til Arkeologisk museum. Vi er medlem i det europeiske nettverket for innovative universitet – European Consortium of Innovative Universities (ECIU). Universitetet ligg i den mest attraktive regionen i landet med 300.000 innbyggjarar.  Stavangerregionen har et dynamisk arbeidsmarknad og tilbyr ei rekke spennande kultur- og fritidsaktivitetar.

Saman med dei tilsette og studentane våre vil vi løfta blikket, og våga å tenke stort og nytt – vi utfordre det velkjente og utforske det ukjente.

Det samfunnsvitenskapelige fakultet har om lag 2.400 studentar og 210 tilsette. Fakultetet tilbyr utdanningar på bachelor- master- og doktorgradsnivå Studiane byggjer på ein kombinasjon av teoretisk og praktisk kunnskap, på tverrfaglighet og samarbeid med offentleg og privat verksemd. Ny kunnskap vert generert ut frå både praktisk røynsle og systematisk forsking, eller i kombinasjonen av desse to. Utdanningstilbodet er variert og omfattar blant anna hotell- og reiseliv, mediefag, samfunnsfag, sosiologi, sosialt arbeid og barnevern. Fakultetet består av Institutt for medie- og samfunnsfag, Institutt for sosialfag og Norsk hotellhøgskule.

 

Webside http://www.uis.no/
Bransje Utdanning
Yrke Instruktører og pedagoger
Sted STAVANGER (Adresse: Ullandhaug Postnr: 4036)
Stillingstype Vikariat Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Høyere utdanning
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 07-05-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/ff071d3a-da1d-47f8-8cfb-3864294dc7da
IMPORTAPI
https://www.jobbnorge.no/ledige-stillinger/stilling/261105