Tilkallingsvikar – Osterøyskulen – Osterøy kommune

Education Grunnskole

(7 måneder siden)

  • LONEVÅG
  •  Lagt til dato: 3. oktober 2023
  •  Expire date: 28. april 2024
Stillingsbeskrivelse

Published 03-10-2023
Deadline: Unknown

 

Tilkallingsvikar – Osterøyskulen

Om stillinga

Osterøy kommune har fire barneskular og ein ungdomsskule, samt eit senter for vaksenopplæring. Vi har behov for trygge, stabile vaksne i arbeidet med å skape ein trygg og god skulekvardag for elevane våre. Vi søkjer derfor etter tilkallingsvikarar! 

Behovet vil vere situasjonsavhengig og vi vil vurdere aktuelle kandidatar etter kvart som behova dukkar opp. 

Arbeidet kan vere både retta mot undervisningsstillingar men og arbeid som pedagogisk medarbeidar i skuletid og i skulefritidsordning. 

Ønskja kompetanse hjå deg som vikar

Erfaring frå arbeid med barn og unge, særleg i skule, er ønskjeleg men det er ikkje eit krav. 

Vi ønskjer søkjarar som har utdanning som lærar, barne- og ungdomsarbeidar eller barnehagelærar. Vi ønskjer også å kome i kontakt med deg som har andre relevante utdanningar og vi tar og gjerne i mot deg som er høgskulestudent i pedagogisk retta fag. 

Er du ufaglært kan du sjølvsagt også søkje som tilkallingsvikar i Osterøy kommune. 

Personlege eigenskaper me ser etter

Vi søkjer etter deg som har eit ønskje om å arbeide med barn og unge og som trivast i rolla. Om du kan arbeide sjølvstendig, ta ansvar men og arbeide godt i team og er god på samarbeid, er dette eigenskapar som vil gå godt overens med arbeidet. 

Arbeid i skule krev både tolmod men likefullt engasjement, kreativitet og positivitet! Vi er både ute og inne og ser etter deg som tar ei utfordring på strak arm og som bidrar der det trengs! Er du fleksibel på arbeidstidar og kan kome på kort varsel er dette eit stort fortrinn. 

Vi tilbyr deg

  • Gode arbeidsmiljø og kjekke kollegaer 
  • Ein utviklingsorientert organisasjon 
  • Uavhengig av kva for skule du arbeidar på, har skulen fokus på elevsyn som er tufta på fagfornyinga sin overordna del 
  • Skulane har fokus på profesjonelle læringsmiljø og framtidskompetanse 
  • Arbeidsstaden din vil vere ei Inkluderande Arbeidsliv (IA) verksemd 
  • Det er gode pensjonsvilkår i SPK (undervisningsstilling) og KLP(fagarbeidar/pedagogisk medarbeidar/assistent). 
  • Det er gode forsikringsvilkår som tilsett i Osterøy kommune! Desse er for tida plasserte hjå KLP 
  • Løn etter gjeldande avtaleverk. Vi har eigne ordningar for deg som er lærarstudent!  

Anna informasjon

Alle søknadar skal registrerast gjennom JobbNorge. 

Dersom du får tilbod om stilling i Osterøyskulen må du leggje fram gyldig politiattest som er heimla i Opplæringslova § 10-9, fyrste og andre stykke. Attesten kan ikkje vere eldre enn tre månadar på tiltredingstidspunktet. 

Eventuelle vitnemål og attestar frå tidlegare arbeidserfaringar må leverast til postmottaket ved tilbod om stilling, slik at det vil bli gjort ei individuell vurdering av rett lønsnivå for deg med di erfaringsbakgrunn og utdanningsnivå! 

Du er velkomen til å ta kontakt med ein av rektorane våre for ein kjekk prat. Kontaktinformasjon finn du nederst på denne sida. 

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Osterøy kommune orgnr: 975319008
Kort om arbeidsgiver

Osterøy kommune – Nær byen, nær naturen. Osterøy, ei av Nord-Europas største innlandsøyer, eit levande lokalsamfunn med allsidig næringsliv, godt utbygd servicetilbod og vakkert landskap. Folketalet er på om lag 8 000 innbyggjarar og det er både bru- og ferjesamband til nabokommunen Bergen. Frå Lonevåg sentrum, kommunesenteret vårt, tar køyreturen til Bergen om lag 45 minutt, til Åsane tar det om lag 30 minutt og til Arna kjem du på om lag 20 minutt. I tillegg til Lonevåg har ein og Valestrand, Haus, Fotlandsvåg og Bruvik som større bygder/tettstadar.  

Osterøy har ein allsidig og livskraftig småindustri innan mekanisk, møbel, tekstil og næringsmiddelindustri. Fiskeoppdrett/-foredling er og ei viktig næring. Landbruk sysselset om lag 300 personar og tømraryrket står framleis høgt i kurs her på Osterøy. 

I Osterøy skal det vere godt å bu både for unge og eldre. Kommunen har eit rikt kulturliv, ulike idrettsaktivitetar, godt utbygd skule- og barnehagetilbod og gode helse- og sosiale tenester.  

Bli med på laget i Osterøy kommune! Me ønskjer oss stadig fleire kompetente og engasjerte medarbeidarar. Vi ser fram til å ta godt i mot deg og gje deg ei meiningsfull arbeidskvardag.  

Webside https://www.osteroy.kommune.no/
Bransje Utdanning
Yrke Grunnskole
Sted LONEVÅG (Adresse: Geitaryggen 8 Postnr: 5282)
Stillingstype Vikariat Deltid Antall stillinger: 10
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist Unknown


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/335b6eb2-a06c-4db6-b684-1bf1a33fae43
IMPORTAPI
https://www.jobbnorge.no/ledige-stillinger/stilling/251421