Tilkallingsvikar/vikar – Etnedal skule, Etnedal Kommune

Education Grunnskole

(2 måneder siden)

  • ETNEDAL
  •  Lagt til dato: 10. mars 2024
  •  Expire date: 31. desember 2024
Stillingsbeskrivelse

Published 10-03-2024
Deadline: 31-12-2024

 

Tilkallingsvikar/vikar

Etnedal skule søkjer etter tilkallingsvikarar, det kan også vera aktuelt med vikariat over ei periode ved behov.

Vi tek kontakt med søkarar og tilset etter kvart som skulen har behov.
Vi ber om forståing for at du difor ikkje alltid høyrar frå oss umiddelbart etter at du har sendt inn søknaden din.

Arbeidsoppgaver

Undervisning eller assistentoppgåver ved 1.-10. trinn. Alle fag kan vera aktuelle. 

Kvalifikasjoner

Det er primært ynskjeleg med godkjend lærarutdanning, relevant høgskuleutdanning eller relevant fagbrev.
Søkarar som kan vera tilgjengelege delar av skuleåret er også velkomne til å søke. 

Personlige egenskaper

Vi legg vekt på at dei tilsette;

  • Kan byggja gode relasjonar både til elevar og føresette
  • Tek initiativ og bidreg til utvikling av eit godt læringsmiljø og arbeidsmiljø
  • Er fleksibel og har gode samarbeidsevner

Vi tilbyr

  • Varierande og utfordrande arbeid i eit positivt miljø
  • Inkluderande arbeidsliv
  • Gode forsikrings- og pensjonsvilkår

Gyldig politiattest må framvisast før tiltreding, jf opplæringslova § 10-9. 

Det vert gjort merksam på at namnet på ein søkjar kan bli gjort offentleg sjølv om søkjaren har bedt om at namnet blir unnteke offentleg søkjarliste. Ynskje om unntak frå offentleg søkjarliste må grunngjevast i søknaden, jf. offentleglova § 25, andre ledd. Søkjaren vert varsla dersom ynskje ikkje kan takast til følgje

Attester og vitnemål sendast med elektronisk.

Kontaktinformasjon

Wenche Rognerud, Rektor, 61121801

Arbeidssted

Espelibygde 566
2890 Etnedal

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Etnedal kommune

Referansenr.: 4611253915
Stillingsprosent: 0-100%

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Etnedal skule, Etnedal Kommune orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Andre opplysningar

Eit godt arbeidsmiljø er prega av mangfald. Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uavhengig av kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.

Det vert gjort merksam på at namnet på ein søkjar kan bli gjort offentleg sjølv om søkjaren har bedt om at namnet blir unnteke offentleg søkjarliste. Ynskje om unntak frå offentleg søkjarliste må grunngjevast i søknaden, jf. offentleglova § 25, andre ledd. Søkjaren vert varsla dersom ynskje ikkje kan takast til følgje

Etnedal Kommune er ein liten kommune med korte avstandar og høve for rekreasjon i ven natur heile året. Og sjølv om kommunen er liten, er vi ein kommune som får til mykje!

Vi satsar på gode oppvekstsvilkår og har både ny barnehage med høg kvalitet, ny fleirbrukshall og godt kvalifiserte lærarar på skulen! I tillegg kan vi by på fleire mil med skiløyper, padling i verdsklasse, flotte fjellområde og det største klatrefeltet i Valdres.

Her skal liten og stor trivast, med gode kommunale tenester og mange aktive lag og organisasjonar.

Vi legg stor vekt på personleg service og nærleik til kommunale tenester og med slagordet minst og best, er Etnedal kommune ein god stad og bu og jobbe i.

Webside http://www.etnedal.kommune.no/
Bransje Utdanning
Yrke Grunnskole
Sted ETNEDAL (Adresse: Espelibygde 566 Postnr: 2890)
Stillingstype Vikariat Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 31-12-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/d64af56c-ba05-4471-8795-6bf4b942e248
IMPORTAPI