Stillingsbeskrivelse

Published 17-04-2024
Deadline: 13-05-2024

 

Tilkallingsvikarar Gossen Barne- og ungdomsskole

Undervisnings- og assistentstillingar
Tilkallingsvikarar
Gossen barne og ungdomsskole har behov for tilkallingsvikarar skoleåret 2024/2025. 
Aktuelle kandidatar vil bli kontakta ved behov.

Hovudoppgåver
Undervisning- og assistentoppgåver i skole og SFO.

Kvalifikasjonar
Formelle krav til undervisningsstillingane finn ein i forskrift til opplæringslova

Personlege eigenskapar som evne til god kommunikasjon, relasjon, samarbeid, stabilitet og fleksibilitet vert vektlagt.

Det er ikkje formelle utdanningskrav til assistentstillingar, men vi legg her og vekt på om du har dei personlege eigenskapane vi ser etter. 

Vi tilbyr
Vi tilbyr et godt arbeidsmiljø, dyktige medarbeidarar og ein arbeidsplass der vi ønsker å legge til rette for eit fagleg utfordrande og kvalitetsmessig godt tilbod til våre tilsette og brukarar.
Avlønning etter sentral Hovudtariffavtale
Kommunen har gode pensjons- og forsikringsordninger.

Særskilte krav
Det blir stilt krav om politiattest

Prøvetid
Gjensidig effektiv prøvetid på 6 mnd.

Søkarliste
Om du ønskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må du opplyse om og grunngje dette i søknaden. Opplysningar kan bli offentleggjort sjølv om du har bedt om ikkje å bli oppført på søkarlista, jfr. Offentleglova § 25. Du blir varsla dersom ønsket om reservasjon ikkje vert tatt til følge.

Send søknad

Aukra kommune nyttar elektronisk søknadsskjema. Bruk lenka til søknadsskjemaet her på sida.

 

Link til søknadsskjema: Søk her
 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Aukra kommune Gossen barne- og ungdomsskole orgnr:
Kort om arbeidsgiver Gossen barne- og ungdomsskole er ein 1.-10 skole som ligg på øya Gossen i Aukra kommune. Skolen har ca 300 elevar og ca 60 tilsette. Skolen vart opna hausten 2013, og vi har flotte rammer for opplæringa både inne og ute. Vi har vore med i fleire utviklingsprosjekt og er no med i Utdanningsdirektoratet si satsing Inkluderande barnhage- og skolemiljø saman med den andre skolen og barnehagane i kommunen.
Webside
Bransje Uoppgitt/ ikke identifiserbare
Yrke Ikke identifiserbare
Sted AUKRA (Adresse: Nyjordvegen 25 Postnr: 6480)
Stillingstype Vikariat Deltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 13-05-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/6295ffde-0d72-4b12-bcc8-7cd79d161269
IMPORTAPI