Stillingsbeskrivelse

Published 25-04-2024
Deadline: 18-05-2024

 

Vaken nattevakt i fast 79,8%

I Bufetat er vi stolte over det arbeidet vi gjer for å gje barn og unge ein god barndom som varar livet ut. Vi ligg i front internasjonalt innafor våre fagfelt når det kjem til kunnskapsbasert praksis, der vi både bidreg til, og praktiserar den aller siste forskinga. Hos oss møter du ein arbeidskultur prega av åpenheit og nytenking. Vi ser etter deg som er nysgjerrig og ikkje «låsar» deg til bestemte løysingar på utfordringane i jobben.

Skjoldvegen barnevernsenter har no ledig 1-2 faste 79,80 % stillingar som vaken nattevakt. Stillingane inneber arbeid kvar 3. helg, samt ein onsdag 3. kvar veke. Stillingane er ledig frå snarast. Vi ser etter deg som har eit stort engasjement og hjarte for ungdom som treng trygge og dyktige miljøterapeutar rundt seg for at dei skal få eit godt liv som vaksen. Stillinga vert organisert med to våkne nattevakter fordelt på tre team. Vi etterstrebar å ha ei kvinne og ein mann på kvart team. Stillingane er lagt til avdeling Søfteland som ligg i Bjørnafjorden kommune.

For å kunne gje alle våre barn og unge god og tilpassa omsorg, ønsker vi derfor å rekruttere medarbeidarar med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv.

Skjoldvegen barnevernsenter er ein omsorgsinstitusjon i Bergen for barn og unge i alderen 13 – 18 (20) år. Vi tek imot plasseringar etter Lov om barneverntenester §§ 3-2 og 5-1. Skjoldvegen barnevernsenter skal gjennom traumebevisst omsorg og Omsorg- og endringsmodellen (OEM) etablere profesjonelle omsorgsrammer som legg til rette for endring og utvikling. Senteret har tre avdelingar; Søfteland, Skjold og Fyllingsdalen med til saman 14 plassar. Vi kan tilby eit godt arbeidsmiljø med gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling, rettleiing og spanande utfordringar.

Arbeidsoppgåver

HER

Miljøterapi i ein omsorgsinstitusjon

Til oss kjem barn og ungdom når omsorgssituasjonen rundt dei må styrkjast. Dei blir ofte kjenneteikna ved at dei i tillegg til å vera «vanlege tenåringar», også har samansette og omfattande utfordringar i liva sine. Dette kan vera knytt til psykisk helse, rusproblematikk, ustabile relasjonar, mangel på tillit til system og normbrytande åtferd. Dei kan også ha erfaringar med vald, traume og ustabile buforhold med fleire tidlegare flyttingar.

Skjoldvegen barnevernsenter arbeider etter Omsorgs- og endringsmodellen (OEM), som inneber blant anna traumebevisst omsorg, dialektisk atferdsterapi mv.
Målet vårt er å bidra til at ungdommane tek gode val som leiar til varig positiv endring i sine liv. For å lykkast er følgjande viktig:

  • vi utfører godt miljøterapeutisk endringsarbeid ved hjelp av kunnskapsbaserte metodar og standardiserte forløp
  • vi sikrar tverrfagleg samhandling med kommunal barnevernsteneste, føresette, sosialt nettverk, skule, helse og arbeid
  • vi bidreg til å ivareta rettstryggleiken til ungdommen ved hjelp av god dokumentasjon
  • vi reflekterer over eiga rolle og funksjon i møte med barn, unge, familiar, kollegaer og samarbeidspartnarar
  • vi arbeider med krise- og stresshandtering og har kunnskap om å stabilisera barn i krise
  • vi arbeider førebyggjande og handterer åtferd/hendingar der barn og ungdom kan skada seg sjølv eller andre
  • vi identifiserer teikn på, og handterer konsekvensar av omsorgssvikt og vald
  • vi kartlegg styrkane og behova til ungdommen og utarbeider og følgjer opp planar på ein fagleg og systematisk måte.                                                 

