Tannhelsesekretær – Nordfjordeid Tannklinikk, Vestland fylkeskommune

Health and social care Helse

(2 uker siden)

  • NORDFJORDEID
  •  Lagt til dato: 14. april 2024
  •  Expire date: 3. mai 2024
Stillingsbeskrivelse

Published 14-04-2024
Deadline: 03-05-2024

 

Tannhelsesekretær

Vestland tannhelseteneste – Nordfjordeid tannklinikk har ledig 100% stilling som tannhelsesekretær med startdato juli 2024. 

Nordfjordeid er kommunesenteret i Stad kommune. På Eid kan du oppleve fjell og fjordaktivitetar både sommar og vinter, Malakoff rockfestival, eit unikt trehusmiljø i Eidsgata, Norsk Fjordhestsenter og Harpefossen skisenter. Stad kommune er også kjent for surfeparadiset i Hoddevika. 

Nordfjordeid tannklinikk er ein klinikk for 2 tannlegar, 2 tannpleiar og 2 tannhelsesekretærar. Dei har også kjeveortopedar på klinikken ein dag i månaden. Nordfjordeid tannklinikk utgjer saman med Stryn og Sandane tannklinikk Nordfjord klinikkområde. Desse har eit godt samarbeid seg imellom. Det er eit godt arbeidsmiljø og gode mogelegheiter for fagleg utvikling.

Aktivitetar i Nordfjord

Stad kommune

Arbeidsoppgåver

Arbeidsoppgåvene til tannhelsesekretæren er hovudsakleg å assistere tannlegen, vask og desinfisering/sterilisering, besvare telefon, sende timeavtalar, ta røntgenbilete av pasientar med meir. Det er ein variert og innhaldsrik arbeidskvardag. 

Kvalifikasjonar

Søkjarar med autorisasjon som tannhelsesekretær og andre med interesse for fagfeltet er oppfordra til å søkje. Vi ønskjer å tilrettelegge for at søkjar skal kunne ta utdanninga som fører til autorisasjon som tannhelsesekretær innan 3 år frå tiltredingsdato. Søkjar må beherske norsk flytande skriftleg og muntleg.

Personlege eigenskapar

Vi søkjer etter ein sjølvstendig, ansvarsbevisst og initiativrik medarbeidar med gode kommunikasjonsevner.

Vi søkjer deg som:

  • Likar å jobbe med menneske
  • Arbeider sjølvstendig og meistrar travle dagar
  • Er positiv og serviceinnstilt
  • Har gode kommunikasjonsevner
  • Har gode samarbeidsevner
  • Bidreg til eit godt arbeidsmiljø på klinikken

Det vert vektlagt at søkjar er personleg eigna til stillinga.

Vi tilbyr

ei spanande og variert stilling i eit arbeidsmiljø med høg fagleg kompetanse
–          gode moglegheiter for personleg og fagleg utvikling
–          godt samarbeid, tett kontakt, dialog og oppfølging av klinikkleiar 
–          løn etter tariff
–          fylkeskommunale tilsetjingsvilkår med gode offentlege forsikrings- og pensjonsordningar

Andre opplysningar

Den som vert tilsett må leggje fram politiattest. Alle nytilsetjingar i Vestland fylkeskommune vert gjort med ei prøvetid på 6 mnd.
Vi gjer merksam på at i følge offentleglova §25, 2.ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har bedt om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste, vil du alltid bli varsla før søkjarliste vert offentleggjort. 

Kontaktinformasjon

Elisabet Skrede, områdeleiar tannhelse, 57638010

Arbeidsstad

Bøen 4
6770 Nordfjordeid

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune

Referansenr.: 4793467910
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 03.05.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Nordfjordeid Tannklinikk, Vestland fylkeskommune orgnr:
Kort om arbeidsgiver Tannhelsetenesta i Vestland fylkeskommune gir tannhelsetenester til alle under tjue år. Vi behandlar og personar med utviklingshemming, mottakarar av heimesjukepleie, personar på sjukeheimar og rusavhengige. Vi har ein unik kompetanse som òg kjem vaksne betalande pasientar til gode. Ved Tannhelsetenesta kompetansesenter – TkVestland, tilbyr vi spesialistbehandling og driv fagleg utvikling og forsking. Gjennom førebyggjande arbeid, forsking og behandling legg vi grunnlaget for god folkehelse i Vestland. Tilsette i tannhelsetenesta i Vestland gir og eit tilpassa tannhelsetilbod til torturofre, overgrepsofre og til personar som har sterk angst for tannbehandling (odontofobi).
Webside
Bransje Helse og sosial
Yrke Helse
Sted NORDFJORDEID (Adresse: Bøen 4 Postnr: 6770)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor
Krav Norskkunnskaper
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 03-05-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/e6772d7b-ba45-42de-807e-8c4efbfeab5a
IMPORTAPI