Stillingsbeskrivelse

Published 09-05-2024
Deadline: 24-05-2024

 

Til deg som ønskjer å vera med på å gjere ein forskjell for barn og unge

Ved Stavanger ungdomssenter, avd. Lindøy, søker vi etter engasjerte miljøterapeutar. Vi har for tida ledig eit vikariat på nattevaktstilling på 62,5 % frå 10.06.2024 i 6 månader, med stor moglegheit for forlenging. I tillegg søker vi tilkallingsvikarar på natt.  I turnus jobbar ein kvar 4. helg. Målgruppa vår er omsorgsplasseringar etter barnevernslova  §§ 5-1, 3-2. Ungdomane er i alder frå 13 – 18 år.

Det er ønskeleg at du som går natt i tillegg kan ta nokre ekstravaktar.

Vi har ei personalgruppe som er spredt i alder og kjønn, og samansett med omsyn til fagleg kompetanse og bakgrunn. For meir informasjon om avdelinga, gå til vår heimeside: https://www.bufdir.no/barnevern/finn-institusjon/stavanger-ungdomssenter-lindoy/ 

Stavanger ungdomssenter femnar om avdelingane Lindøy og avdeling Våland. Begge avdelingane har 4 plassar kvar.

Arbeidsoppgåver

  • Målstyrt miljøterapi og tilrettelegging for gode rutinar i overgongen kveld/natt.
  • Ivareta ungdomane med god omsorg gjennom å vere ein trygg, tydeleg og føreseieleg vaksen.
  • Reinhald og matlaging.
  • Delta på ulike interne møtar som overlapping mellom vaktlaga, personalmøtar og ungdomsmøtar.
  • Skriftleg dokumentasjon i samband med dagleg loggføring i Birk og anna skriftleg dokumentasjon.

Kontakt med ulike samarbeidspartar, som kommunal barnevernteneste, føresette, sosialt nettverk, politi, helseinstansar m.fl.

Kvalifikasjonar

  • Fullført 3-årig sosialfagleg høgskuleutdanning som barnevernspedagog, sosionom eller vernepleiar.
  • Søkarar med anna relevant bachelorgrad kan vurderast.
  • Ved deltidsstillingar kan kandidatar med relevant erfaring, utan 3-årig bachelorgrad, og vurderast.
  • Gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar.
  • God kjennskap i bruk av IT-verktøy.
  • Sertifikat klasse B.

 Det er ønskeleg med erfaring frå og kjennskap til:

  • Miljøterapeutisk arbeid i barneverninstitusjon.
  • Barns rettigheitar i institusjon, jfr. barnevernslova. 
  • Tryggleik og sikkerheit.
  • Traumebevisst omsorg.

Personlege eigenskapar

Vi ser etter deg som:

  • Har gode evner til å bygge relasjonar.
  • Har gode kommunikasjons- og samarbeidsevnar.
  • Er løysingsfokusert, fleksibel og i stand til å handtere uforutsette hendingar på ein forsvarleg måte. 
  • Er trygg, tydeleg og tillitsvekkjande vaksen som kan romme ungdomane og deira behov.
  • Har tru på at medverknad og samarbeid med familie, nettverk og andre samarbeidspartar er ein viktig del av det miljøterapeutiske arbeidet.
  • Har evne til romslegheit, fleksibilitet og sjølvstende.
  • Er punktleg, og har evne til å arbeide strukturert og metodisk.
  • Har god fysisk og psykisk helse.

Personlege eigenskapar vil bli særleg vektlagde.