For å lykkast i jobben treng du også gode verktøy. Hos oss vil du få jobba med nokre av dei fremste kunnskapsbaserte metodane og standardiserte forløpa for miljøterapi. Les meir om arbeidet vårt HER (https://www.youtube.com/watch?v=Qkz_lJT7O84)

Øvrig informasjon om stillingane

  • Nattevaktane arbeider sjølvstendig og i team på to nattevaktar, og har eit særskilt omsorgsansvar om natta.
  • Nattevaktane har og ein del praktiske, huslege oppgåver og vedlikehald i og rundt avdelinga i løpet av vaktane.
  • Nattevaktane deltek på, og har ansvar for, overlapping ved vaktskifte, rapportskriving og anna skriftleg dokumentasjon.
  • Nattevaktane deltar i fagmøter og rettleiing kvar 3. onsdag.
  • Skjoldvegen barnevernsenter arbeider i et traumebevisst perspektiv gjennom Omsorgs – og endringsmodellen (OEM). Dette forventar me at du ivaretek. Opplæring vert gitt.

Kvalifikasjonar

  • Krav om fullført 3-årig sosialfagleg høgskuleutdanning bachelor (sosionom, barnevernpedagog eller vernepleiar) tilsvarande 180 studiepoeng.
  • Søkjarar med anna relevant bachelorgrad og vidareutdanning kan vurderast, og då dersom ein har 60 stp. relevant vidareutdanning.
  • Søkjarar med anna relevant bachelorgrad som til dømes innan sjukepleie, pedagogikk eller psykologi, fortrinnsvis med 60 stp relevant vidareutdanning, kan og vurderast. 
  • Ved deltidsstillingar, kan kandidatar med relevant erfaring, utan 3-årig bachelorgrad, og vurderast.
  • Krav om god munnleg og skriftleg framstillingsevne.
  • Sjølvstende i skriftleg arbeid og god kunnskap i bruk av dataverktøy i dokumentasjonsarbeid.
  • God fysisk og psykisk helse.
  • Krav om førarkort for personbil kl. B.
  • Det er ønskeleg med erfaring frå miljøterapeutisk arbeid i barneverninstitusjon og/eller barne- og ungdomspsykiatri.

Personlege eigenskapar

Vi søkjer deg som er ein trygg, tydeleg og tillitvekkande vaksen med godt humør, som likar å arbeide med og for ungdom. Du rommar ungdomane og deira uttrykk på ein varm og støttande måte, og arbeidar aktivt for å skape forståing og endring, samt ivareta ungdomane sine behov og rettar best mogleg.

Du evner å

  • bygge relasjonar
  • la deg engasjere, og kan engasjere og motivere andre
  • arbeide sjølvstendig metodisk og i team
  • analysere utfordringar og vurdere forslag til løysing
  • halde deg fagleg oppdatert og tileigne deg ny fagleg kunnskap

Vidare ønskjer vi at:

  • du har god arbeidsmoral og gode samarbeidsevner, og er ein bevisst positiv bidragsytar i arbeidsmiljøet
  • du er fleksibel, trivst med utfordringar, og tåler hektiske og spanande kvardagar
  • du ønsker å være ein del av ein velorganisert kvardag, har forståing for, og vil bidra til oppfølging av gjeldande strukturar og rutinar
  • du kan nyttiggjere deg opplæring, rettleiing og konstruktiv tilbakemelding
  • du er punktleg
  • du har god fysisk og psykisk helse

Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetjing.

Skjoldvegen barnevernsenter har lik kjønnsbalanse mellom kvinner og menn. Dette kan vere avgjerande ved val av kandidatar til intervju ettersom personalsamansetninga er viktig.

Vi tilbyr

  • Stillinga er plassert i statleg lønsregulativ i stillingskode 1495 barnevernspedagog, 1494 sosionom, 1508 vernepleiar eller 1489 miljøterapeut, pt. kr 466 600 – 594 500 pr. år (ltr. 45-61).
  • Ved relevant vidareutdanning tilsvarande 60 studiepoeng, kan det tilsetjast i stillingskode 1510 spesialutdanna barnevernspedagog, 1185 spesialutdanna sosionom, 1509 spesialutdanna vernepleiar, 1534 spesialutdanna miljøterapeut, pt kr 524 700 – 624 500 pr. år (ltr. 53-64).
  • Ved godkjenning som klinikar, kan det tilsetjast i stillingskode 1173 klinisk sosionom eller 1496 klinisk barnevernspedagog, pt kr 532 200 – 624 500 pr. år (ltr. 54-64).
  • Ved tilsetjing i deltidsstilling kan følgjande stillingskodar vere aktuelle: 1486 miljøarbeidar, pt. kr 394 100 – 454 500 (ltr 30-43), 1203 fagarbeidar med fagbrev, p.t. kr 432 800 – 487 800 (ltr 39-48) eller 1488 miljøterapeut, p.t. kr 443 000 – 502 300 (ltr 41-50).
  • Lønn i høve til utdanning og arbeidserfaring.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse jf. Lov om Statens pensjonskasse, som inneber ein god tenestepensjonsordning, moglegheit for tilbod om bustadlån til konkurransedyktige vilkår, samt yrkesskade- og gruppelivsforsikring. 

Informasjon til deg som søker

  • Inkludering og mangfald er ein styrke og gjør at vi kan løyse oppgåvene våre enno betre. Vi ønskjer oss difor medarbeidare med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv. Har du funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, oppmodar vi deg som søkjer til å krysse av i jobbsøkjarportalen. Er det kvalifiserte søkjarar, kaller vi inn minst éin i hver gruppe til intervju, og får du jobben, legg vi tilrette for deg om du trenger det. Utanom å velgje ut rette kandidatar brukar vi ikkje avkrysningene til noko anna enn anonymisert statistikk.
  • Stillingane er for tida lagt til Skjoldvegen barnevernsenter, avd. Søfteland.
  • Politiattest må fremleggast ved tilsetjing, jf. lov om barneverntenester §12-11 andre ledd, eller Familievernkontorloven §2a, og forskrift om politiattest §7. Attesten skal ikkje leggast ved søknaden.
  • Du kan be om å ikke bli oppført på den offentlege søkjarlista. Dette må isåfall grunngjevast. Vi kontakter deg dersom ditt ønskje ikkje takast til følgje.

Søknad med CV sendes elektronisk via link på denne siden.

Vitnemål og attester med bekreftet stillingsstørrelse og varighet skal lastes opp elektronisk som vedlegg i Webcruiter, samt tas med ved et eventuelt intervju.

Kontaktinformasjon

Bonita Esther Hanson, Avdelingsleiar, 46616484

Arbeidssted

Haugane 15
5212 Syfteland

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Bufetat

Referansenr.: 4798554683
Stillingsprosent: 79,8%
Fast
Startdato: 20.05.2024
Søknadsfrist: 18.05.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Skjoldvegen barnevernsenter, avd. Søfteland, Bufetat orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Barne-, ungdoms- og familieetaten sine fem regionar har som hovudoppgåve å drifte og drive etaten sine institusjonar og familievernkontor. I tillegg har regionane ansvar for fosterheimsrekruttering og oppgåver knytt til adopsjon. Barn, unge og familiane deira skal få riktig hjelp til rett tid uansett kvar dei bur i Noreg. Bufetat sine fem regionar rapporterer til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet som er underlagd Barne- og familiedepartementet.

Bufetat region vest femner om fylka Vestland og Rogaland. Regionkontoret ligg i Bergen

Webside http://bufdir.no/
Bransje Sikkerhet og beredskap
Yrke Vakt-, sikrings- og kontrollarbeid
Sted SØFTELAND (Adresse: Haugane 15 Postnr: 5212)
Stillingstype Fast Deltid Antall stillinger: 2
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse 20-05-2024
Søknadsfrist 18-05-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/56ef5816-98c1-48a9-afec-fefbfca55654
IMPORTAPI