Vi tilbyr

  • Stillingane er plassert i statleg lønsregulativ i stillingskode 1495 barnevernspedagog, 1494 sosionom, 1508 vernepleiar eller 1489 miljøterapeut, p.t. kr 466 600 – 594 500 pr. år (ltr. 45-61).
  • Ved relevant vidareutdanning tilsvarande 60 studiepoeng kan det tilsetjast i stillingskode 1510 spesialutdanna barnevernspedagog, 1185 spesialutdanna sosionom, 1509 spesialutdanna vernepleiar eller 1534 spesialutdanna miljøterapeut, p.t. kr 524 700 – 624 500 pr. år (ltr. 53-64), 1173 klinisk sosionom eller 1496 klinisk barnevernspedagog, p.t. kr 532 200 – 624 500 pr. år (ltr. 54-64).
  • For søkarar utan høgskuleutdanning eller ikkje fullført bachelorgrad, kan stillinga plasserast i stillingskode 1486 miljøarbeidar, pt. kr. 394 100 – 454 500 (ltr 30-43), 1203 fagarbeidar, p.t. kr. 432 800 – 487 800 (ltr 39-48) eller 1488 miljøterapeut, p.t. kr. 443 000 – 502 300 (ltr 41-50).
  • Løn og stillingskode vert vurdert etter utdanning og erfaring.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse jf. Lov om Statens pensjonskasse, som inneber ei god tenestepensjonsordning, moglegheit for bustadlån til konkurransedyktige vilkår, samt yrkesskade- og gruppelivsforsikring.
  • Godt fagleg og sosialt miljø. Sosiale tiltak saman med gode kollegaer.
  • Deltaking i kompetanseutvikling. Gode støttespelarar i arbeidskvardagen.
  • Du får vere med på å løfte oss slik at vi kan gje barn, unge og familiar eit enda betre tilbod, og det meiner vi har ein stor verdi i seg sjølv.

Informasjon til deg som søker:

  • Inkludering og mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre enda betre. Difor ønsker vi oss medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv. Har du funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, oppmodar vi deg som søkar til å krysse av i jobbsøkerportalen. Er det kvalifiserte søkare, kallar vi inn minst éin i kvar gruppe til intervju, og får du jobben, legg vi til rette for deg om du treng det. Utanom å velje ut riktige kandidatar bruker vi ikke avkryssingane til noko anna enn anonymisert statistikk.
  • Stillingen er for tiden lagt til Stavanger ungdomssenter avdelig Lindøy.
  • Politiattest må legges fram ved tilsetjing, jf. lov om barnevern § 12-11 andre ledd, og forskrift om politiattest § 7. Denne attesten skal ikkje leggas med søknaden.
  • Du kan be om å ikke bli oppført på den offentlege søkerlista. Dette må i så fall begrunnas. Vi kontaktar deg dersom ønsket ditt ikkje tas til følge.

Søknad med CV sendes elektronisk via link på denne siden.

Vitnemål og attester med bekrefta stillingsstorleik og varigheit skal lastas opp elektronisk som vedlegg i Webcruiter, og tas med ved eit eventuelt intervju.

Kontaktinformasjon

Kim Elisabeth Wiik, avdelingsleiar, 40 40 76 20

Arbeidssted

Lindøy 1
4013 Stavanger

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Bufetat

Referansenr.: 4811011313
Stillingsprosent: 62,5%
Vikar
Startdato: 10.06.2024
Søknadsfrist: 24.05.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Stavanger ungdomssenter – avd. Lindøy, Bufetat orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Barne-, ungdoms- og familieetaten sine fem regionar har som hovudoppgåve å drifte og drive etaten sine institusjonar og familievernkontor. I tillegg har regionane ansvar for fosterheimsrekruttering og oppgåver knytt til adopsjon. Barn, unge og familiane deira skal få riktig hjelp til rett tid uansett kvar dei bur i Noreg. Bufetat sine fem regionar rapporterer til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet som er underlagd Barne- og familiedepartementet.

Bufetat region vest femner om fylka Vestland og Rogaland. Regionkontoret ligg i Bergen

Webside http://bufdir.no/
Bransje Utdanning
Yrke SFO, barne- og fritidsleder
Sted STAVANGER (Adresse: Lindøy 1 Postnr: 4013)
Stillingstype Vikariat Deltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse 10-06-2024
Søknadsfrist 24-05-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/bd6bfa6f-5d4a-4ddd-8860-0893a15c45f0
IMPORTAPI